Rådgjevar/seniorrådgjevar - Pasientens helseteneste
Fag og utviklingsavdeling, Helse Førde
Svanehaugvegen 2, 6812 Førde
Om jobben
Stillingstittel
Rådgjevar/seniorrådgjevar
Type ansettelse
Engasjement
Antall stillinger
2
Fag og utviklingsavdelinga har ledig 200% årsengasjement frå snarast.
Stillingane er del av eit team som gir støtte til føretaket sitt arbeid med utvikling, forbetring og planlegging. Det er høg aktivitet innan organisasjons- og tenesteutvikling.
Du vil få høve til å bidra i det spanande utviklingsarbeidet med å planlegge og gjennomføre innflytting til nybygget ved Førde sentralsjukehus.
Arbeidsoppgåver
- Førebu og legge til rette for planlegging i prosjekt og utviklingsarbeid
- Støtte leiarar med metodikk og grunnlagsarbeid
- Delta i regionalt samarbeid om innføringar
- Planlegge og koordinere fora, møte og arrangement
- Sakshandsaming, utgreiingar, saksframlegg, høyringar
- Oppgåvene vil variere over tid
- Reiseaktivitet: Du må rekne med å måtte reise noko i samband med jobben
Kvalifikasjonar
- Relevant høgare utdanning og yrkeserfaring
- Utdanningsnivå
- Høgskule/universitet, hovudfag / mastergrad eller tilsvarande erfaringsnivå. Søkjarar med annan kompetanse kan bli vurderte
- Høgskule/universitet, hovudfag / mastergrad eller tilsvarande erfaringsnivå. Søkjarar med annan kompetanse kan bli vurderte
- Det er ønskjeleg med erfaring frå spesialisthelseteneste / helseteneste
- Erfaring / kompetanse innan forbetrings- og/eller prosjektarbeid
- Erfaring frå sakshandsaming og IKT-kompetanse
- Gode kommunikasjonsevner skriftleg og muntleg
Personlege eigenskapar
- Gode samarbeidsevner, forståing for kva som skapar gode prosessar og relasjonar
- Evne til å motivere og drive prosessar framover mot resultat
- Proaktiv og løysingsorientert
- Sjølvstendig, ansvarleg og systematisk
- Engasjert, trivst i eit aktivt og travelt miljø og likar varierte utfordringar
Vi tilbyr
- Lønn etter avtale
- God pensjons- og forsikringsordningar
- Triveleg arbeidsmiljø
- Høgt fagleg nivå
- Fagleg og personleg utvikling
Mangfaldserklæring
Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.
Kontaktinformasjon
Anne Kristin Kleiven, Uviklingsdirektør, (+47) 415 30 341Arbeidsstad
Svanehaugvegen 26812 Førde
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse FørdeReferansenr.: 4724921092
Stillingsprosent: 100%
Engasjement
Søknadsfrist: 03.12.2023
Om bedriften
Helse Førde HF har ansvar for spesialisthelsetenestene i Sogn og Fjordane. Føretaket arbeider for å gje pasientar og brukarar eit godt og heilskapeleg tilbod innanfor gjeldande rammer. Helse Førde sine institusjonar og prehospitale tenester er organisert i eit heilskapleg nettverk, og samarbeidet med andre instansar som m.a. kommunane er høgt prioritert. Føretaket har om lag 3 000 tilsette og eit budsjett på over 3,2 milliardar kroner og er den største verksemda i Sogn og Fjordane. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset.
Helseføretaket er eigd av det statlege Helse Vest RHF. Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønskjer å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2476838
- Sist endret
4. desember 2023
- Hentet fra
talentech
- Referanse
2148fd3aae2041fc9555e5e3367be0d3