Barnevernleiar 100% fast
Kvinnherad kommune Barn og familie
Sentrumsvegen 29, 5460 Husnes
Om jobben
Type ansettelse
Fast
Antall stillinger
1
Omtale av stillinga
Kan du tenkja deg å delta i viktig utviklingsarbeid for barn og unge? Det er ledig ei spanande og utfordrande 100% stilling som leiar av barneverntenesta i Kvinnherad Kommune frå 01.10.2023.
Både sentralt og lokalt står barneverntenesta ovanfor endring og utviklingsprosessar, med fokus på godt barnevern, samarbeid med barn og foreldre, tverrfagleg samarbeid, fagleg rettleiing, eit godt arbeidsmiljø og trivsel i tenesta. Barnevernleiar vil som fagleg og administrativ ansvarleg for barneverntenesta, vera ein viktig ressurs i dette arbeidet.
Vi treng ein fagleg dyktig barnevernleiar som er trygg i rolla og har overskot til å stå i krevjande situasjonar. Samstundes må du ha perspektiv ut over eigen profesjon og kunna sjå verdien av å samarbeida på tvers av fag og sektorar.
Barneverntenesta har 18 fagstillingar og barnevernleiar. Tenesta er inndelt i team; undersøking, oppfølging, omsorg og tiltak. Barneverntenesta er ein del av eininga Barn og familie, der einingsleiar er barnevernleiar sin næraste overordna.
Ansvarsområde
Barneverntenesta si kjerneoppgåve er å gje born, unge og familiar hjelp og støtte i vanskelege livssituasjonar, der barnet sitt beste er grunnleggjande for alt arbeid. I tillegg er barneverntenesta sentral i det tverrfaglege samarbeidet om barn og unge på ulike nivå.
Barnevernleiar har ansvar for :
- Fag og personal for barnevernet
- Avgjerd- og vedtaksmynde etter Lov om barneverntenester
- Planlegging, koordinering og drift av barneverntenesta
- Internkontroll, kvalitetsarbeid og fagutvikling
- Kvalitetssikring av rapportering og dokumentasjon
- Rettleiing av tilsette
- Prosjektarbeid i regi av barnevernet
Kvalifikasjonar
- Barnevern- eller sosialfagleg utdanning, helst på masternivå
- Ynskjeleg med erfaring frå kommunal barnevernsteneste
- Ynskjeleg med relevant vidareutdanning
- Leiarutdanning / kompetanse innan organisasjon, leiing og økonomi
- Leiarerfaring
- Kjennskap til verktøy og metodar i barnevernfagleg arbeid
- Gode norskkunnskapar
- God skriftleg og munnleg framstillingsevne
- Gode datakunnskapar
Personelege eigenskapar
- Evne til å leia og motivera medarbeidarar
- Engasjement for barnevern
- God organisasjonsforståing
- Fokus på tverrfagleg samarbeid
- Gode kommunikasjons-, løysnings- og samarbeidsevner
- Utviklingsorientert, målretta og resultatorientert
- Eigna for arbeid med foreldre, barn og ungdom
- Handtere arbeidspress og stor arbeidsmengde
- Er oppteken av å bidra til eit godt arbeidsmiljø
Vi tilbyr
- Pensjonsordning, ulykkes- og gruppelivsforsikring gjennom KLP
- Kvinnherad kommune er ei IA-verksemd
- Gode arbeidstilhøve i eit godt arbeidsmiljø
- Dekking av flytteutgifter etter nærare reglar
- Utfordrande og varierte arbeidsoppgåver
- Fleksibel arbeidstid, det må påreknast noko ettermiddags- og kveldsarbeid
- Intern og ekstern rettleiing
- Gode høve til friluftsliv både sommar og vinter
- Varierte kulturtilbod
- Gode oppveksttilhøve for barn
Den som vert tilsett må ha sertifikat og disponere bil.
Det er krav om gyldig politiattest før du tiltrer i stillinga. Kravet er heimla i lov om barnevern § 6.10.
Link til søknadsskjema: Søk her
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2353620
- Sist endret
26. juni 2023
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3173659_226019_nn