Helsefagarbeidar
Sunnylven distrikt, Stranda kommune
Hellesyltvegen 17, 6218 Hellesylt, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Helsefagarbeidar - Sunnylven distrikt
Type ansettelse
Fast, deltid 50.%
Arbeidstid
Turnus
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
2
Søk på jobben
Søk senest fredag 18. juli
Sunnylven distrikt består av 23 omsorgsbustadar og i tillegg blir det gitt heimesjukepleie, praktisk bistand og matombering til eit varierande antal heimebuande.
- Helsefagarbeidar, vikariat i 62 % stilling for tidsrommet 27.08.25 - 26.08.26Helsefagarbeidar, 50% fast stilling frå 18.08.25
Det må gå klart fram av søknaden kva stilling/stillingar søknaden gjeld.
Arbeidstid etter den til ei kvar tid gjeldande turnus.
- Vi vil gjere ein forskjell i brukarane sin kvardag.
- Vi vektlegg fagleg tryggleik og kvalitet
- Eit inkluderande og godt arbeidsmiljø med erfarne og engasjerte tilsette
- God variasjon i oppgåver og utfordringar
- Fokus på trivsel og arbeidsglede
- Moglegheit for utvikling og fagleg påverknad
- Fokus på kompetanseheving og oppgåvedeling
- Muligheit for vidareutdanning med støtte
- God fastløn
- Ved rekrutteringsutfordringar vil det blir vurdert om arb.gjevar skal dekke utgifter til husleige med inntil kr.10 000/mnd for ein tidsavgrensa periode
- Bruk av tilleggsansiennitet kan også bli vurdert som eit rekrutteringstiltak
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
Arbeidsoppgåver
- Heimeteneste til heimebuande og bebuarar i omsorgsbustad
- Heimeteneste for yngre med funksjonsvariasjonar
- Heilheitleg pleie, omsorg og helsehjelp
- Medikamenthandtering
- Dokumentasjon
- Tverrfaglig samarbeid og samarbeid med pårørande
- Bidra til fagleg utvikling og ta ansvar for kompentanseheving
Kvalifikasjonar
- Erfaring frå pleie- og omsorgstenester er ein fordel, men ikkje eit krav
- Utdanning som helsefagarbeidar
- Alminnelege datakunnskapar
- Gode norskkunnskapar både munnleg og skriftleg
- Førarkort kl B
- Personleg eignaheit vektleggast
Ved mangel på kvalifiserte søkjarar kan ufaglærte bli vurdert for midlertidig tilsetjing.
Personlege eigenskapar
- Fleksibel og løysingsorientert
- Trygg og Omsorgsfull
- Evne til å arbeide sjølvstendig
- Samarbeidar godt med kollegaer, brukarar og pårørande
- Vise respekt i møte med brukarar og kollegaer
- Likar utfordringar
- Ønske om kompetanseutvikling
- Interesse for faget
Vi tilbyr
I stillinga har du rett på ein av Norges sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon. Der dei fleste tenestepensjonar kun vert utbetalt i 10 år, er offentleg tenestepensjon ei utbetaling som varer fra den dagen du sluttar å arbeide og livet ut. Pensjonen inkluderar også uføre- og etterlattepensjon om noko uventa skulle skje. Med pensjonsrett i KLP får du medlemspris og gunstige betingelsar på ei rekke bank, forsikring og spareprodukter.
Offentleg tenestepensjon for nytilsetteVitnemål og attestar skal leggast ved søknaden. Aktuelle søkjarar vil bli innkalla til intervju. Tilsetting skjer etter gjeldande lover, reglement og tariffavtalar, herunder 6 mnd. prøvetid og 2 % pensjonsinnskot.
Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort sjølv om søkjaren har oppmoda om å ikkje bli ført opp på søkjarliste. Søkjar vert varsla om dette vert gjort. Jf. offentleglova § 25.
Den som blir tilsett må framvise politiattest av nyare dato.
Kontaktinformasjon
Elisabeth Jelle, Einingsleiar, +47 46411183, elisabeth.jelle@stranda.kommune.noArbeidsstad
Hellesyltvegen 176218 Hellesylt
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Stranda kommuneReferansenr.: 4991936687
Stillingsprosent: 50, 62%
Fast, Vikar
Søknadsfrist: 18.07.2025
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Stranda kommune med bygdene Stranda (kommunesenter), Hellesylt, Geiranger og Liabygda ligg på indre Sunnmøre, ca. 1 times reisetid frå Ålesund. Kommunen har ca. 4.400 innbyggjarar, eit variert næringsliv med høg sysselsetting, godt utbygd barnehage- og skuletilbod inkl. 2 vidaregåande skular, eit aktivt idretts- og foreiningsliv og gode vilkår for friluftsliv sommar og vinter. Vi har det største skisenteret på Nordvestlandet, regionalt kulturhus og treningssenter.
Stranda kommune er i sentralitetssone 5 og har makspris kr 1500,- pr. mnd for full barnehageplass.
Bur du i Stranda og er i jobb, kan du etter eitt år få sletta 25 000 kroner av studielånet ditt. Over tid kan du spare fleire hundre tusen kroner. Du kan få sletta lån kvart år til det er nedbetalt.
Til å vere stolt av er kommunen sin visjon. Verdiar som omsorg, openheit, samhandling og engasjement skal danne grunnlaget for vår organisasjonskultur. Les meir om Stranda og dei kommunale tenestilboda.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
b14e919c-bb9c-41c7-8d34-6375ad0d0df2
- Hentet fra
talentech
- Referanse
4b0bb65738c347dab891e85c071610cc