Lærling i kostymesyarfaget
Ll Det Norske Teatret
Kristian IVs gate 8, 0164 Oslo
Om jobben
- Stillingstittel
- Lærling
- Type ansettelse
- Lærling, deltid
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest fredag 27. mars
Det Norske Teatret har frå hausten 2026 ein ledig lærlingplass i kostymesyarfaget. Vi søkjer ein engasjert lærling som brenn for handverket, og som ønskjer å bli ein framifrå kostymesyar.
Lærlingplassen er ein del av kostymeavdelinga.
Utdanning, kvalifikasjonar og erfaring-
Minimumskrav til utdanning er VGI Handverk, design og produktutvikling og VGII Søm og tekstil og/eller anna relevant utdanning.
-
Vi søkjer ein kandidat som har interesse for kostyme og kan tenke seg en framtid i kulturfeltet.
-
Du må kunne arbeide sjølvstendig
-
Ansvarsbevisst på eiga læring, og lærevillighet
-
Strukturert, nøyaktig og med stor gjennomføringsevne
-
Du må fungere og trivast godt i team
-
Ein spanande lærlingplass med mange faglege utfordringar
-
Eit variert fagmiljø, og eit triveleg arbeidsmiljø
-
Ein spanande og utfordrande jobb i eit hektisk arbeidsmiljø
-
Stor tilgang til kunstnarlege opplevingar
-
God kollektiv gruppelivsforsikring
-
Gunstig ferieordning
-
Lønn etter tariff som ufaglærte
Arbeidstida er primært på dagtid, 37,5 timars veke. Du må rekne med noko arbeid på kveldstid og i helger. Tiltreding etter avtale.
Det Norske Teatret ønskjer å spegle samfunnet og oppfordrar kvalifiserte kandidatar som kan auke mangfaldet i organisasjonen vår til å søkje.
Om bedriften
Det Norske Teatret har sidan starten i 1913 vakse fram som ein av dei viktigaste og mest særeigne teaterorganisasjonane i Norden. Vi har som mål å vere eit djervt, ope og engasjerande teater dit folk søkjer for refleksjon, oppleving og underhaldning. Det Norske Teatret skal med nynorsk som scenespråk og eit breitt samfunnsengasjement skape nye uttrykk og nå eit stort publikum. Det Norske Teatret ligg sentralt i hovudstaden i eit moderne teaterbygg frå 1985 med 3 faste scener.
Sektor
Privat
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
af5218f4-8236-4409-a233-5508c1d4007b
- Sist endret
16. mars 2026
- Hentet fra
FINN
- Referanse
454769964