Ønskjer du ei spennande leiarstilling med eit meiningsfullt samfunnsoppdrag?
Kontorleiar Nav Kinn // Region Sunnfjord
Hans Blomgate 39, 6900 Florø
Om jobben
Stillingstittel
Leiar Nav Kinn
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest tirsdag 4. mars
Har du eit brennande engasjement for inkludering, arbeidsliv og mangfald og kan tenke deg å leie eit Nav-kontor med eit særs viktig samfunnsoppdrag? Då kan du vere den vi ser etter. Vi skal no tilsette ein leiar som kan vidareutvikle Nav Kinn, i samarbeid med dei tilsette, næringslivet og andre samarbeidspartar.
Som Nav-leiar vil du få det faglege og administrative ansvaret for både statlege og kommunale tenester. Den viktigaste oppgåva di blir å sikre gode og heilskaplege tenester til innbyggarane i kommunen og ivareta mål om arbeidsinkludering og størst mogleg yrkesdeltaking. Nav er inne i ein viktig moderniserings- og endringsfase. Vi ser etter deg som kan legge til rette for effektive arbeidsformer, heilskaplege løysingar og gode tenester til brukarar og næringsliv. Vi kan love innhaldsrike og utviklande arbeidsdagar i ein organisasjon som aldri står stille!
Region Sunnfjord er ein fagleg sjølvstendig region i Nav Vestland med kring 52 000 innbyggarar. Regionen består av Nav-kontora i Sunnfjord og Ytre Sogn, Kinn og Askvoll. Nav Kinn er eit partnarskap mellom NAV Vestland og Kinn Kommune. Stillinga inngår i leiargruppa i regionen og i kommunen, og rapporterer til regionleiar i Sunnfjord og til kommunalsjef i Kinn kommune. Nav Kinn har ei spennande kontororganisering med to lokasjonar, ei avdeling i Florø og ei i Måløy. Du vi bli leiar for omlag 40 tilsette fordelt på dei to avdelingane. Arbeidsstad er hovudsakleg i Florø, og det vil bli kontordagar i Måløy etter behov.
Arbeidsoppgåver
- Sikre effektiv drift og utvikling av velferdstenestene ut frå innbyggarane sine behov
- Fag, personal- og budsjettansvar
- Skape og utvikle gode resultat i samsvar med mål, budsjett, planar og overordna føringar
- Systematisk arbeid for eit godt arbeidsmiljø og kontinuerleg forbetring
- Sikre eit godt partssamarbeid og medbestemming i kontoret
- Legge til rette for kompetanseutvikling, læring, innovasjon og kunnskapsbasert praksis
- Vere pådrivar for effektiv tenesteyting og gode rutinar gjennom bruk av teknologi og digitale løysingar
- Bidra til å vidareutvikle samarbeid i regionen og med våre samarbeidspartnarar
- Bidra til eit godt samarbeid med dei ulike sektorane og tenestene i kommunen
- Ta aktiv del i leiargruppa i regionen og i leiargruppa i Kinn kommune
Kvalifikasjonar
- Fullført utdanning på minimum bachelornivå, til dømes innan økonomi, samfunnsfag eller jus. Relevant utdanning og/eller arbeidserfaring kan kompensere for utdanningskravet.
- Erfaring som leiar
- Forståing av leiing i staten og NAV sitt samfunnsoppdrag
- God digital kompetanse
- God framstillingsevne, både skriftleg og munnleg
Det er ein fordel om du har:
- Erfaring frå endrings- og utviklingsarbeid
- Erfaring frå personalleiing
- God økonomiforståing
- Tilleggsutdanning innan leiing
- Førarkort for personbil
Kva vi ser etter hos deg
Som leiar i NAV jobbar du tillitsbasert med ein motiverande og inkluderande leiarstil. Under utøving av tillitsbasert leiing er det viktig å skape tillit og sjå potensialet i dine tilsette. Gode relasjonsevner og evne til å byggje eit inkluderande og godt arbeidsmiljø er særleg sentrale eigenskapar i denne rolla.
Vi ser etter ein kontorleiar med gode kommunikasjonsevner som motiverer tilsettgruppa og skapar eigarskap til felles mål og prioriteringar. I tillegg ønsker vi at vår nye leiar har interesse for å utvikle kontoret og drive endrings- og forbetringsarbeid. Du har god teknologiforståing og evne til å sette deg inn i nye løysingar og nytte digitale verktøy.
Kvifor velje oss
- Hos oss får du jobbe med meiningsfylte og utfordrande arbeidsoppgåver innan eit høgt prioritert samfunnsområde
- Du får leie aktive og engasjerte medarbeidarar som brenn for samfunnsoppdraget
- Vi har fine og nye kontorlokale sentralt i Florø
- Vi tilbyr statleg tilsetting som Nav-leiar i stillingskode 1054 kontorsjef, med lønsspenn frå kr 800 000 til kr 850 000 pr. år. For særleg kvalifiserte søkarar kan høgare løn vurderast.
- Du vil få ei god pensjonsordning, låneordning og forsikringar gjennom Statens pensjonskasse
Kontaktinformasjon
Magne Kjetil Berg, Leiar Nav region Sunnfjord, 992 41 911, magne.kjetil.berg@nav.noNorunn Stavø, Kommunalsjef Kinn kommune, 415 36 120, norunn.stavo@kinn.kommune.no
Arbeidsstad
Hans Blomgate 396900 Florø
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: NAVReferansenr.: 4914920256
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 04.03.2025
Kontaktpersoner for stillingen
Om bedriften
Nav søkjer tilsette med hjarte for menneske og fagområda våre. Visjonen vår er å gje menneske moglegheiter, og dette gjer vi ved å utvikle Noregs beste arbeids- og velferdstenester.
Nav består av 22 000 kompetente og engasjerte medarbeidarar. Vi jobbar tverrfagleg i sterke fagmiljø. Hos oss skal arbeidsmiljøet pregast av involvering, openheit og tillit.
Mangfald er viktig i Nav. Mangfald bidreg til betre problemløysing, auka kreativitet, større fleksibilitet og styrker kulturen og arbeidsmiljøet på arbeidsplassen. Vi oppmodar difor kandidatar med ulik bakgrunn til å søke på stillingar hjå oss, særleg om du har hol i CV-en, innvandrarbakgrunn eller nedsett funksjonsevne.
Når du søkjer jobb hos oss, vil namnet ditt stå på ei offentleg søkjarliste. Ønskjer du å bli unntatt frå offentleg søkjarliste, må du grunngje dette. Del gjerne vitnemålet ditt eller karakterutskrift dine på vitnemålsportalen.no.
NAVstilling
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2859543
- Hentet fra
talentech
- Referanse
dae4b19d5c854646a3d2dd50c96a0325