Hopp til innhold

Ledig vikariat: Allsidig teknikar

Arbeidsgiver

Teater Vestland As

Sted

Storehagen 10, 6800 Førde

Stillingsannonsen er inaktiv.

Om jobben

Vi søker etter ein allsidig teknikar med fagfelt lys i eit 100% vikariat i perioden 5. januar til 19. juni 2026.

Teater Vestland sin dyktige allsidige teknikar med fagfelt lys skal ut i permisjon, og vi søker med dette ein som kan holde i stillinga til han er tilbake.

Stillingstittel
Tekniker
Oppstart
5. januar 2026
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid og kveld, ukedager og lørdag
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Hva vi ser etter

Vi ser etter ein person som gjerne har både lysteknikar- og designkompetanse, men også kan ta i lyd, AV og anna teknikk.

Ønskt kompetanse
• Erfaring frå ETC/EOS og Capture
• Teknikarutdanning, lysdesignutdanning og/eller erfaring frå profesjonelt teater
• Ønskjeleg med førarkort

Du må vere tale- og skrivefør og lydhøyr. Vi søkjer ein skarpskodd, initiativrik og ihuga fagperson som likar å finne løysingar.

Teater Vestland legg vekt på mangfald. Vi oppmodar difor alle som er kvalifiserte til å søkje stillinga utan omsyn til kjønn, alder eller kulturell bakgrunn. Ta gjerne kontakt for ein uforpliktande prat.

Arbeidsoppgaver

Arbeidsoppgåver
• Ansvar for teateret si lysavdeling.
• Programmering av lys til framsyningar.
• Rigging av utstyr og køyring av lys under prøver og framsyningar både på huset og på turné. Stillinga har turneplikt.
• Utføre vedlikehald av lysutstyr.
• Ha oversikt over kva som bør inn i drifts- og produksjonsbudsjettet, i samarbeid med teknisk sjef.

Vi tilbyr

Vi tilbyr
• Ein variert, kreativ og utfordrande jobb.
• Eit hektisk, inspirerande og levande arbeidsmiljø med dyktige kunstnarlege lag.
• Løn etter gjeldande tariffar i teatersektoren.
• Gode ferie- og avspaseringsordningar.


Om bedriften

Teater Vestland er eit nynorskteater i stadig utvikling, der vi saman skapar sterke forteljingar, store opplevingar og pulserande teaterliv i Vestland fylke. Vi er ein møteplass, ein formidlar av forteljingar og ein viktig aktør for scenekunst på nynorsk. Teateret spelar om lag 200 framsyningar årleg for omlag 20.000 publikummarar og reiser på turné til om lag 40 scener i Vestland fylke. Vårt mål er å bringe teater av høg kunstnarleg kvalitet til folk der dei bur -- anten det er i store byar eller små bygder.

Teater Vestland er eit av Noregs eldste og mest tradisjonsrike teater, og eitt av tre nynorskteater i landet. Teateret har base i Nynorskhuset i Førde, i Sunnfjord kommune, med to teaterscener og eigne produserande verkstader. Det er 23 fast tilsette ved teateret, som er regionteater for Vestland fylke. Teater Vestland er eigd av Vestland fylkeskommune og Sunnfjord kommune og har ei sentral rolle i å utvikle og formidle nynorsk scenekunst til eit breitt publikum.

Sektor

Offentlig

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

b1b42686-58b7-4370-913a-83f77871c4d1

Sist endret

20. desember 2025

Hentet fra

Stillingsregistrering

Referanse

b1b42686-58b7-4370-913a-83f77871c4d1

Lignende annonser

Laster lignende annonser