Hopp til innhold

Ruskonsulent

Arbeidsgiver

Sveio kommune

Sted

Sveiogata 70, 5550 Sveio

Stillingsannonsen er inaktiv.

Om jobben

Stillingstittel
Ruskonsulent
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Antall stillinger
1
Arbeidsspråk
Norsk

Om stillinga

Vil du vere med og skapa gode liv for menneske som står i krevjande livssituasjonar? I avdeling for Psykisk helse og rus i Sveio kommune får du høve til å jobbe tett på brukarar, saman med eit lite, men tverrfagleg sterkt miljø som brenn for faget. Vi er totalt 5,7 årsverk, inkludert avdelingsleiar, noko som gjev korte veger, tett samarbeid og ei arbeidsform der alle blir sett og høyrt.

Som ruskonsulent hos oss blir du ein viktig del av eit tverrfagleg team som jobbar med førebygging, behandling og oppfølging. Vi har fast grupperettleiing med kommunepsykolog, noko som gir både fagleg tryggleik og gode rom for refleksjon og utvikling.

I avdelinga legg vi stor vekt på relasjonsbygging, tidleg innsats og heilskapleg støtte – og du vil få moglegheit til å påverka både fagretning og arbeidsform i ei avdeling som verdset initiativ, samarbeid og fagleg nysgjerrigheit.

Er du engasjert, løysingsorientert og opptatt av kvalitet i tenestene? Då håpar vi nettopp du vil bli ein del av laget vårt.


Arbeidsoppgåver

  • Kartlegging og individuell samtaleoppfølging av brukarar med rusproblematikk og/eller psykiske lidingar
  • Heilskapeleg oppfølging (rettleiing, praktisk bistand og motivasjonsarbeid)
  • Vere ein del av det bustadsosiale arbeidet i kommunen og oppfølging av brukarar i heimen deira
  • Sakshandsaming og dokumentasjon i fagprogram
  • Ansvar for koordinering av ansvarsgrupper og individuell plan 
  • Vurdering/gjennomføring av tvangstiltak overfor rusavhengige etter Lov om helse- og omsorgstjenester, kap. 10
  • Tverrfaglig samarbeid med aktuelle instanser som fastlege, spesialisthelsetjeneste, NAV m.fl.
  • Kontakt med pårørende (oppfølging/veiledning)
  • Medlem av rådgivende enhet for russaker og kontaktperson for BrukerPlan

I stillinga vil du bli fast medlem av kommunen sitt psykososiale kriseteam
 


Kvalifikasjonar

  • 3-årig høgskuleutdanning innan helse- og/eller sosialfag 
  • Det er ønskeleg med vidareutdanning innan rus og/eller psykisk helse, men ikkje eit krav
  • God munnleg og skriftlege framstillingsevne
  • Førarkort klasse B
  • Godkjent politiattest

Det er ein fordel om du har: 

  • Erfaring frå arbeid med mennesker med samtidige rus og psykiske lidingar (ROP) og/eller psykiske lidingar 
  • Erfaring frå arbeid med mennesker i kaotiske og krevjande livssituasjonar 
  • Erfaring frå arbeid med menneske i krise
  • Erfaring med målretta og individuelle samtalar
  • God forvaltningsforståing og erfaring med sakshandsaming

Personlege eigenskapar

  • Høg arbeidskapasitet og gode evner til å finne løysingar i samarbeid med kollegaer
  • Vere fleksibel og romsleg, men likevel ha evna til å setja grenser
  • Robust og fagleg trygg 
  • God stresstoleranse og meistre å stå i krevjande situasjonar 
  • Gode relasjonelle ferdigheiter
  • Evnar å arbeida sjølvstendig, men også i team
  • Bidrar positivt inn i arbeidsmiljøet vårt 
  • Påliteleg og ansvarsbevisst
  • Personlege eigenskapar vil vera av stor betydning for denne stillinga

Vi tilbyr

  • Godt kollegafellesskap med trygge og engasjerte fagpersonar
  • Ein travel kvardag med spennande faglege utfordringar
  • Fast rettleiing 
  • Godt arbeidsmiljø
  • Løn etter avtale, og gode pensjons- og forsikringsordningar 

Om bedriften

Vakre Sveio ligg midt i storregionen mellom Boknafjorden og Bjørnafjorden.

Dei vel 5.750 sveibuane har kort veg til alle servicefunksjonar og tilgjenge til ein stor og variert arbeidsmarknad på Haugalandet og i Sunnhordland.

Sveio kommune er kombinasjonen av landleg idyll og urbane kvalitetar.

Sektor

Offentlig

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

b1bbd8c0-505b-4e31-92fd-6b9d731e0770

Sist endret

13. april 2026

Hentet fra

jobbnorge

Referanse

10288758

Lignende annonser

Laster lignende annonser