Barnehagelærar
Barnehagane, Helse Bergen
Jonas Lies vei 68, 5053 Bergen
Om jobben
Stillingstittel
Barnehagelærar
Oppstart
1. august 2023
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Antall stillinger
4
Helse Bergen eig og driv fire barnehagar med til saman 250 plassar. Tre av barnehagane ligg nær Haukeland universitetssjukehus og Vinterdalen barnehage ligg ved Sandviken sjukehus. Vårt satsingsområde er Livsmeistring og helse, der vi legg til rette for at barna utviklar sunn fysisk og psykisk helse. Vi er anerkjennande vaksne som legg stor vekt gode relasjonar og ein god barnehagekvardag.
Til våre barnehagar søker vi stabile, faglege og trygge barnehagelærarar som er motiverte for nye utfordringar.
* 1 x 100% fast stilling ved Ravnebjerget barnehage frå 01.08.2023
* 2 x 100% vikariat ved Vinterdalen barnehage frå 01.08.2023 til 31.07.2024
* 1 x 100% vikariat ved Hunstad barnehage frå 01.08.2023 til 01.11.2023 med mogleg forlenging
Merk gjerne søknaden med kva for ein barnehage du søker på. Vedkommande som blir tilsett må legge fram tilfredsstillande politiattest jfr. Lov om barnehagar §30.
Arbeidsoppgåver
- Vere ein aktiv bidragsytar i barnehagen
- Medansvar for å skape eit godt psykososialt barnehagemiljø
- Medansvar for god fagleg utvikling i barnehagen
- Medansvar for planarbeid og organisering av avdelinga
- Medansvar for eit godt foreldresamarbeid
- Medansvar for observasjonsarbeid og samarbeide med andre instansar ved behov
Kvalifikasjonar
- Godkjend barnehagelærarutdanning
- Gode norskkunnskapar både skriftleg og munnleg
- EIn må levere godkjend politiattest
Personlege eigenskapar
- Fagleg dyktig barnehagelærar med engasjement for barn og barneperspektivet
- Ein lagspelar med gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
- Ansvarsbevisst
- Påliteleg
- Fleksibel og løysingsorientert
- Omsorgsfull vaksenperson
- Du er raus og respektfull i møte med barn, foreldre og kollegaer
Vi tilbyr
- Ein spennande og engasjerande arbeidskvardag
- Fagleg og personleg utvikling
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
Mangfaldserklæring
Føretaksgruppa i Helse Vest ønsker å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søke ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønsker å legge til rette for inkluderande rekruttering.
Kontaktinformasjon
Hilde Margrethe Ersvær, Barnehagesjef, 40490226Arbeidsstad
Jonas Lies vei 685053 Bergen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse BergenReferansenr.: 4638317559
Stillingsprosent: 100%
Fast, Vikariat
Startdato: 01.08.2023
Søknadsfrist: 11.04.2023
Om bedriften
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nesten 14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
Sektor
Offentlig
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2288185
- Hentet fra
talentech
- Referanse
3b2c2150e75f4c5392e74cf0f33caf3e