Medarbeidar - Støttande team
Hareid kommune, Helse og koordinerande eining
Rådhusplassen 5, 6060 Hareid
Om jobben
- Stillingstittel
- Medarbeidar Støttende team
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Arbeidstid
- Dagtid
- Antall stillinger
- 2
Søk på jobben
Søk senest fredag 26. juni
Hareid kommune er i gang med å legge om og vidareutvikle det støttande teamet sitt – eit tverrfagleg og ambulerande lågterskeltilbod for barn, unge og familiar.
No ser vi etter deg som er ein engasjert fagperson – og gjerne deg som også kan ta rolla som koordinator – og som vil vere med på å forme og utvikle tenesta vidare.
Støttande team skal gi tidleg hjelp til barn og unge med milde og moderate plager, og vere kommunen sitt omreisande team for barnehage- og skulemiljø. Teamet arbeider på tvers av sektorar og er organisatorisk plassert i helse- og koordinerande eining, med ein eigen koordinator knytt til sektor for læring og kultur.
Vi ser etter deg som, saman med dei andre i teamet, kan bidra med kompetanse innan sosialpedagogikk, psykisk helse, barnehage- og skulemiljø, vurdering av barns beste, rettleiing til heimar, samtalar med ungdom, system- og endringsarbeid, familierettleiing og kognitiv rettleiing.
Som koordinator er du kontaktpunktet for teamet, og du får ansvar for organisering og fordeling av saker. I søknaden din er det fint om du fortel om du også ønsker å ha rolla som koordinator i det støttande teamet.
Ønsker du meir informasjon, kan du be om å få tilsendt mandatet for det støttande teamet.
Arbeidsoppgåver
- støtte og rettleie barnehagar og skular i læringsmiljøsaker
- gi fagleg og praktisk rettleiing i førebygging, kartlegging og oppfølging av miljøsaker, inkludert aktivitetsplikta
- kartlegge utfordringar hjå barn og familiar og vurdere vidare oppfølging av tiltak
- samtale med, behandle og gi oppfølging til barn og unge med milde til moderate psykiske plager og byrjande rusmiddelproblem
- rettleie og støtte foreldre og familiar individuelt og i grupper, og bidra i foreldrestøttande kurs
- delta i tverrfaglege team og vere ein aktiv deltakar av laget rundt barnet og familiar
- vere los, vidare til andre kommunale tenester eller spesialisthelsetenesta, ved behov
Kvalifikasjonar
- kompetanse på barnehage og skulemiljø
- kompetanse på familierettleiing
- kompetanse på samtalar og behandling av barn og unge med milde til moderate psykiske plager
Det er ønskjeleg med utdanning på bachelornivå og med fordjuping/vidareutdanning innan eitt eller fleire fagområda ovanfor.
Teamet bør bestå av 2-3 personar, gjerne i kombinasjonsstillingar. I kombinasjonsstillingar blir det føresett at ein må utvise evne og vilje til stor fleksibilitet mellom stillingane.
Det er krav om politiattest av ny dato før du kan starte i arbeid.
Personlege eigenskapar
Du er
- trygg i rolla og i møte med barn, elevar, heimar, tilsette og leiarar
- ein pådrivar og har eit tydeleg blikk for barns beste
- god på tverrfagleg samarbeid
- tydeleg og har gode kommunikasjonsferdigheiter
- arbeider strukturert og sjølvstendig og er ein god lagspelar
Vi legg stor vekt på personlege eigenskapar til stillingane.
Vi tilbyr
- varierte og meiningsfulle oppgåver
- vere med på å bygge opp og utvikle ei viktig kommunal teneste
- gode forsikrings- og pensjonsvilkår
- løn etter gjeldande avtalar
Tilsettinga skjer på vanlege kommunale vilkår.
Alle må søkje digitalt. Du må laste opp relevante vitnemål og attestar til søknaden din. Vi gjer merksam på at søknaden blir vurdert ut frå den informasjon som ligg føre. Det er viktig at du viser korleis din kompetanse fyller kriteria for stillinga.
Intern søkjar
Dersom du ønskjer å bli vurdert ut frå kriterium for intern fortrinnsrett til stillinga, hakar du av på omsyn – intern søkjar. Dette gjeld berre for tilsette i Hareid kommune som er ufrivillig deltidstilsette jf. AML §14.3, eller andre forhold knytt til lover og avtaleverk som kan gi deg grunnlag for fortrinnsrett.
Kontaktinformasjon
Helge Hamre, Kommunalsjef, 95069388, helge.hamre@hareid.kommune.noPerdis Holstad, Einingsleiar, +47 95891281
Arbeidsstad
Rådhusplassen 56060 Hareid
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Hareid kommuneReferansenr.: 5117294666
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 26.06.2026
Kontaktpersoner for stillingen
Perdis Holstad
Einingsleiar
+47 95891281
Om bedriften
GODE TENESTER - GLADE TILSETTE
Hareid kommune har omlag 5300 innbyggarar, og 500 tilsette.
Våre tilsette er kommunens viktigaste ressurs. Kvaliteten på tenesteytinga er avhengig av kompetanse, og i kva grad vi har vilje og motivasjon. Innbyggjarane i Hareid er utgangspunktet for service- og tenesteytinga vår.
Inkludering og mangfald er ein styrke. Vi oppmodar kvalifiserte kandidatar til å søkje uansett alder, kjønn, funksjonsevne eller kulturell bakgrunn.
Alle søkjarar blir førte opp på offentleg søkjarliste. Du kan søkje om anonymitet. Det må liggje føre særskilde omstende for å få innvilga unntak, jamfør Offentleglova § 25.
Gyldig politiattest av ny dato legg du fram til stillingar der dette er eit krav.
Attestar, vitnemål og vedlegg må ligge ved søknaden din. Du lastar opp dokumenta til søknaden din i Webcruiter.
Vi oppmodar deg til å nytte Vitnemålsportalen. Utdanning gjennomført utanfor Noreg må vere godkjent av HK-dir (tidlegare NOKUT), og du må dokumentere godkjenninga.
Jobbe hjå oss - Hareid kommune
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
b16aa46e-707c-48ac-81df-3d9fced9fe29
- Sist endret
12. juni 2026
- Hentet fra
talentech
- Referanse
b87d41edb8b44083843b0bb7ad1656bf