Assistent i eldreomsorg
Årdal kommune Pleie og omsorg
Statsråd Evensensveg 4, 6885 Årdalstangen, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Type ansettelse
Fast, deltid 21%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest søndag 3. august
Har du ledig tid i helgene? Kan du tenka deg å arbeida med eldre?
Me har ledig helgestilling som kan passa for elevar/studentar og andre (ein bør vera fylt 18 år);
- 21% fast stilling som assistent ved Årdal sjukeheim.
Korleis vil arbeidsdagen din sjå ut som assistent?
Som assistent vil arbeidsoppgåvene i hovudsak vere heilskapleg pleie og omsorg for pasientar på institusjon og heimebuande. Eksempel på arbeidsoppgåver er: utføre grunnleggande stell, hjelpe pasientar med å ivareta si personlege hygiene, bistå under måltider, hjelpe pasientar som ikkje klarer å ete sjølv, halde pasientrom ryddige, delta i aktivitetar med pasientane, skylleromsarbeid og ansvar for lager på sjukeheimen.
Me jobba med fokus på brukarmedverknad og kva som er viktig for kvar enkelt i kvardagen for å ha ein god livskvalitet. Du vil få ansvar for journalføring og kommunikasjon med pasient og pårørande utifrå retningslinjer.
Kan arbeid som assistent passe for deg?- For assistentstillingar er det ikkje krav om utdanning, men personlege eigenskapar vil verte vektlagt.
Personlege eigenskapar me ynskjer i vår teneste:
- Fleksibel, ansvarsbevisst og sjølvstendig
- God på samarbeid
- Likar ein aktiv og til tider travel arbeidskvardag
- Omsorgsfull og positiv
- Interesse for eldreomsorg, og alltid jobbe for det beste for pasienten
- Du må kunne beherske norsk godt, både munnleg og skriftleg.
Kva kan me tilby deg?
Me kan tilby ein meiningsfull jobb med trygge og forutsigbare rammer. I Årdal kommune har me gode pensjons- og forsikringsordningar, samt bedriftshytte på Skeikampen. Du vil bli løna utifrå utdanning og praksis jamfør hovudtariffavtalen.
Det er årsturnus ved Årdal sjukeheim, då tenesta er i døgnkontinuerlig drift. Det er moglegheit for lange vakter på helg.
Ring oss gjerne for ein utforplikta prat.
Link til søknadsskjema: Søk her
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
b20fdf25-59dd-4f9f-ae16-689567f41767
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3525421_229361_nn