Konsulent dokumentasjonsforvaltning 100% stilling
Aukra kommune Service
Nyjordvegen 12, 6480 Aukra
Om jobben
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidsspråk
- Norsk
Søk på jobben
Søk senest mandag 16. november
Vil du vere med å sikre hukommelsen og tilliten til kommunen?
Kvar dag tek kommunen avgjerder som påverkar livet til innbyggjarane. Dokumentasjon blir skapt, personopplysningar blir behandla, og viktig informasjon må vere tilgjengeleg, korrekt og trygg.
Vi har ei ledig 100% stilling som konsulent (arkivleiar) og no ser vi etter deg som vil vere med å ta ansvar for dette.
I denne rolla får du ei sentral oppgåve i arbeidet med dokumentasjonsforvaltning, personvern og informasjonstryggleik. Du bidreg til at kommunen forvaltar informasjon på ein måte som varetek rettane til innbyggjarar og tilsette, oppfyller lovkrav og styrkjer tilliten til kommunen.
Ei rolle med stor betydning
Du blir ein viktig rådgivar for leiarar og medarbeidarar i heile organisasjonen. Samtidig vil mykje av arbeidet handle om å sikre kvalitet i den daglege forvaltninga av kommunen sin dokumentasjon og informasjon.
Arbeidskvardagen omfattar både drift og utvikling innan dokumentasjonsforvaltning, arkiv, personvern og informasjonstryggleik. Oppgåvene spenner frå journalføring, kvalitetssikring og oppfølging av rutinar til rettleiing, rådgiving og forbetring av arbeidsprosessar. Samtidig får du vere med på å vidareutvikle digitale arbeidsprosessar og løysingar i takt med nye krav og moglegheiter.
Arbeidsoppgåvene vil utvikle seg i takt med behova i organisasjonen. Som del av fagmiljøet vil du også bidra til felles oppgåver på tvers av eininga.
Vi ser etter deg som
helst har relevant høgare utdanning innan arkiv, dokumentasjonsforvaltning, administrasjon eller tilsvarande. Kanskje er du sterk innan eitt fagområde og ønskjer å utvikle deg vidare innan dei andre. Det viktigaste for oss er at du har interesse for faga og motivasjon til å lære.
Du er strukturert og sjølvstendig, men trivst også med samarbeid og relasjonsbygging. Du tek initiativ, bidreg til forbetringar og finn gode løysingar saman med andre. Vi trur du er nysgjerrig, utviklingsorientert, oppteken av kvalitet og motiverast av å skape orden, oversikt og gode arbeidsprosessar.
Hos oss treng du ikkje kunne alt frå dag éin. Vi legg til rette for fagleg utvikling gjennom kurs, nettverk og relevant etter- og vidareutdanning, og deler raust av kompetansen i organisasjonen.
Kvifor velje Aukra kommune?
Hos oss får du ein variert og meiningsfull arbeidskvardag der du er med på å sikre kvalitet, etterleving og gode arbeidsprosessar i heile organisasjonen. Du samarbeider tett med leiarar, fagmiljø og kommunane i Romsdalsregionen, som vi har eit tett samarbeid med gjennom felles IKT-samarbeid. Du får vere med på å vidareutvikle fagområda.
Dette er meir enn ei fagstilling. Det handlar om å ta vare på kommunen si hukommelse, vere med på å sikre rettstryggleiken til innbyggjarar og tilsette, og bidra til at innbyggjarane kan ha tillit til kommunen også i framtida.
Vi tilbyr
- Godt arbeidsmiljø som du bidreg til
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Kommunale tilsetjingsvilkår og løn etter tariff
- Ordning for utdanningsstønad frå eige fond for etter- og vidareutdanning
- Flyttegodtgjersle etter kommunalt regelverk
Prøvetid
Gjensidig effektiv prøvetid på 6 mnd.
Søkarliste
Om du ønsker å reservere deg frå oppføring på offentleg søkarliste, må du opplyse om og grunngje dette i søknaden. Opplysningar kan bli offentleggjort sjølv om du har bedt om ikkje å bli oppført på søkarlista, jfr. Offentleglova § 25. Du blir varsla dersom ønsket om reservasjon ikkje vert tatt til følge.
Søknad sendast
Aukra kommune nyttar elektronisk søknadsbehandling. Vi ber derfor om at du fyller ut elektronisk søknadsskjema via funksjonen "Søk på stilling"
Link til søknadsskjema: Søk her
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
b0a98e1f-d66d-4a71-bb44-825c0efdddb6
- Sist endret
23. oktober 2026
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3672603_191801_nn