Driftskoordinator
Jærmuseet
Vistnesveien 148, 4070 Randaberg
Om jobben
Stillingstittel
Driftskoordinator for musea i Randaberg og Sola
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Antall stillinger
1
Om stillinga
- Stillinga skal jobba 50 % på Vistnestunet og 50 % fordelt mellom Tungenes Fyr og Sømmevågen (Flyhistorisk museum og Torpedoverkstedet)
- Stillinga skal vera koordinator for all aktivitet på anlegga og bidra til å organisera m.a. aktivitetsdagar, kontakt med lag og foreiningar og kommunale brukarar.
- Stillinga skal koordinera aktivitet på Vistnestunet med vedkommande som driftar inn- og utmark rundt gardsanlegget.
- Anlegga skal haldast i presentabel stand både ute og inne
- Dyr (t.d. kaninar og høns) og hagar skal ha kompetent stell og ettersyn
- Stillinga skal òg gå inn som ein ressurs i samlingsarbeidet i Jærmuseet
Om Vistnestunet
Vistnestunet i Randaberg er eit gardstun frå 1870-talet med heimehus, eldhus, låve, vindmaskin og husdyr.
Heimehuset er eit jærhus frå rundt 1870, medan eldhuset er bygd av gråstein tidleg på 1900-talet. Stavlåven er frå 1874, og bak låva står ein autentisk vindmaskin - den jærske vindmølla. I området rundt Vistnestunet er det opparbeida turstiar som òg eingar seg for rullestol og barnevogn.
Tunet er ope for skuleklassar og grupper etter avtale. Randaberg kommune og Jærmuseet samarbeidar om ulike aktivitetsdagar gjennom året, og på desse dagane er tunet ope for alle.
For meir info: https://www.jaermuseet.no/vistnestunet/
Om Tungenes Fyr
Tungenes fyr ligg i Randaberg, heilt på nordspissen av Jæren. I over 150 år har fyret markert innseglinga til Stavanger. I dag er Tungenes først og fremst eit kulturelt fyrtårn med eit mangfaldig aktivitetstilbod.
Opplev korleis fyrvaktaren og familien hans budde på 1930-talet i fyrbygningen. I uthuset finst utstillingar med maritime tema. Målaren Oskar Sørreime sine maleri heng òg på fyret. Nytt maritimt vitensenter er under planlegging og skal byggjast mellom sjøbruksmuseet og fyret. Ei pilotutstilling for vitensenteret er under oppbygging i Sjøbruksmuseet i Tungevågen.
Tungenes fyr er eit populært turmål.
For meir info: https://www.jaermuseet.no/tungenesfyr/
Om Sømmevågen
Flyhistorisk Museum Sola og Torpedoverkstedet er samlokalisert i Sømmevågen.
Flyhistorisk museum har ei imponerande samling av fly og gjenstandar. Utstillinga står i ein autentisk tyskarhangar frå andre verdskrig. Her er over 30 fly stilt ut. Museet vert i stor grad drive av frivillige som legg ned mykje arbeid og entusiasme i drift av museet.
I Torpedoverkstedet får du oppleva utstillinga "Fortellinger fra andre verdenskrig", kor krigen vert formidla gjennom eit utval personar med lokal tilknytning. Historiane deira forgreiner seg ut i den store verda. Ein får mellom anna høyra om motstandskvinna, ungdommen, krigsseglaren, den britiske soldaten, den russiske krigsfangen og ein jødisk familie frå Stavanger.
For meir info: https://www.jaermuseet.no/flyhistorisk/ https://www.jaermuseet.no/torpedoverkstedet/
Arbeidsoppgåver
- Koordinera publikumsaktivitetar på anlegga: Vistnestunet, Tungenes fyr og musea i Sømmevågen
- Organisera aktivitetsdagar og sesongope
- Vertskap for gruppebesøk – omvising
- Legge til rette for besøk av unge med behov for alternativ undervisning
- Legge til rette for besøk av dagsenterbrukarar
- Ansvar for å halde anlegga i presentabel stand, ute og inne
- Ansvar for enkelt dyrehald, hagedrift og noko landbruksdrift
- Oppfølging og ansvar for sommarvertar
- Samarbeid med kommunar om aktivitetar
- Samarbeid med frivillige, lag og organisasjonar
- Delta i arbeid med museet si gjenstandssamling
- Andre driftsoppgåver på andre anlegg, ved behov
Kvalifikasjonskrav og eigenskapar
- Må ha interesse for lokalhistorie
- God lokalkunnskap er ein fordel
- Erfaring med og kunnskap om elementært dyre- og hagestell
- Erfaring frå lokalt organisasjonsliv er ein fordel
- God til å organisere
- Strukturert og nøyaktig
- Utadvendt
- Må kunne arbeida sjølvstendig, men òg i team
- Vera komfortabel med bruk av digitale verktøy
- God munnleg og skriftleg kommunikasjonsevne på norsk
- Førarkort klasse B
Alle tilsette må levera godkjent politiattest ved tilsetting.
Jærmuseet tilbyr
- Fast 100% stilling
- Allsidig arbeidsplass i stadig utvikling
- God pensjonsordning
- Fleksibel arbeidstid
- Løn etter avtale
- Kontorplass i Randaberg
Spørsmål om stillinga kan rettast til
- Avdelingsleiar Eirik Gurandsrud, tlf: 95 22 66 89, e-post: eig@jaermuseet.no
- Administrasjonssjef Elisebet Rugland, tlf: 47 50 03 33, e-post: elr@jaermuseet.no
Om bedriften
Om Jærmuseet
Jærmuseet er regionmuseum for kommunane Randaberg, Sola, Sandnes, Gjesdal, Klepp, Time og Hå, samt regionalt vitensenter for Sørvestlandet.
Museet har ca 70 årsverk og driv 12 ulike besøksanlegg i sju kommunar.
Jærmuseet er ein vitskapleg institusjon som skal dokumentera regionen si historie gjennom innsamling, bevaring, forsking og formidling.
Museet er ein møteplass mellom natur, kultur og teknologi.
Me inviterer publikum til å utforska kunnskap gjennom aktivitetar og opplevingar.
"Å samkøyra formidlingskonsept som har utgangspunkt både i vitensentera og musea sin kompetanse og formidlingstradisjon, er gjort med stort hell mellom anna på Jærmuseet, der dette òg er organisatorisk samkøyrt i same institusjon. Kulturdepartementet ser gjerne meir utveksling mellom vitensenter og museum, der dette er naturleg, i tida som kjem." Meld. St. 23 (2020–2021) Musea i samfunnet — Tillit, ting og tid
Jærmuseet har årleg eit samla besøk på ca 200.000.
Sektor
Privat
Nettsted