Sommarvikariat for pleieassistentar ved Somatiske avdelingar
Helse Bergen
Haukelandsveien 22, 5021 Bergen, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Sommarvikariat for pleieassistentar 2025
Type ansettelse
Feriejobb, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
20
Haukeland universitetssjukehus er eit av landets største og mest avanserte sjukehus. Vi jobbar for å fremme helse og livskvalitet.
Kvar sommar treng vi mange flinke assistentar i arbeid. Vi har ledige vikariat i sommar ved Somatiske einingar og vi søker kandidatar som er under helsefagleg utdanning.
Du må oppgi i søknaden kva for avdeling (ar) du ønsker å arbeide ved. Du må kunne jobbe i arbeidsperioden veke 25-33(34). Kandidatar som kan jobbe samanhengande i minimum 6-8 veker vil ha fortrinn.
Det er ledige vikariat ved desse avdelingane:
* Medisinsk klinikk: Nyre- og Hormonsjukdommar * Blodsjukdommar * Medisinsk Overvakingseining (MOE) * Infeksjonsmedisin * Fordøyelsessjukdommar * Dialysen
* Kirurgisk klinikk: Gastrokirurgisk avdeling
* Kreftklinikken: Kreft post 1/2 * Kreft Poliklinikk
* Hjarteavdelinga: Medisinsk sengepost * Thoraxkirurgisk sengepost
* Lungeavdelinga: Post 1 * Post 3
* Klinikk for hovud/hals: Hovud/hals og auge sengepost * Kjevekirurgisk poliklinikk
* Ortopedisk klinikk: OT syd * OT infeksjon
* Mottaksklinikken: Akuttmottak
* Kvinneklinikken: Føde AB
Du kan lese meir om avdelingane ved å klikke på link i navnet eller på vår heimeside www.helse-bergen.no/avdelingar
Kvalifikasjonar (overskrift)
Arbeidsoppgåver:
- Du vil inngå i drifta ved avdelinga
- Du vil delta i eit tverrfagleg samarbeid om å gi pasientar og pårørande eit best mogleg opphald på avdelinga
- Vere under helsefagleg utdanning og relevant pleieerfaring, erfaring frå sjukehus vil vere ein fordel
- For stillingar innan somatiske einingar må ein ha 400 timar pleieerfaring
- Meistre norsk skriftleg og munnleg
Vi tenkar at du:
- Er opptatt av at pasientane skal vere trygg på at dei får god pleie, respekt og omsorg medan dei er på sjukehuset
- Har god arbeidsmoral, er opptatt av kvalitet i arbeidet og er fagleg engasjert
- Har gode samarbeidsevner og godt humør
- Det blir lagt vekt på at ein er personleg eigna
Vi tilbyr deg:
- Introduksjon og opplæringsdagar
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Cathrine Fauske Haferkamp, Koordinator Bemanningsseneret, cathrine.fauske-haferkamp@helse-bergen.noArbeidsstad
Haukelandsveien 225021 Bergen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse BergenReferansenr.: 4910197034
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Søknadsfrist: 05.02.2025
Om bedriften
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2840600
- Hentet fra
talentech
- Referanse
6708619c988549ba8de7c6fa5e3467c5