Barnehagelærar
Osterøy kommune
Votlavegen 31, 5286 Haus, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Barnehagelærar
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
2
Søk på jobben
Søk senest søndag 30. mars
Om stillinga
Haus barnehage ligg i naturskjønne omgjevnader ved Mjeldavatnet i Haus på Osterøy berre 15.min køyretur frå Arna. Langs vatnet ligg barnehagen idyllisk til, og vi har ein unik moglegheit til å følge både årstider og naturens rike liv. Saman med barna opplever vi verda på nytt og det å få utforska fjæra, følge ørna som er næraste nabo, eller kjenne på korleis straumen i vatnet tar oss med på sin ferd gjennom Coasteringen, gjer nettopp vår barnehage til ein heilt unik plass å vera.
Vi har ein fin og variert leikeplass med bålhus, i tillegg til eit skogområde vi disponerer med lavvo på Åsheim. Hit går dei eldste barna regelmessig på tur. Vi ønskjer å bruke dette området i endå større grad i tida som kjem, og det er ein fordel om du er ein pedagog som set spesielt pris på friluftsliv saman med barn.
I Haus barnehage set vi det relasjonelle arbeidet høgt og praktiserer ein autoritativ vaksenrolle kor det å vere ein varm og tydeleg vaksen vert vektlagt. Vi jobbar kontinuerleg med å utvikle oss og utviklingsfokuset den siste tida har vore knytt til leik- og læringsmiljø, bevegelse, leik og utforsking samt livsmeistring og meistringstru.
Barnehagen består av to småbarnsavdelingar og to storbarnsavdelingar med til saman 62 barn og 19 tilsette.
Vi har ledig ein 100% fast barnehagelærarstilling med tiltredelse 4. august, eller etter nærare avtale med leiar, og eit barnehagelærarvikariat frå 23.06.25 - 03.08.26. Spesifiser i søknaden kva stilling du søkjer på.Arbeidsoppgåver
- Samarbeide tett med andre pedagogar og delta aktivt i utvikling av vårt pedagogiske tilbod.
- Ansvar for å planlegge, leggja til rette, organisere, gjennomføre og evaluere det pedagogiske tilbodet til barna i tråd med Rammeplanen.
- Støtte og vere til stades for barn i leik og alvor
- Arbeide systematisk for å sikre eit godt og nært foreldresamarbeid.
- Bidra til godt arbeidsmiljø og bidra i kollektiv kompetanseutvikling i barnehagen.
- Vere ein god rollemodell og kunne rettleie kollegaer i det pedagogiske arbeidet.
- Skriftleg arbeid, til dømes planarbeid og Individuell utviklingsplan for enkeltbarn.
- Delta i daglege gjeremål på avdelingane og ha medansvar for samarbeid mellom avdelingane og personalet.
Hos oss får du
- Moglegheit for fagleg utvikling og tett samarbeid mellom kollegaer
- Godt arbeidsmiljø og du blir ein del av ein lærande organisasjon
- Dedikerte, engasjerte og positive kollegaer
- Ein arbeidsplass med naturen rett utenfor døra
- Ein arbeidsstad som er inkluderande arbeidsliv (IA) bedrift
Kvalifikasjonskrav
- Vi søkjer deg som har bachelorutdanning som barnehagelærar.
- Har du i tillegg grunnleggande gode datakunnskapar, interessere for språkarbeid, pedagogisk dokumentasjon og utviklingsarbeid, er det gjerne nettopp deg vi ønskjer å kome i kontakt med.
- Vi ser og at det er naudsynt at du har gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg
Kven er du?
- Du er fagleg sterk og evner å setje om planar til praksis.
- Du let barna medverke i val av pedagogisk innhald, og er god i leik og samspel med barna.
- Du evner å ha overblikk over barnegruppa og skape inkluderande fellesskap.
- Du er engasjert og god på å samarbeide og kommunisere med foreldre og kollegaer.
- Du bidrar til større fagleg utvikling i heile personalgruppa.
- Du er positiv, fleksibel og utprega løysningsorientert.
- Du er lojal og bevisst din profesjonelle rolle.
- Du ser verdien i å nytta naturen i det pedagogiske arbeidet og er glad i friluftsliv uansett vêr.
Offentleg tenestepensjon
I denne stillinga har du rett på ei av Noregs sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon. Der dei fleste tenestepensjonar berre utbetalast i 10 år, er offentleg tenestepensjon ei utbetaling som varar frå den dagen du sluttar å arbeide - og livet ut!
Pensjonen inkludera og uføre- og etterlattepensjon dersom noko uventa skulle skje. Med pensjonsrett i KLP får du og medlemspris og gunstige betingelsar på ei rekke bank, forsikring og spareproduktar!
Sjå vår Pensjonsguide for meir informasjon om kva for godar du som tilsett i Osterøy kommune får med deg!
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Osterøy kommune – Nær byen, nær naturen. Osterøy, ei av Nord-Europas største innlandsøyer, eit levande lokalsamfunn med allsidig næringsliv, godt utbygd servicetilbod og vakkert landskap. Folketalet er på om lag 8 000 innbyggjarar og det er både bru- og ferjesamband til nabokommunen Bergen. Frå Lonevåg sentrum, kommunesenteret vårt, tar køyreturen til Bergen om lag 45 minutt, til Åsane tar det om lag 30 minutt og til Arna kjem du på om lag 20 minutt. I tillegg til Lonevåg har ein og Valestrand, Haus, Fotlandsvåg og Bruvik som større bygder/tettstadar.
Osterøy har ein allsidig og livskraftig småindustri innan mekanisk, møbel, tekstil og næringsmiddelindustri. Fiskeoppdrett/-foredling er og ei viktig næring. Landbruk sysselset om lag 300 personar og tømraryrket står framleis høgt i kurs her på Osterøy.
I Osterøy skal det vere godt å bu både for unge og eldre. Kommunen har eit rikt kulturliv, ulike idrettsaktivitetar, godt utbygd skule- og barnehagetilbod og gode helse- og sosiale tenester.
Bli med på laget i Osterøy kommune! Me ønskjer oss stadig fleire kompetente og engasjerte medarbeidarar. Me ser fram til å ta godt i mot deg og gje deg ein meiningsfull arbeidskvardag.
Sektor
Offentlig
Nettsted