Miljøterapeut
Familie og Helse, Bremanger kommune
Granden 4, 6723 Svelgen
Om jobben
- Stillingstittel
- Miljøterapeut
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Arbeidstid
- Turnus
- Antall stillinger
- 1
Søk på jobben
Søk senest søndag 26. juli
Har du lyst på ein jobb der du verkeleg kan bety noko for menneske som treng støtte, tryggleik og gode rammer i kvardagen? Vi har no ledig ei fast stilling som miljøterapeut. Stillinga går i døgnvakter/medleverturnus, noko som gir både kontinuitet for brukarane og gode, samanhengande arbeidsøkter for deg.
Tilrettelagt døgntilbod i psykisk helse er eit lite og tett fagmiljø der vi jobbar målretta for å skape stabilitet, meistring og utvikling for brukarane våre. Her blir du ein viktig del av kvardagen til menneske som treng deg – og du får eit arbeidsmiljø som er varmt, inkluderande og prega av samarbeid.
Kvalifikasjonar (overskrift)
Vi ser etter deg som:
- er utdanna sjukepleiar, vernepleiar, sosionom eller har anna relevant høgskuleutdanning
- har erfaring frå psykisk helse og miljøterapeutisk arbeid
- beherskar norsk godt, både skriftleg og munnleg
- gjerne har vidareutdanning innan psykisk helse (ein fordel, ikkje eit krav)
- førarkort kl. B
I denne jobben er det viktig at du er trygg, fleksibel og god på å møte menneske der dei er. Du må trivast med å jobbe tett på brukarane, vere til stades over tid og bidra til ro, struktur og gode relasjonar. Du er ein person som held hovudet kaldt når situasjonane endrar seg, og som klarer å kombinere fagleg vurderingsevne med varme og respekt.
Vi ønskjer oss ein kollega som samarbeider godt, men som også står støtt i sjølvstendige vurderingar. Og vi oppmodar spesielt menn til å søkje – vi treng eit mangfald av folk og erfaringar i tenesta.
Bremanger kommune har fleire gode ordningar for deg som ønskjer å busette deg her:
- Hjelp til å finne bustad og barnehageplass
- Gratis barnehage
- Gratis 12 timar SFO i veka for elevar i 1.–3. klasse
- Fritidskortet som sikrar minst eit gratis fritidsstilbod i året for barn og unge mellom 6 og 18 år.
- Rekrutteringstilskot til nytilsette; årleg tilskot på kr. 30 000,- i inntil fem år (totalt kr. 150 000 kroner)
- Bustadtilskot på 200 000 kroner til førstegangsetablerarar under 50 år.
Les meir om ordningane på https://bremanger.kommune.no/rekrutteringstiltak/
- Eit godt arbeidsmiljø med humor, samhald og høg fagleg kvalitet
- Gode forsikringsordningar i arbeid og fritid
- Gode pensjons- og låneordningar gjennom KLP, Kommunal Landspensjon.
- Moglegheit for vidareutdanning og fagleg utvikling, med mogleg kompensasjon
- Arbeidsgjevar dekker arbeidsklede etter lokal avtale
- Senioravtale for tilsette over 62 år
Du er velkomen som søkjar til eit godt fagleg og spanande arbeidsmiljø ilag med gode kollegear!
Kontaktinformasjon
Anita Brevik, Driftssjef Familie og helse, +47 95982939Arbeidsstad
Granden 46723 Svelgen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Bremanger kommuneReferansenr.: 5152499091
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 26.07.2026
Kontaktperson for stillingen
Anita Brevik
Driftssjef Familie og helse
+47 95982939
Om bedriften
Har du lyst til å bu tett på havet og naturen, i eit samfunn der det er godt å leve?
Bremanger kommune ligg ved kysten av Vestland fylke og har rundt 3.500 innbyggjarar. Her får alle barn gratis barnehageplass, og kommunen legg stor vekt på trygge og gode oppvekstvilkår. Kulturlivet og idrettsmiljøet er ope for både barn og vaksne, og naturen inviterer til eit aktivt friluftsliv, enten du er glad i fjellturar, sjøliv eller rolege stunder ute.
Grøn energi, industri, fiskeri og spektakulær natur er varemerket vårt. Vi er heimen til Grotlesanden, kystklippa Hornelen, Ålfotbreen og den legendariske Vetvika ut mot storhavet.
Vi håpar du vil bli betre kjent med oss – les meir på www.bremanger.kommune.no og www.godebremanger.no!
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
b197bd4b-eefe-49a1-849b-fb2f9f70ef5b
- Sist endret
6. juli 2026
- Hentet fra
talentech
- Referanse
b7580d9925d94c028318b8d7bf23f385