Miljøterapeut
Svortland skule, Bømlo kommune
Idrettsvegen 100, 5430 Bremnes
Om jobben
Stillingstittel
Miljøterapeut
Oppstart
1. august 2023
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Antall stillinger
1
Vil du vera med å styrke laget rundt eleven i skule og SFO?
Svortland skule søkjer etter miljøterapeut i 100% fast stilling frå 01.08.2023. Me ser etter deg som er glad i barn og unge, og ynskjer å utvikle gode fysiske og psykososiale læringsmiljø.
Svortland skule er ein to-parallell barneskule med 320 elevar og 55 tilsette. Skulen ligg ved Bremnes sentrum og om lag 35% av elevane har minoritetsbakgrunn. Det er 65 barn som nyttar SFO ordninga vår for 1. - 4. trinn.
Arbeidsoppgåver
Innhaldet i stillinga er å støtte barn og unge i opplæringa og bidra med fagkompetanse i personalet. Svortland skule er opptatt av å styrke laget rundt den einskilde elev og oppgåvene vil omfatte:
- Bistå og støtte alle elevar og gjerne dei med særskilte behov i klasse, ein- til- ein eller i lita gruppe
- Planlegge og gjennomføre ulike aktivitetar i opplæringa i tillegg til oppfølging og tilrettelegging
- Vere medansvarleg i det pedagogiske arbeidet
- Samarbeid med foreldre
- Delta i skulen sitt utviklingsarbeid
Arbeidsoppgåvene vil vera både i skule og SFO. Andre oppgåver kan bli tillagt stillinga avhengig av den tilsette sin kompetanse og interesser.
Kvalifikasjonar
- 3-årig høgskuleutdanning, til dømes vernepleiar, barnevernspedagog, sosionom, barnehagelærar eller liknande
- Erfaring frå arbeid med barn og unge er ein fordel, men anna relevant erfaring vil bli vurdert
Personlege eigenskapar
Me ser etter deg som:
- kan knytte gode relasjonar med barn og unge
- tek ansvar, og er fleksibel, samt har gode samarbeidsevner
- er initiativrik og løysingsorientert i di tilnærming
- jobbar godt både sjølvstendig og i team
- er omgjengeleg og trivs med ein variert arbeidskvardag
Ved vurdering av den best kvalifiserte, legg me vekt på utdanning, erfaring og at ein er personleg eigna for stillinga.
Me tilbyr
- Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
- Gode offentlege pensjons- og forsikringsordningar
- Løn og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lov og avtaleverk
Anna informasjon:
- I henhald til opplæringslova § 10-9 må gyldig politiattest framleggjast ved tilsetting.
- Me gjer merksam på at søkjarar vert ført opp på offentlig søkerliste. Det er mogleg å søkje om anonymitet, men det må vere særskilte omstende for å få innvilga unntak, jf. Offentleglova § 25.
Synes du stillinga ser interessant ut, og samsvarar med kvalifikasjonane dine, sender du oss søknaden din elektronisk via Webcruiter.no med CV, vitnemål og attestar vedlagt. Ved førespurnad må du kunna skaffa bekrefta kopiar av dokumentasjonen din. Dersom du har spørsmål om stillinga og rekrutteringsprosessen, ta kontakt med rektor Kari Østensen.
Kontaktinformasjon
Kari Østensen, Rektor, 993 86 606, kari.ostensen@bomlo.kommune.noArbeidsstad
Idrettsvegen 1005430 Bremnes
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Bømlo kommuneReferansenr.: 4639313493
Stillingsprosent: 100%
Fast
Startdato: 01.08.2023
Søknadsfrist: 10.04.2023
Om bedriften
Berekraftige Bømlo er vår visjon!
Bømlo kommune har 12 000 innbyggjarar og ligg plassert mellom Stavanger og Bergen, i regionen Sunnhordland. Me har eit aktivt næringsliv, med stort fokus på utvikling av grøn teknologi. Eit godt kulturtilbod saman med eit yrande lag- og organisasjonsliv gjer Bømlo til ein god plass å bu.
Kommunen med sine 1000 tilsette, er utviklingsorientert, har eit sterkt fokus på samhandling, det grøne skiftet og ei berekraftig samfunnsutvikling. Dei tilsette er vår viktigaste ressurs og me ynskjer oss rause, modige og engasjerte medarbeidarar.
Pensjon
I denne stillinga har du rett på ein av Norges sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon. Der dei fleste tenestepensjonar berre vert utbetalt i 10 år, er offentleg tenestepensjon ein utbetaling som vare frå den dagen du sluttar i jobb og livet ut. Pensjon inkludera og uføre- og etterlatnepensjon dersom noko uventa skulle skje. Med pensjonsrett i Bømlo kommune får du medlemspris og gunstige vilkår på ei rekkje bank, forsikring og spareprodukt.
Bømlo kommune har gode forsikringsordningar for tilsette. Ordninga omfattar forsikring knytt til yrkesskade, ulykke og fritid.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2291626
- Hentet fra
talentech
- Referanse
d4f06b36180043c0b578a2f9a4384921