Musikkpedagog
Sogndal kommune Sogn kulturskule
Hovevegen 2, 6856 Sogndal, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Type ansettelse
Fast, deltid 80%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest søndag 22. juni
Sogn kulturskule er eit levande og mangfaldig miljø med lærarar, elevar og kunstnarar som brenn for skaparglede.
Me har tilbod innan musikk, biletkunst og meir – og me har aktivitet både i Sogndal og Luster. Som arbeidsgjevar legg vi vekt på gode relasjonar, fagleg fridom og rom for utvikling.
Du får gode kollegaer som er opptekne av å løfte elevane, og vi lovar at du får vera med på noko som betyr noko.
Me søkjer
Musikkpedagog i inntil 80% stilling
Me ønskjer ein allsidig musikklærar med undervisningskompetanse på gitar og bandinstrument. Realkompetanse kan til ein viss grad erstatta formell utdanning. Søkjaren bør vera engasjert og initiativrik, og ha gode samarbeidsevner. Søkjarar må disponera bil.
Det er mogeleg å søka delar av stillinga.
Søkjarar bør ha stor breidde i rytmiske genrar som rock, pop og jazz og gjerne ha erfaring med klasseleiing i tillegg til kulturskuleundervisning.
Løn etter gjeldande tariff.
Fast og desentralisert undervisning – du vil jobba ulike stadar i begge kommunane.
Politiattest må leggast fram før tilsetjing
Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader. Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.
Link til søknadsskjema: Søk her
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
afc59a2f-c3cd-4131-9c92-67302168910e
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3512845_199073_nn