Postdoktor ved Bergen senter for etikk og prioritering (BCEPS)
Universitetet i Bergen
Årstadveien 17, 5018 Bergen
Om jobben
- Stillingstittel
- Postdoktor
- Type ansettelse
- Åremål, heltid 100%
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidsspråk
- Engelsk
Søk på jobben
Søk senest søndag 3. mai
Kunnskap som formar samfunnet
UiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass.
Video: https://youtu.be/M5n6RnScNgAPostdoktorstilling
Ved Det medisinske fakultet, Institutt for global helse og samfunnsmedisin, Fagområde for etikk og helseøkonomi, er det ledig ei heiltidsstilling (100 %) som postdoktor frå 1. september 2026, for ein periode på tre (3) år (fire år dersom kandidaten får innvilga forskingsopphald ved ein internasjonal institusjon). Stillinga er lokalisert ved BCEPS, eit senter for framifrå forsking (SFF), og stillinga er finansiert av Universitetet i Bergen.
Om prosjektet/arbeidsoppgåver:
- Den som blir tilsett i stillinga vil samarbeide med «Rationing Lab» ved BCEPS, leia av professor Zeke Emanuel og professor Ole F. Norheim.
- Dette teamet har som mål å utforske korleis implementeringa av ulike etiske prinsipp og prioriteringskriterium påverkar velferda til befolkninga. «Rationing Lab» har som mål å utvikle eit generelt etisk rammeverk for prioritering som integrerer prioriteringsprinsipp med ulikt normativt utgangspunkt. I tillegg vil «Rationing Lab» utarbeide ei ny prosedyreretta tilnærming for implementering av modellar for prioritering.
- Postdoktoren vil vere sentral i å hjelpe teamet med å nå desse måla, og ein forskingsplan vil bli utvikla i samarbeid med leiarane av teamet.
- Det er forventa at postdoktoren publiserer artiklar av høg kvalitet og initierer nye innovative prosjekt som er relevante for BCEPS.
Kvalifikasjonar og eigenskapar:
- Søkjar må ha oppnådd norsk ph.d.-grad eller tilsvarande utdanning innanfor medisin, folkehelse eller andre helsevitskapar, filosofi, etikk, statsvitskap eller økonomi. eller ha levert doktoravhandlinga innan søknadsfristen. Det er ein føresetnad at doktorgraden er oppnådd før tilsetjing kan skje og seinast innan 5 månadar etter søknadsfrist.
- Erfaring frå relevante forskingsprosjekt innan politisk filosofi, etikk, økonomi eller helse er eit krav.
- Kandidaten bør kunne arbeide sjølvstendig og strukturert, og ha evne til å samarbeide med andre.
- Gode skriftlege og munnlege engelskkunnskapar er eit krav.
- Særeigne krav for stillinga: God forståing av etisk teori, måling og verdsetting av helse og velferd, og sentrale prinsipp for prioritering innan folkehelse er naudsynt.
- Personlege eigenskapar blir vektlagd ved vurderinga.
Om postdoktorstillinga:
Postdoktorstillinga er ei åremålsstilling og har som hovudmål å kvalifisere den som vert tilsett for arbeid i faglege toppstillingar. Ingen kan tilsetjast i meir enn ein åremålsperiode som postdoktor ved same institusjon.
Åremålsperioden for stillinga er tre år, med høve til å forlenge perioden inntil eit år dersom eit forskingsopphald i utlandet skal inngå i perioden.
Den tilsette kan verte pålagt pliktarbeid i form av undervisning og liknande arbeid ved instituttet.
Vi tilbyr:
- Spanande og utviklande arbeidsoppgåver i eit sterkt fagmiljø
- Løn for tida kr 660 000 (kode 1352) i lønsregulativet i staten for søkjar med profesjonsstudie i medisin og odontologi er løn for tida kr 670 000. For søkjarar med spesialistutdanning er løn for tida kr 695 000 (For søkjarar som har spesialistutdanning, må det leggjast ved spesialistgodkjenning frå Helsedirektoratet).
- Medlemsskap i Statens pensjonskasse
- Gode velferdsordningar
Søknaden skal innehalde:
- Ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjon for å søkje stillinga
- Karakterutskrifter og vitnemål (søkjarar med utanlandsk utdanning må leggje ved både vitnemål på original språket og autoriserte omsetjingar) og dokumentasjon på innlevert avhandling
- Relevante attestar
- Publikasjonsliste
- Vitskapelege arbeid. Det er særs viktig at kvart av dei vitskaplege arbeida som det skal takast omsyn til ved vurderinga i sin heilskap vert lasta opp som vedlegg til søknaden (pdf)
- to referansar (namn og kontaktinformasjon)
Generell informasjon:
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til professor Ingvild Sandøy, tlf. 55 58 85 54, e-post: ingvild.sandoy@uib.no.
Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.
Vi oppmodar menn om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju.
Nærare om tilsetjingsprosessen her.
Om bedriften
Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Det medisinske fakultet består av fem institutt og åtte senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
b010e5e1-5a5a-49c7-82f9-bdc7f88beef5
- Sist endret
13. april 2026
- Hentet fra
jobbnorge
- Referanse
10290897