Konsulent
Førde BUP, Helse Førde
Svanehaugvegen 2, 6812 Førde
Om jobben
Stillingstittel
Konsulent
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest mandag 19. mai
Avdeling for psykisk helsevern for barn og unge er delt i fire seksjonar, med ein sengepost og tre poliklinikkar. Førde BUP dekker ei barnebefolkning på ca. 12.200 fordelt på 8 kommunar.
Vi har spesialistar i alle profesjonar og fagstillingar, mange med lang fartstid og erfaring innan feltet. Vi held eit godt fagleg nivå, og har oppdatert kunnskap og behandlingskompetanse på dei fleste kliniske område.
Det er gode rutinar for fagleg utvikling. Det kan vere kurs, fagdagar og relevant vidareutdanning.
Arbeidsoppgåver
- Administrativ støtte for seksjonsleiar
- Arbeidsoppgåver vil t.d. vere sakshandsaming i forskjellige system som Elements, GAT, Agresso, Dips, Libra
- Praktisk oppfølging av nytilsette
- Utvikling- og kvalitetsarbeid
- Brukarstøttefunksjon for dei tilsette i høve system og teknisk utstyr
- Samarbeide tett med sekretær ved BUP
- Samarbeid med konsulentane ved dei andre seksjonane i PBU
Kvalifikasjonar
- Utdanning på bachlernivå innan økonomi/administrasjon
- 2-årig vidareutdanning for merkantilt tilsette i BUP eller vere villig til å ta denne
- Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg
- God systemforståelse
- Gode IT-kunnskapar
- Kunnskap om ulike fagsystem
Personlege eigenskapar
- Du har gode evner til å arbeide strukturert og sjølvstendig
- Du tilpassar deg lett, og er løysningsorientert og fleksibel
- Du kommuniserar og samarbeider godt med pasientar, pårørande og kollegaer
- Du har gode samarbeidsevner, er arbeidsvillig og initiativrik
- Det blir lagt vesentleg vekt på personlege eigenskapar
Vi tilbyr
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Gode pensjons-og forsikringsordningar
- Eit engasjert og godt arbeidsmiljø med kompetente og stolte medarbeidarar
- Varierte arbeidsoppgåver
- Høve til personleg og fagleg utvikling
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Frank Roger Kalstad, Avdelingssjef, (+47) 578 39 775Hildegunn Knapstad Fauske, Seksjonsleiar, (+47) 578 39 207
Arbeidssted
Svanehaugvegen 26812 Førde
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Helse FørdeReferansenr.: 4964265995
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 19.05.2025
Kontaktpersoner for stillingen
Hildegunn Knapstad Fauske
Seksjonsleiar
(+47) 578 39 207
Frank Roger Kalstad
Avdelingssjef
(+47) 578 39 775
Om bedriften
Helse Førde HF har ansvar for spesialisthelsetenestene i Sogn og Fjordane. Føretaket arbeider for å gje pasientar og brukarar eit godt og heilskapeleg tilbod innanfor gjeldande rammer. Helse Førde sine institusjonar og prehospitale tenester er organisert i eit heilskapleg nettverk, og samarbeidet med andre instansar som m.a. kommunane er høgt prioritert. Føretaket har om lag 3 200 tilsette og eit budsjett på over 3,6 milliardar kroner og er den største verksemda i Sogn og Fjordane. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset.
Helseføretaket er eigd av det statlege Helse Vest RHF. Føretaksgruppa i Helse Vest skal spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, fleirkulturell bakgrunn eller om du har hatt opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2931419
- Hentet fra
talentech
- Referanse
331c97b55847413c86da6177fb67251b