Spesialsjukepleier, Allmennpoliklinikk
Stord DPS
Tysevegen 64, 5416 Stord
Om jobben
Stillingstittel
Spesialsjukepleiar Stord DPS
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Antall stillinger
1
Vi har ledig fast stilling 100 % for spesialsjukepleiar ved Allmennpoliklinikk.
Allmennpoliklinikk for vaksne ved Stord DPS/ BUP er delt opp i to behandlingsteam, med faste teammøte med fokus på gode kliniske drøftingar og vurderingar. Stord DPS er eit av tre DPS i klinikk for psykisk helsevern, Helse Fonna HF. Opptaksområdet for DPS dekkjer dei fire kommunane Stord, Fitjar, Bømlo, og Tysnes. Allmennpoliklinikken er organisert under felles leiing saman med døgnpost for vaksne, TSB, FACT og allmennpoliklinikk for barn og unge (BUP). Vi har eit godt og stabilt fagmiljø, med lokalt forankra helsepersonell, inkludert lege- og psykologspesialistar.
Stord DPS har over tid hatt eit sterkt fokus på utvikling av behandlingstilbodet. Som ein del av dette har vi implementert ei rekkje spesialiserte gruppetilbud, mellom anna 4-dagars angstbehandling/OCD-team (klinikkovergripande). Vi søkjer heile tida å arbeida systematisk og langsiktig med pasientkvaliteten. Vi etablerte lokalt Kvalitetsregister som eit ledd i kvalitetsforbetring og å leggja til rette for klinikknær forskning.
Arbeidsoppgåver
- Utgreiing og behandling
- Tverrfagleg samarbeid
- Delta i fagleg utviklingsarbeid og planlegging (rettleiing, undervisning,teamarbeid)
- Muligheter for å vera med å vidareutvikla pasienttilbodet
- Rettleiing til samarbeidspartnarar
Kvalifikasjonar
- Spesialsjukepleiar med vidareutdanning i psykisk helse
- Du har erfaring innan allmennpoliklinisk arbeid
- Ønskjeleg med erfaring frå undervisning og/ eller gruppebehandling der ein gjerne arbeider i team
- Det blir lagt vekt på personlege eigenskapar
Personlege eigenskapar
- Strukturert og med sterk gjennomføringsevne
- Engasjement for å formidla kunnskap internt og eksternt
- Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
- Kreativ, nytenkande og fleksibel
- Fleksibilitet i møte med skiftende utfordringer
Vi tilbyr
- Fagleg og personleg utvikling
- Eit utfordrande og spennande arbeidsfelt i stadig utvikling.
- Arbeid i tverrfagleg team.
- Eit godt fagmiljø og kjekke kollegaer.
- For å kunne vurdere fortrinnsrett til stilling, må søkar gi dette til kjenne i søknaden.
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst.
- Stillinga er dagstilling, 37,5 timars veke.
- Ein arbeidsplass som er ei inkluderande arbeidsliv-bedrift (IA-bedrift).
- Konkurransedyktig pensjonsordning. Yrkesskadeforsikring, gruppelivsforsikring og tenestereiseforsikring.
Mangfaldserklæring
Helse Fonna HF ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Helse Fonna HF ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.
Kontaktinformasjon
Thomas Hasmo Eilertsen, Avdelingsleiar, 93455990, thomas.hasmo.eilertsen@helse-fonna.noØydis Grov, Funksjonsleiar, 95402234, oydis.grov@helse-fonna.no
Arbeidsstad
Tysevegen 645416 Stord
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Fonna HFReferansenr.: 4632628513
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 09.04.2023
Om bedriften
Helse Fonna har rundt 4000 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.
Helse Fonna er eit lokalt helseføretak eigd av Helse Vest RHF. Vi har tre somatiske sjukehus i Haugesund, Stord og Odda, eit psykiatrisk sjukehus på Valen i Kvinnherad, fire distriktspsykiatriske senter (Stord, Karmøy, Haugesund og Folgefonn) og ti ambulansestasjonar.
For å bli betre kjend med oss, kan du sjå www.helse-fonna.no. Følg oss også gjerne på Facebook.
Sektor
Offentlig
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2282950
- Hentet fra
talentech
- Referanse
8481dc12a003446ebac31825218d52e3