Klinisk ernæringsfysiolog
Medisinsk klinikk/ Seksjon for klinisk ernæring, Helse Bergen HF
Haukelandsveien 22, 5021 Bergen, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Klinisk ernæringsfysiolog
Oppstart
1. september 2025
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
3
Søk på jobben
Søk senest fredag 1. august
Vikariat som klinisk ernæringsfysiolog – bli ein del av eit leiande fagmiljø innan ernæring.
Seksjon for klinisk ernæring (SKE) ved Haukeland universitetssjukehus søker tre engasjerte og fagleg sterke kliniske ernæringsfysiologar til ledige vikariat. Dette er ei unik moglegheit til å bli del av eit av landets største ernæringsmiljø i stadig utvikling, med varierte arbeidsoppgåver og høg fagleg kvalitet.
SKE er ei eining i Medisinsk klinikk og har 17 stillingsheimlar for kliniske ernæringsfysiologar. Seksjonen er ei intern teneste som mottek tilvisingar frå heile sjukehuset, og tilbyr både inneliggande og poliklinisk ernæringsbehandling av vaksne og barn. Vårt samfunnsoppdrag er å vareta behandling, opplæring og utdanning, samt forsking og utvikling innan ernæring. SKE har også ansvar for Mage-tarmskulen, eit nasjonalt digitalt behandlingstilbod for pasientar med irritabel tarmsyndrom.
Vikariata er stillingar i 100% av ulik varigheit (6, 10 og 12 mnd), med oppstart frå august/september 2025.
Arbeidsoppgåver
Arbeidsoppgåvene vil fordelast etter kompetanse og behov, og kan inkludere:
- Ernæringsutgreiing og -behandling av tilviste pasientar
- Undervisning og rettleiing av pasientar og pårørande
- Utdanning av studentar og anna helsepersonell
- Rettleiing og behandling av pasientar i Mage-tarmskulen
- Tverrfagleg samarbeid med andre yrkesgrupper
- Bidrag til utvikling og kontinuerleg forbetring av ernæringsarbeidet
Kvalifikasjonar
- Autorisasjon som klinisk ernæringsfysiolog, HPR-nummer må leggast ved søknaden
- Erfaring frå sjukehus eller spesialisthelsetenesta er ein fordel
- Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg er ein føresetnad
- Kjennskap til DIPS og MEONA er ein fordel
Personlege eigenskapar
Vi ser etter deg som
- Er sjølvstendig, strukturert og fagleg engasjert
- Har god forståing for prioritering og tidsbruk, og evnar å fordele innsatsen slik at ulike arbeidsoppgåver blir løyst innanfor rimelege tidsrammer
- Har gode samarbeidsevner og trivst i pasientkontakt
- Er løysingsorientert og utviklingsvillig
- Ønskjer å bidra til utvikling av ernæringstenester i spesialisthelsetenesta
- Ønskjer å bidra til eit godt arbeidsmiljø
Vi tilbyr
- Eit sterkt og inkluderande fag- og arbeidsmiljø
- Varierte og utviklande arbeidsoppgåver
- Løn etter gjeldande overeinskomst
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Aktivt bedriftsidrettslag og godt sosialt miljø
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Linn Anja Slåke Vikøren, Seksjonsleiar, 98298303Arbeidsstad
Haukelandsveien 225021 Bergen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Bergen HFReferansenr.: 4992061570
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Startdato: 01.09.2025
Sluttdato: 31.08.2026
Søknadsfrist: 01.08.2025
Kontaktperson for stillingen
Linn Anja Slåke Vikøren
Seksjonsleiar
98298303
Om bedriften
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
b1c72797-503c-4cc5-810a-1bb48dbf4d2e
- Hentet fra
talentech
- Referanse
cb28326c3cc744a9837ec0afe6f2dec8