Vi søkjer etter deg som er sjukepleiar eller vernepleiar!
Akuttpsykiatrisk post Haugesund, Helse Fonna HF
Karmsundgata 120, 5528 Haugesund
Om jobben
Stillingstittel
Sjukepleiar/vernepleiar
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Vi søkjer etter ein engasjert og kompetent sjukepleiar eller vernepleiar til vår akuttpsykiatriske avdeling ved Haugesund sjukehus. Avdelinga er ein lukka eining som har ansvar for akutt hjelp til psykisk sjuke individ frå ei brei variasjon av bakgrunnar og utfordringar. Vårt mål er å sikre at dei som står overfor ein krise får den nødvendige omsorga og behandlinga på ein trygg og forsvarleg måte.
Denne faste stillinga er på fulltid, med ein todelt turnus som inkluderer dag- og kveldsarbeid, samt arbeid kvar tredje helg. Det er mogleg å tilrettelegge stillingsprosenten eller turnusordninga for å finne ei løysing som passar for deg.
Interessert eller har spørsmål? Vi høyrer gjerne frå deg!
Arbeidsoppgåver
- Miljøterapeutisk behandling
- Medikamenthandtering
- Somatiske undersøkingar- og oppfølgjing
- Delta på tverrfaglege behandlingsmøter
- Kontakt med pårørande og barn som pårørande, kommune og andre samarbeidspartnerar
- Delta på obligatoriske treningar i MAP.
- Bidra til fagutvikling i eininga
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som sjukepleiar eller vernepleiar.
- Fordel med vidareutdanning innan fagområde psykisk helsearbeid og rus.
- Ynskjeleg med kjennskap til, og fortrinnsvis praksis, innan relevant fagområde.
- Gode språkkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Ikkje-nordiske statsborgarar må minimum ha bestått Bergenstesten eller anna norsktest på B2-nivå. Dokumentasjon må leggjast ved søknad
- Personleg eignaheit vert vektlagt.
Hos oss er det viktig at du
- Har et fagleg engasjement.
- Har evne til å arbeide godt i team
- Er fleksibel
- Trivst med å arbeide i tverrfaglege team.
- Er tilpassingsdyktig og kan takla stressande situasjonar med ro og faglege haldningar.
- Har interesse for arbeid med personar med alvorleg psykisk liding i akutt fase er ein føresetnad.
Vi tilbyr
- Ein spennande arbeidsplass med brei tverrfagleg kompetanse innan psykisk helsevern.
- Ei erfaren personalgruppe og fast ansatte spesialistar.
- Ei avdeling i nye, moderne lokale, samlokalisert med somatisk akuttmottak, og som aktivt samarbeider med andre avdelingar på sjukehuset og innan psykisk helsevern.
- Moglegheiter for rettleiing/undervisning og å bidra til fagutvikling.
- Løn etter avtale.
- Høve til rask oppstart.
- Ein arbeidsplass som er ei inkluderande arbeidslivs-bedrift (IA-bedrift).
- Konkurransedyktige pensjonsordningar. Yrkesskadeforsikring, gruppelivsforsikring og forsikring på tenestereiser.
Mangfaldserklæring
Helse Fonna ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonsevne og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Helse Fonna ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.
Kontaktinformasjon
Jonas Kirkhus, Funksjonsleiar - Akuttpsykiatrisk post, +47 41863999
Arbeidsstad
Karmsundgata 120
5528 HAUGESUND
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Fonna HF
Referansenr.: 4815190301
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 30.05.2024
Om bedriften
Helse Fonna har rundt 4000 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.
Helse Fonna er eit lokalt helseføretak eigd av Helse Vest RHF. Vi har tre somatiske sjukehus i Haugesund, Stord og Odda, eit psykiatrisk sjukehus på Valen i Kvinnherad, fire distriktspsykiatriske senter (Stord, Karmøy, Haugesund og Folgefonn) og ti ambulansestasjonar.
For å bli betre kjend med oss, kan du sjå www.helse-fonna.no. Følg oss også gjerne på Facebook.
Sektor
Offentlig
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2654026
- Hentet fra
talentech
- Referanse
28786e0661304a6d9ffd49492308fa47