Bli med å utvikla framtidas eldreomsorg!
Vindafjord kommune Institusjonsdrift
Rådhusplassen 1, 5580 Ølen
Om jobben
Stillingstittel
Avdelingsleiar
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
2
Søk på jobben
Søk senest i morgen
Me søker to engasjerte og utviklingsorienterte avdelingsleiarar, henholdsvis ein til somatisk langtid ved Ølen omsorgssenter og ein i Demensomsorga ved Vindafjordtunet.
Du vil få ei sentral rolle i å leie og vidareutvikle tenestene våre, bidra til eit trygt og godt bumiljø for bebuarane, samt skapa ein meiningsfull og utviklande arbeidskvardag for dei tilsette.
Er du klar for å vere med på eit innovativt og framtidsretta arbeid innan eldreomsorga? Då vil me gjerne høyre frå deg!
Kva får du jobba med hos oss?- Leiaransvar for fag, kvalitet og personal (i samarbeid med einingsleiar)
- Sikre drift og kvalitet i tråd med lovverk og kommunale mål
- Bygge og utvikle eit godt arbeidsmiljø
- Sikre pasientsikkerheit og trivsel for bebuarane
- Etablere gode samhandlingsrutinar internt og eksternt
- Bidra aktivt i utviklings- og omstillingsarbeid
- Legge til rette for læring og rettleiing for tilsette, studentar og lærlingar
- Internkontroll og kontinuerleg forbetringsarbeid
Hos oss blir du ein del av eit inkluderande og støttande arbeidsmiljø der me:
- Verdset samarbeid og open dialog – me spelar kvarandre gode og deler kunnskap på tvers av fag og avdelingar.
- Har høg trivsel og låg terskel for å spørje om hjelp – her er det rom for både fagleg utvikling og ein god latter i kvardagen.
- Jobbar målretta med kompetanseheving – me legg til rette for kurs, rettleiing og fagleg påfyll.
- Har fokus på arbeidsmiljø og medarbeidarskap – me ønskjer at du skal trivast, utvikla deg og kjenne eigarskap til jobben din.
- Feirar små og store milepælar – me ser verdien av å anerkjenne innsats og skape gode opplevingar saman
- Ein jobb med meining og faglege utfordringar som vil gi deg meistring.
- Arbeid med engasjerte kollegaer som ønsker at du skal trivast og lykkast.
- Moglegheiter for etter- og vidareutdanning i samsvar med vår kompetanseplan.
- Moglegheiter for å søka om stipend for relevant kompetanseutvikling.
- Støtte og opplæring for å hjelpa deg å komma godt i gong i den nye rolla di.
- Kjekke tilsettgoder som blant anna gratis parkering, rabatt på treningssenter og tilbod om gunstig mobilabonnement.
- Moglegheit for å bli med i bedriftskunstlaget og kommunalt kor (KORe’ Vindafjord)
- Ein av Norges sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon.
- Forsikringsordningar som gruppelivsforsikring, yrkesskadeforsikring og tenestereiseforsikring.
- Lønn etter gjeldande tariff og avtaleverk
- Norsk autorisasjon som sjukepleiar eller vernepleiar
- Leiarutdanning og/eller erfaring ønskes
- Ønskeleg med erfaring frå sjukeheim og demensomsorg om du søker deg der
- God digital kompetanse
- Du må beherska godt norsk, skrifteleg og munnleg. Kommunen nyttar nynorsk som skriftspråk.
- Du brenn for eldreomsorga
- Har interesse for faget og held deg oppdatert
- Bidrar til godt arbeidsmiljø gjennom din kjennskap til tilsette og tenestebehov
- Du søker etter forbetringar for både bebuarar og tilsette
- Evne til å arbeide sjølvstendig, systematisk og målretta
- Du arbeidar godt i team og er ein som er med på å spela teamet og avdelinga god
- Du trives med hektiske arbeidsdagar og er fleksibel i arbeidsoppgåvene
- Du innvolverar, delegerar, engasjerar og deler kunnskap gjennom di leiing
- Du er løysingsorientert
- Du ønsker å utvikle deg sjølv og din avdeling, relarert til fag og arbeidsmiljø
- Du leiar prosessar i din avdeling, i tillegg til å vera med i prosessar på tvers av avdelingane
Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.
Andre opplysningar:- Det er eit krav om godkjent politiattest for den som tilsettes i stillinga.
- Det er eit krav om at ein fyller ut egenerklæringsskjema for MRSA og tuberkulinstatus, før tiltredelse.
Vindafjord kommune tek berre i mot elektroniske søknadar via søknadssenteret vårt. Du kan lasta opp vitnemål og attestar som vedlegg. Om du ikkje har dei elektronisk, eller i rett format, må dei takast med til intervju. Ta kontakt med servicetorget på telefon 53 65 65 65 dersom du treng hjelp til å søka.
Du kan koma med på offentleg søkarliste sjølv om du har bedt om unntak. Me tek kontakt før ei eventuell offentleggjering.
Link til søknadsskjema: Søk her
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
b1d954bb-1426-4d55-b472-f5a783ec02e3
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3531559_229835_nn