Miljøterapeutar Eikelund ungdomssenter
Eikelund US avd. beh. høy, Bufetat
Sandbrekkevegen 27, 5231 Paradis
Om jobben
- Stillingstittel
- Miljøterapeutar - todelt turnus
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 4
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest torsdag 1. januar
Eikelund ungdomssenter treng fleire erfarne og engasjerte miljøterapeutar. Ved avdelinga er det no ledig tre faste 100% stillingar og eit svangerskapsvikariat.
Senteret gir behandling til tre ungdomar mellom 13 og 18 år med alvorlege åtferdsvanskar. Avdelinga ligg i Paradis utanfor Bergen og er nyetablert. Her får du ein kvardag med målretta og systematisk miljøterapi, der målet er å hjelpe ungdomane til ein betre kvardag.
Eikelund er ein del av Fana og Ytrebygda ungdomssenter, som består av fire avdelingar: Eikelund, Skjold, Hop og Sandsli. Bufetat prøver ut ein modell der fleire avdelingar blir samla i éi eining. Målet er at eininga skal gje barna eit trygt og betre tilpassa tilbod, utan brot, gjennom heile institusjonsforløpet. Modellen har som mål å bidra til rett helsehjelp og opplæringsoppfølging frå første dag. Fana og Ytrebygda ungdomssenter skal ta imot ungdom i ulike målgrupper.
Arbeidsoppgåver
- Målretta og systematisk miljøterapi med ungdomane som bur på avdelinga.
- Samarbeid med føresette, skule, helse og andre viktige samarbeidspartnarar i nettverket til ungdomen
- Skriftleg dokumentasjon og rapportskriving.
- Deltaking i møter og overlapping ved vaktskifte
- Praktiske oppgåver knytte til avdelinga.
Kvalifikasjonar
- Bachelorgrad (barnevernspedagog, sosionom, vernepleiar). Andre relevante utdanningar, til dømes sjukepleiar, pedagog, politi kan vurderast, helst med vidareutdanning
- Erfaring frå miljøterapeutisk arbeid i barnevernsinstitusjon, særleg med ungdom med utfordrande åtferd.
- Kjennskap til barnevernslova og barnevernets arbeid er ønskjeleg.
- Gode IT-kunnskapar og norskkunnskapar, både skriftleg og munnleg.
- Førarkort for personbil.
- Kjennskap til rettigheitsforskriften og traumebevisst omsorg er ønskjeleg.
Personlege eigenskapar
Vi søkjer deg som:- Er til stades for ungdomane og trivst med aktivitetar og kvardagslege gjeremål.
- Forstår at det ligg mykje arbeid bak ein vanleg dag for målgruppa.
- Toler å stå i konfliktar på ein trygg måte.
- Jobbar strukturert og målretta for å gi ungdomane meistring og betre val.
- Vil arbeide etter traumebevisst omsorg og faglege rettleiarar.
- Har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner.
Vi tilbyr
- Turnusarbeid i 100 % stilling.
- Stillingane er plasserte i statleg lønsregulativ i stillingskode 1495 barnevernspedagog, 1494 sosionom, 1489 miljøterapeut eller 1508 vernepleiar, pt kr 490 000 – 615 000 pr. år.
- Ved relevant vidareutdanning tilsvarande 60 studiepoeng kan ein tilsetjast i stillingskode 1510 spesialutdanna barnevernspedagog, 1185 spesialutdanna sosionom, 1509 spesialutdanna vernepleiar, 1534 spesialutdanna miljøterapeut, pt kr 550 000 – 670 000 pr. år. Ved master og klinisk spesialist: kr 548 600 – 670 000 pr. år.
- Løn og stillingskode vert vurdert etter utdanning og erfaring.
- Godt fagleg miljø med gode støttespelarar i arbeidskvardagen.
- Du får vere med på å løfte oss slik at vi kan gje barn, unge og familiar eit enda betre tilbod – noko vi meiner har stor verdi i seg sjølv.
- Medlemskap i Statens pensjonskasse jf. lov om Statens pensjonskasse, som inneber ei god tenestepensjonsordning, med gode ordningar for pensjon, bustadlån og forsikring
- Inkludering og mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre enda betre. Difor ønskjer vi oss medarbeidarar med ulike kompetansar, fagkombinasjonar, livserfaringar og perspektiv. Har du funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, oppmodar vi deg til å krysse av i jobbsøkjarportalen. Er det kvalifiserte søkjarar, kallar vi inn minst éin i kvar gruppe til intervju. Får du jobben, legg vi til rette for deg om du treng det. Utanom å velje ut riktige kandidatar bruker vi ikkje avkryssingane til noko anna enn anonymisert statistikk.
- Stillinga er for tida lagt til Bufetat region vest, Eikelund ungdomssenter.
- Politiattest må leggjast fram ved eventuell tilsetjing, jf. lov om barnevern § 12-11 andre ledd og forskrift om politiattest § 7. Denne attesten skal ikkje leggjast ved søknaden.
- Du kan be om ikkje å bli oppført på den offentlege søkjarlista. Dette må i så fall grunngjevast. Vi kontaktar deg dersom ønsket ditt ikkje vert teke til følgje.
Søknad med CV skal sendast elektronisk via lenke på denne sida.
Vitnemål for utdanning teke i Noreg skal lastast opp frå Vitnemålsportalen. Har du utdanning frå utlandet, må du leggje ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse/NOKUT.
Kontaktinformasjon
Hege Svanevik, Avdelingsleiar, 46 61 66 25, hege.svanevik@bufetat.noKjetil Johnsen, Einingsleiar, 98 29 59 62, kjetil.johnsen@bufetat.no
Arbeidssted
Sandbrekkevegen 275231 Paradis
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: BufetatReferansenr.: 5050388698
Stillingsprosent: 100%
Fast, Vikar
Søknadsfrist: 01.01.2026
Kontaktpersoner for stillingen
Om bedriften
Barne-, ungdoms- og familieetaten sine fem regionar har som hovudoppgåve å drifte og drive etaten sine institusjonar og familievernkontor. I tillegg har regionane ansvar for fosterheimsrekruttering og oppgåver knytt til adopsjon. Barn, unge og familiane deira skal få riktig hjelp til rett tid uansett kvar dei bur i Noreg. Bufetat sine fem regionar rapporterer til Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet som er underlagd Barne- og familiedepartementet.
Bufetat region vest femner om fylka Vestland og Rogaland. Regionkontoret ligg i Bergen
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
b13d5d5a-5f67-45fb-848a-53d54a586062
- Sist endret
10. desember 2025
- Hentet fra
talentech
- Referanse
70b4947f3ec846dc8fff8870cf4b92a6
Lignende annonser
Miljøterapeut helg
Arbeidsgiver
Eikelund US avd. beh. høy, Bufetat
Sted
Paradis
Vakne nattevakter
Arbeidsgiver
Eikelund US avd. beh. høy, Bufetat
Sted
Paradis
Arbeidsgiver
Aberia Ung AS
Sted
Bergen