Helsefagarbeidar/Hjelpepleiar natt 80%
Psykiatrisk klinikk/ Tidleg psykose Sandviken (TP), Helse Bergen HF
Sandviksleitet 1, 5036 Bergen
Om jobben
- Stillingstittel
- Helsefagarbeider/hjelpepleier
- Oppstart
- 1. april 2026
- Type ansettelse
- Fast, deltid 80%
- Arbeidstid
- Natt
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest lørdag 28. februar
Tidleg psykose Sandviken (TP), er ein lukka utgreiingspost for unge nysjuke, lokalisert ved Sandviken sjukehus. TP skal gi tilbod om utgreiing og start av behandling. Tilbodet er til unge nysjuke i alderen 16-30 år med både rusproblem og dei utan. Pasientgruppene er delt inn i to fråskilde områdde.
Det blir lagt vekt på psykoedukativt familiearbeid, samarbeid med andre instansar, fysisk aktivitet og forsking. TP har 15 (7 + 8) sengeplassar.
Helsefagarbeidar/hjelpepleiar inngår i tverrfagleg team saman med sjukepleiar, vernepleiar, psykiater, psykologspesialist/psykolog og sosionom. Treningsterapeut bidrar til å legge til rette for fysisk aktivitet. Vi har også erfaringskonsulent.
Vi kan tilby ein spennande og engasjerande arbeidsplass, kor vi legg vekt på kvar enkelt sin trivsel og faglege utvikling.
Tidleg psykose har ledig fast 80% stilling på natt som helsefagarbeidar/hjelpepleiar , med arbeid pt kvar 3. helg.
Arbeidsoppgåver
- Pasientoppfølging som inneber oppfølging av miljøterapeutiske tiltak, og fokus på å skape gode relasjonar til pasientane
- Tverrfagleg teamarbeid
- Observere og dokumentere
- Ein-til-ein kontakt og støttesamtalar
- Praktisk arbeid
Kvalifikasjonar
- Fagbrev som helsefagarbeidar/hjelpepleiar
- Ønskeleg med interesse for og eventuelt erfaring med unge menneske med psykose/schizofreni og eventuelt menneske med rusutfordringar
- Gode språkkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Ikkje-nordiske statsborgarar må kunne dokumentere ferdigheiter i norsk på minimum B2/NOR-U3- nivå eller høgare
Personlege eigenskapar
- Du må vere pasientorientert og ha respekt for kvar enkelt pasient
- Du må vere ansvarsbevisst, sjølvstendig, løysingsorientert og målretta
- Vi ønsker engasjerte og fleksible medarbeidarar med godt humør som kan bidra til eit godt arbeidsmiljø
- Må trivast i eit aktivt og travelt miljø
- Samarbeidsvillig og serivceinnstilt overfor pasientar og kollegaer
- Lojal, roleg og tolmodig
- Må vere personleg eigna til arbeidet
Vi tilbyr
- Lønn i henhald til gjeldande overeinskomst
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Triveleg arbeidsmiljø
- Høgt fagleg nivå
- Fagleg og personleg utvikling
- Ein arbeidsplass som er ei inkluderande arbeidsliv-bedrift (IA-bedrift)
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Cathrine Mjøs Kristiansen, Seksjonsleiar, cathrine.mjos.kristiansen@helse-bergen.noNora Kjerpeseth Kvellestad, Assisterande seksjonsleiar, nora.kjerpeseth.kvellestad@helse-bergen.no
Arbeidsstad
Sandviksleitet 15036 Bergen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Bergen HFReferansenr.: 5076345319
Stillingsprosent: 80%
Fast
Startdato: 01.04.2026
Søknadsfrist: 28.02.2026
Kontaktpersoner for stillingen
Om bedriften
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
affc995c-a015-400d-bd8d-12a6be09ee8a
- Sist endret
6. februar 2026
- Hentet fra
talentech
- Referanse
a1c464d18fea42a4b6e8497b8a7ad3e7
Lignende annonser
Helsefagarbeider
Arbeidsgiver
Psykiatrisk akuttmottak/ PAM1, Helse Bergen HF
Sted
Bergen
Arbeidsgiver
Hjemmebaserte tjenester i Årstad, Bergen kommune
Sted
Bergen
Sykepleier/vernepleier
Arbeidsgiver
LS Lokal sikkerhet, Helse Bergen HF, Divisjon psykisk helsevern
Sted
Bergen