Engasjerte Matvertar
Drift/teknisk divisjon/Hospitaldrift Matforsyning/ Spisestua seksjon 1, Helse Bergen HF
Haukelandsveien 22, 5021 Bergen, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Matvert Spisestua 15%
Type ansettelse
Fast, deltid
Arbeidstid
Turnus
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
4
Søk på jobben
Søk senest søndag 3. august
Helse Bergen søker engasjerte og dyktige matvertar til teamet vårt og har ledig følgande stillingar:
2x 15% faste stillingar med turnus dag/kveld og fast arbeid kvar tredje helg.2x 16% faste stillingar med arbeid kvar fjerde helg og ein kveld ca annankvar veke. Denne stillinga er kun kveldsarbeid.Aktuelle kandidatar vil bli kontakta fortløpande.Oppgi i søknaden kva stilling(ar) du søker på.Hospitaldrift leverer ikkje-medisinske tenester og produkt til kjerneverksemda som behandlar pasientar. Avdelinga har 790 engasjerte medarbeidarar, har eit breitt samansett fagmiljø og geografisk spreiing. Forbetrings- og serviceundersøking viser at me har nøgde medarbeidarar og brukarar.
Helse Bergen har gjennom satsinga si på ernæring vedteke etablering av Spisestua. Dette er eit konsept der kjøkkenfagleg personell slutt-tilverkar maten til pasientane ute i klinikken. Målet er at kjøkkenfagleg personell skal komma i nærare kommunikasjon med pasienten for å tilpassa kvar enkelt ernæringsbehovet sitt. Hospitalsdrift Matforsyning har ansvar for matstovene som finst for fleire avdelingar.
Matstovene er open frå kl. 07.00 - 21.30 alle dagar. Her ønsker vi å tilby pasientane freistande mat i hyggelege omgjevnader. Vi ønsker å bidra til at måltidet blir eit av dagens høgdepunkt for pasientane. Matvertane tar seg av bestilling, slutt-tilverking, anretning av mat, oppvask og rydding. Per i dag er det 21 matstover, 10 matstover i sentralblokka, 1 i Parkbygget, 5 i Glasblokkene, 1 på Nordås, 1 i Sandviken.
Arbeidsoppgåver
- Bidra med matomsorg til pasientar
- Bestilling, tillaging og servering av måltid
- Reinhald, oppvask og rydding
Kvalifikasjonar
- Gode kommunikasjonsevner: Du må kunne kommunisere godt på norsk, både skriftleg og munnleg
- Erfaring frå kjøkken/kantine: Tidlegare erfaring i ei liknande rolle. (søkar med fagbrev som kokk blir føretrekt)
- Kjennskap til IK-mat: Du må ha forståing for internkontroll og kvalitetssikring i matlaging
- Gode IT-kunnskapar: Du må vere komfortabel med bruk av dataverktøy og programvare
- Matfagleg interesse: Du har ei sterk interesse for mat og ernæring
Personlege eigenskapar
- Fagleg interesse og engasjement
- Serviceinnstilt og imøtekommande
- Trivast med å jobbe både sjølvstendig og i samarbeid med andre
- Strukturert og nøyaktig
- Vere fleksibel og kunne arbeide i eit hektisk miljø
- Ha respekt for kvar enkelt pasient
- Evne til å arbeide målretta med arbeidsoppgåvene
Vi tilbyr
- Spennande arbeidsplass der eit av våre satsingsområde er: "MAT SOM MEDISIN"
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Høgt fagleg nivå
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Arve Haga, Seksjonsleiar, 55977474
Arbeidsstad
Haukelandsveien 22
5021 Bergen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Bergen HF
Referansenr.: 4981233451
Stillingsprosent: 15, 16%
Fast
Søknadsfrist: 03.08.2025
Kontaktperson for stillingen
Arve Haga
Seksjonsleiar
55977474
Om bedriften
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
b033e5f7-30ac-4ac9-a1fe-b5cab6783392
- Hentet fra
talentech
- Referanse
f783399d32414c17b2563683cc5bdd5b