Me søkjer sjukepleiar i 75% fast stilling på korttidsavdelinga
Osterøy kommune
Osterøytunet 3, 5281 Valestrandsfossen, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Sjukepleiar 75% fast på korttidsavdelinga
Type ansettelse
Fast, deltid
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest i morgen
Om stillinga
Osterøytunet er kommunen sin sjukeheim og ligg på Hauge. Sjukeheimen har 65 plassar fordelt på sju grupper, der tre grupper er for personar med demens, tre grupper er for somatiske pasienter og den siste gruppa er ei kortidsgruppe. Sjukeheimen har eiga natteneste som også har ansvar for heimebuande. Stillinga er på korttidsavdelinga med todelt turnus og arbeid kvar tredje helg. Stillinga er ledig frå 25.9., men det er høve til å starte tidlegare med opplæring.
Vi søkjer ein engasjert og fagleg sterk sjukepleiar til korttidsavdelinga vår. Hos oss får du ein variert arbeidskvardag der du jobbar med pasientar med ulike og samansette behov, ofte i overgangen mellom sjukehus og heim. Arbeidsoppgåvene omfattar mellom anna sjukepleiefagleg oppfølging, vurdering og observasjon, legemiddelhandtering, koordinering av tenester og tett samarbeid med pårørande og anna helsepersonell. Du blir ein del av eit tverrfagleg miljø der di kompetanse utgjer ein viktig skilnad – kvar dag.
Kven søkjer vi etter?
Vi søkjer etter deg som trives i lag med eldre! Du som er engasjert, jobbar sjølvstendig og samtidig har gode samarbeidsevne. Du må like å ha ansvar, men bør også like å spele kollegaene dine gode. Du bør evne å opprette god relasjon til både pasientar, deira pårørande og dine kollegaer. Om du er sjukepleiar med eit godt humør og ei positiv innstilling er du langt på veg!
Høyres dette ut som deg - eller kanskje nokon du kjenner? Ikkje nøl med å ta kontakt med oss!
Vi tilbyr deg
- Ei spanande og gjevande stilling på korttidsavdelinga
- Du får samarbeide med fagleg dyktige og engasjerte kollegaer
- Tverrfagleg samarbeid
- Eit godt arbeidsmiljø med god blanding av fagleg kunnskap, humor og hjertevarme
- Moglegheit for fagleg utvikling
- Moglegheit til å påverke eigen arbeidplan i planlegginga av årsturnus.
- Moglegheit for å lade el- bil mot avgift
- Gode pensjons- og forsikringsvilkår
Arbeidsoppgåver
- Arbeid på korttidsavdeling med heilskapeleg omsorg og pleie. Bistand og rettleiing ut frå pasienten sine behov.
- Sjukepleiefagleg oppfølging, vurdering og observasjon, oppfølging av legevisitt, sårstell, blodprøver, palliativ pleie/behandling og andre prosedyrer, koordinering av tenester og tett samarbeid med pårørande.
- Samarbeid med sjukepleiarteam.
- Tverrfaglig samarbeid med lege og ergo/ fysio.
- Administrativt arbeid og samarbeid med forvaltningstenesta og heimetenesta.
Dokumentasjon i journalsystemet Profil.
Kvalifikasjonar
Må ha autorisasjon som sjukepleiar
Ha evne til å gjere faglege vurderingar og gjennomføre desse og å utvise godt skjønn
Vera opptatt av kvalitet og å holde deg fagleg oppdatert
Du er fleksibel, endringsvillig og løsningsorientert
Du må ha gode samarbeidsevner
Gode norskkunnskaper - munnleg og skriftleg
Søkjarar utanfor Skandinavia må dokumentera kunnskap i norsk skritfleg og muntleg gjennom bestått B2 test i norsk.
Å vera personleg eigna vil bli vektlagt
Kontaktpersoner for stillingen
Om bedriften
Osterøy kommune – Nær byen, nær naturen. Osterøy, ei av Nord-Europas største innlandsøyer, eit levande lokalsamfunn med allsidig næringsliv, godt utbygd servicetilbod og vakkert landskap. Folketalet er på om lag 8 000 innbyggjarar og det er både bru- og ferjesamband til nabokommunen Bergen. Frå Lonevåg sentrum, kommunesenteret vårt, tar køyreturen til Bergen om lag 45 minutt, til Åsane tar det om lag 30 minutt og til Arna kjem du på om lag 20 minutt. I tillegg til Lonevåg har ein og Valestrand, Haus, Fotlandsvåg og Bruvik som større bygder/tettstadar.
Osterøy har ein allsidig og livskraftig småindustri innan mekanisk, møbel, tekstil og næringsmiddelindustri. Fiskeoppdrett/-foredling er og ei viktig næring. Landbruk sysselset om lag 300 personar og tømraryrket står framleis høgt i kurs her på Osterøy.
I Osterøy skal det vere godt å bu både for unge og eldre. Kommunen har eit rikt kulturliv, ulike idrettsaktivitetar, godt utbygd skule- og barnehagetilbod og gode helse- og sosiale tenester.
Osterøy har også eit vakkert landskap med godt turterreng både sommar og vinter som innbyr til friluftsliv og vakre naturopplevingar.
Bli med på laget i Osterøy kommune! Me ønskjer oss stadig fleire kompetente og engasjerte medarbeidarar. Vi ser fram til å ta godt i mot deg og gje deg ei meiningsfull arbeidskvardag.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
af82da7d-6c55-4c35-95a6-9250c472f03a
- Hentet fra
jobbnorge
- Referanse
10258123