Medisinstudent med lisens
NPS Rus, Helse Førde
Sjukehusvegen 9, 6770 Nordfjordeid, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Medisinstudent med lisens
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Seksjon rus ved Nordfjord psykiatrisenter har ledig ferievikariat for medisinstudent med lisens i perioden: 23.06.2025 - 17.08.2025.
Seksjon rus har 10 døgnplassar og gjev tilbod om tverrfagleg spesialisert rusbehandling (TSB). Sengeposten har ei tverrfagleg personalgruppe - her jobbar mellom andre psykolog, sosionom, overlege, lege i spesialisering, helsesportspedagog, fysioterapeut, erfaringskonsulent, miljøterapeutar og miljøarbeidarar.
Kandidatar som kan jobbe heile ferieperioden kan bli prioriterte ut frå dette, det er difor viktig at dette vert opplyst tydeleg i søknaden.
Arbeidsoppgåver
- Pasientansvarleg koordinator for pasientar i døgnbehandling
- Pasientbehandling og undersøking
- Dagarbeidstid mandag til fredag, vaktarbeid inngår ikkje i vikariatet
Kvalifikasjonar
- Gode kunnskapar i norsk, både skriftleg og munnleg
- Medisinstudent med lisens, men kandidatar utan lisens kan også søkje
- Kandidatar som kan jobbe heile ferieperioden kan bli prioriterte ut frå dette, det er difor viktig at dette vert opplyst om tydeleg i søknaden.
- Det er ønskjeleg med kompetanse på DIPS Arena og Meona
Personlege eigenskapar
- Strukturert
- Sjølvstendig
- Gode kommunikasjonsevner
- Trivst med å jobbe i tverrfagleg team
Personlege eigenskapar vil bli vektlagde
Vi tilbyr
- Løn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Eit aktivt og triveleg arbeidsmiljø
- Høgt fagleg nivå
- God opplæring og rettleiing, tett oppfølging
- Eit meiningsfylt arbeid som gjev personleg utvikling
- Gratis bustad
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
#sommarjobb
#sommarjobbnordfjord
#Sommarjobb #Sommarjobbivest #Sommerjobbivest
Kontaktinformasjon
Arild Krogh Nøstdal, Einingsleiar, (+47) 901 88 098Arbeidssted
Sjukehusvegen 96770 Nordfjordeid
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Helse FørdeReferansenr.: 4934475421
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Søknadsfrist: 20.03.2025
Om bedriften
Helse Førde HF har ansvar for spesialisthelsetenestene i Sogn og Fjordane. Føretaket arbeider for å gje pasientar og brukarar eit godt og heilskapeleg tilbod innanfor gjeldande rammer. Helse Førde sine institusjonar og prehospitale tenester er organisert i eit heilskapleg nettverk, og samarbeidet med andre instansar som m.a. kommunane er høgt prioritert. Føretaket har om lag 3 200 tilsette og eit budsjett på over 3,6 milliardar kroner og er den største verksemda i Sogn og Fjordane. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset.
Helseføretaket er eigd av det statlege Helse Vest RHF. Føretaksgruppa i Helse Vest skal spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, fleirkulturell bakgrunn eller om du har hatt opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2882727
- Hentet fra
talentech
- Referanse
f9510087d7f74b7e90830ad5058e8a12