Vikar for sokneprest i Dalane prosti med tenestestad i Bjerkreim sokn
Stavanger bispedømmeråd
Nesjane 5, 4389 Vikeså
Om jobben
- Stillingstittel
- Sokneprest i Dalane prosti med tenestastad i Bjerkreim sokn
- Oppstart
- 19. januar 2026
- Type ansettelse
- Vikariat, heltid 100%
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest tirsdag 9. desember
Er du ein prest som er glad i folkekyrkja og som set pris på eit allsidig organisasjonsliv? Då er du kanskje interessert i eit årsvikariat for soknepresten i Dalane prosti med særleg ansvar for Bjerkreim sokn.
Kyrkja står sterkt i Bjerkreim og det er god oppslutting om både gudstenester og dei kyrkjelege handlingane, ikkje minst om konfirmasjonen. Vi har eit godt samarbeid både med bedehus og misjonshus, med andre lag og organisasjonar, skular og barnehagar i kommunen.
Bjerkreim er ei tradisjonell jordbruksbygd med mange handtverksbedrifter. Kommunen har 2800 innbyggjarar og 2300 er medlemmer i Den norske kyrkja. Her er vakkert med både fjell og dalar, Bjerkreimselva som er ei av landets beste på laks, og mykje fint kulturlandskap. Det er godt tilrettelagt for aktivitet både i utmark og på eit flott stadionområde. E39 går gjennom kommunen og det er lett å kome hit.
Det er to kyrkjer i Bjerkreim sokn. Bjerkreim kyrkje er hovudkyrkje og der er det gudsteneste om lag annankvar søndag, ein gong i månaden i Ivesdal kyrkje og innimellom på Vikeså misjonshus. På kyrkjekontoret har vi organist/sekretær, diakon/trusopplærar, ungdomsarbeidar og kyrkjeverje. I tillegg har vi kyrkjetenarar og klokkarar tilslutta kyrkjene. Dei tilsette samarbeider godt og har det kjekt ilag.
Soknepresten kan i stor grad forme eigen kvardag. Han/ho har hovudansvar for gudstenestene, andakter og konfirmantarbeidet i soknet, og blir stundom spurt om å ha ein og annan andakt utanom det. Soknepresten sit i mellom anna soknerådet/fellesrådet og er ein sjølvsagt del av kommunen sitt kriseteam. Presten inngår i ein gravferdsturnus for Bjerkreim og Eigersund.
Presten i Bjerkreim er ein naturleg del av bygda og det som skjer i både glede og sorg. Kyrkjelyden ønskjer seg ein samarbeidsvilleg, fleksibel prest som er glad i folk i alle aldrar og klar og livsnær i sin teneste og forkynning.
Arbeidsoppgaver
- Presteteneste med tenesteordning for kyrkjelydsprestar i Den norske kyrkja.
- Gudstenester og kyrkjelege handlingar etter oppsett plan.
- Trusopplæring, konfirmantar og skule-kyrkjesamarbeid.
- Bakvakt og beredskap etter gjeldande ordning for Stavanger bispedømme.
- Institusjonsandakter/gudstenester.
- Medlem i sokneråd/fellesråd.
- Medlem i kommunen sitt psyko-sosiale kriseteam.
Kvalifikasjoner
Cand. theol./Master i teologi med praktikum eller tilsvarande.Personlige egenskaper
- Evne og vilje til samarbeid med stab, frivillige, sokneråd og kyrkjelyden si kontaktflate i bygdene.
- Evne til å ta initiativ og arbeide både målretta, sjølvstendig og i godt samspel med stab og sokneråd.
- Evne til å kunne kommunisere med born, unge, vaksne og eldre i ulike livssituasjonar.
Vi tilbyr
- Stillingen vert løna som sokneprest etter gjeldande reglar.
- Vanlige regulativmessige godgjeringar.
- Skyss- og telefongodtgjersler etter gjeldande satsar.
- Pensjonsinnskot og medlemskap i KLP etter ordninga for prestar tilsett i rettssubjektet Den norske kyrkja.
Andre opplysninger
- Tilsettinga skjer på dei vilkåra som til kvar tid gjeld for prestar i Den norske kyrkja og den som blir tilsett må retta seg etter endringar i lover, tariffavtalar, reglement m.m., og dessutan avgjerder som kan influera på gjeremåla til tenesta, tenestestad og tenestedistrikt.
- Målforma er nynorsk.
- Den som vert tilsett bør ha førarkort og disponere bil.
- Det vil bli utarbeidt offentleg søkarliste etter offentleglova § 25, jf. kyrkjeordning for Den norske kyrke § 42. Anmodning om å få sitt namn unntatt frå denne må begrunnas i søknaden. Behandlingsgrunnlag etter personvernforordninga er artikkel 6 nr. 1 bokstav b og artikkel 9 nr. 2 bokstav b og g.
- Den som blir tilsett må legga fram politiattest (barneomsorgsattest) utan merknader.
- Stavanger bispedømme skal være ein arbeidsplass med rom og respekt for mangfold, uavhengig av etnisitet, alder, kjønnsidentitet, funksjonsevne eller legning. Vi oppfordrar derfor alle kvalifiserte kandidatar til å søke.
Kontaktinformasjon
Ingun S. Barane, prost, 92663431, ingunsb@ekf.noGunnar Rønnestad, assisterende stiftsdirektør, 51846270, gr575@kirken.no
Arbeidssted
Nesjane 54389 Vikeså
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Stavanger bispedømmerådReferansenr.: 5045109895
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Startdato: 19.01.2026
Sluttdato: 17.01.2027
Søknadsfrist: 09.12.2025
Kontaktpersoner for stillingen
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
b0840d0d-3fd1-4cb5-bc4d-ee9287653222
- Sist endret
26. november 2025
- Hentet fra
talentech
- Referanse
b4114ae4afce4c6c950ff9fe7e8a8aed
Lignende annonser
Arbeidsgiver
Oppvekst og kultur
Sted
Vikeså
Arbeidsgiver
Bjerkreim helsesenter, Bjerkreim kommune
Sted
Vikeså
Arbeidsgiver
Bryne vgs, Rogaland fylkeskommune
Sted
Bryne