Kokk PLO Valldal
Fjord kommune
Olavsgata 34, 6210 Valldal
Om jobben
Stillingstittel
Helgestilling som kokk på kjøkkenet til pleie- og omsorgsavdelinga i Valldal
Oppstart
1. mars 2023
Type ansettelse
Fast, deltid 14.08%
Arbeidstid
Turnus, dagtid
Antall stillinger
1
Fjord kommune har ledig ei fast helgestilling i 14,08 % som institusjonskokk/kokk på sjukeheimen i Valldal. Kjøkkenet har levering av mat til sjukeheimen i Valldal, omsorgsboligane i Eidsdal og for heimebuande i delar av Fjord kommune.
Stillinga inngår i fast turnus med arbeid 3. kvar helg - arbeidsstad på kjøkkenet i Valldal.
Arbeidsoppgåver
Kokken oppgåver er varierte og omfattar blant anna:
- Etterleve gjeldande HACCP-IK-mat
- Varemottak, produksjon og pakking av varm og kald mat
- Reinahld etter kjøkkenets reinhaldsplan
- Produksjon av spesialkost og diettar
Kvalifikasjonar
- Fagbrev som institusjons- eller restaurantkokk med relevant praksis frå storkjøkken
- Erfaring kan kompensere for manglande formell fagutdanning
- God munntleg og skriftleg framstillingsevne
Utdanningsnivå
- Fagskule/Fagbrev (to år)
- Vidaregåande skule
Personlege eigenskapar
- Positiv og engasjert i fagfeltet
- Evne til å arbeide sjølvstendig, målretta og systematisk
- Gode samarbeidsevner
- Fleksibel, løysingsorientert, påliteleg og serviceinnstilt
- Gode kommunikative ferdigheitar i forhald til tilsette og samarbeidspartnarar.
Vi tilbyr
- Løn i samsvar med avtaleverk
- Variert arbeid i positivt miljø
- Tilsetting på vanlege vilkår for kommunalt tilsette
- Det vert trekt 2% frå løna til innskot til pensjonsordning
Kontaktinformasjon
Marit Øvrevoll, Einingsleiar sjukeheimen, 41867970, marit.ovrevoll@fjord.kommune.noArbeidsstad
Olavsgata 346210 Valldal
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Fjord kommuneReferansenr.: 4625741216
Stillingsprosent: 14,08%
Fast
Startdato: 01.03.2023
Søknadsfrist: 09.03.2023
Om bedriften
Fjord kommune ligg, midt i det kjende, vestlandske fjordlandskapet, i Møre og Romsdal.
Fjord kommune som har litt under 2700 innbyggjarar, byr på svært gode oppvektsvilkår, eit attraktivt kulturliv og attraktive områder for friluftsliv, både sommar og vinter. Deler av dette området har fått Unescos verdsarvstatus.
Fjord kommune har eit spennande næringsliv som spenner om reiseliv, primærnæring, innovative nysatsingar innan oppdrett og møbelindustri og ulike andre former for industriell produksjon, men også fleire verksemder innan bygg og anleggsbransjen. Fjord kommune tar mål av seg til å vere ein kommune med fokus på tilrettelegging for lokalt næringsliv. Kommunen har også klare mål om å utvikle dei kommunale tenestene på ein god og effektiv måte til beste for innbyggjarane. Les meir om kommunen her.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2262175
- Hentet fra
talentech
- Referanse
fdf85c78632d464a81b686664363240c