Helsefagarbeidar til 100% fast stilling
Helse Bergen HF
Haukelandsveien 22, 5021 Bergen, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Faste stillingar for helsefagarbeidar
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Turnus
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
3
Søk på jobben
Søk senest søndag 7. september
Helse Bergen treng fleire dyktige og engasjerte helsefagarbeidarar
Haukeland universitetssjukehus er eit av landets største og mest avanserte sjukehus. Vi jobbar for å fremme helse og livskvalitet. Når du blir tilsett i Helse Bergen, er det viktig for både oss og deg at du får ein trygg og god start. Vi tilbyr deg ein arbeidsplass med høg fagleg standard og moglegheiter for å vidareutvikle kompetansen din.
Vi har ledige stillingar ved desse avdelingane:
- Kirurgisk klinikk, Gastrokirurgisk avdeling - Post 1
- Ortopedisk klinikk, Ortopedisk avdeling
Oppgi øverst i søknaden kva stillingar du søker i prioritert rekkefølge.
Det er krav om Norsk autorisasjon ved oppstart i stillinga.
Aktuelle kandidatar kan bli kalla inn til intervju fortløpande.
Arbeidsoppgåver
Gastrokirurgisk avdeling - Post 1 er ein spennande gastrokirurgisk sengepost med 40 senger. Vi behandlar både elektive og akutte pasientar med sjukdommar i heile mage- og tarmsystemet. Vi har også palliative pasientar. Her blir du god på pre- og postoperativ oppfølging av kirurgiske pasientar. Det er svært lærerike postar med godt arbeidsmiljø og engasjerte kollegaer. Vi har fokus på fagkunnskap, innovative løysingar og forbetringsarbeid. Vi har ledig 100% fast stilling i 3-delt turnus og 3. kvar helg.
Kontakt: Anette Haatuft Haugland, Tlf. 55973426.
Ortopedisk avdeling har eit breitt fagfelt med alt frå mindre til større traumatiske skadar, ortopediske infeksjonar til landsdekkande funksjon for funksjonsforbetrande kirurgi. Med fire seksjonar kan vi tilby varierte arbeidsoppgåver og pasientgrupper. Helsefagarbeidarane hos oss deler definerte arbeidsoppgåver med sjukepleiarane. På Ortopedisk avdeling er det godt arbeidsmiljø, med mykje humor. Det er tett samarbeid mellom alle postane som bidrar til eit godt og sosialt miljø. Vi har oppgåvedeling, og helsefagarbeidar/hjelpepleiar deltar i dette etter ei intern opplæring, både teoretisk og praktisk. Av oppgåver kan nemnast å legge inn veneflon, henge opp/ta ned iv væske, sårstell, kateterisering, og kontroll av A- og B-preparat.
Vi har stort fokus på at vi skal trivast på jobb. Vi jobbar heile tida for å bli betre, og det er trygt og seie frå om det ein har på hjartet. Vi har tredelt turnus med arbeid kvar tredje helg.
Kontakt: Ingrid Merete Hjelle, Tlf. 55973710.
- Omsorg og oppfølging av pasientar
- Samarbeid med sjukepleiar/legar og anna helsepersonell for å sikre heilhetleg behandling
- Rettleiing og støtte til pasientar, pårørande og lærlingar
- Bidra til eit positivt arbeidsmiljø og fagleg utvikling i teamet
- Norsk autorisasjon som helsefagarbeidar
- Erfaring frå sjukehus er ein fordel, men ikkje eit krav
- Gode kommunikasjonsevner og evne til å arbeide i team
- Engasjement for pasientbehandling og kontinuerleg læring
- Meistre norsk skriftleg og munnleg på B2 nivå eller tilsvarande
- Vi søker etter engasjerte medarbeidarar som har evne til å arbeide systematisk og målretta
- Du må vere fleksibel og ha gode samarbeidsevner, men må også kunne jobbe sjølvstendig
- Det vil bli lagt vekt på personlege eigenskapar, empatisk og omsorgsfull, med evne til å sette pasientane i fokus
- Spennande arbeidsoppgåver med moglegheit for vidareutdanning
- Ein arbeidsplass med høg fagleg standard, eit tverrfagleg arbeidsmiljø med fokus på fagleg og personleg utvikling
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Du vil inngå i drifta ved avdelinga
- Du vil delta i eit tverrfagleg samarbeid om å gi pasientar og pårørande eit best mogleg opphald på avdelinga
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Sjå kontaktperson, oppgitt for dei enkelte stillinganeArbeidsstad
Haukelandsveien 225021 Bergen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Bergen HFReferansenr.: 5005360869
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 07.09.2025
Kontaktperson for stillingen
Sjå kontaktperson
oppgitt for dei enkelte stillingane
Om bedriften
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
b20b747d-4841-4633-98be-348f184adf64
- Hentet fra
talentech
- Referanse
d0d44f00a7d747b69a3020511ac5965a