Økonomi- og finansdirektør
Helse Fonna HF
Karmsundgata 120, 5528 Haugesund
Om jobben
Stillingstittel
Økonomi- og finansdirektør
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest søndag 4. mai
Helse Fonna søkjer ein ambisiøs økonomi- og finansdirektør med sterke strategiske evner. Saman med leiarar og medarbeidarar i heile helseføretaket vil du utvikle og arbeide for å sikre ei framtidsretta spesialisthelseteneste for befolkninga. Med på laget har du 30 dyktige og engasjerte medarbeidere.
Som direktør vil du vera ansvarleg for å vidareføre og vidareutvikle denne funksjonen, styrke arbeidet med utvikling av verksemdsdata og strategisk økonomistyring. Økonomiavdelinga har i dag ansvar for budsjett, lønn, rekneskap og styringsdata.
Helse Fonna ønsker å vere eit offensivt og framtidsretta føretak som er ambisiøse på vegne av pasientane og tilboda som gis. Føretaket vil, som dei andre helseføretaka i landet, vere avhengig av å ta i bruk nye IKT løysingar, bidra til høg grad av digitalisering og å nytte teknologi rett for å møte behova i framtida.
Er du klar til å ta steget inn i ei nøkkelrolle i ei av dei viktigaste verksemdene i regionen? Då håper vi du søkjer på stillinga.
Kven ser vi etter?
For å lykkast må du ha relevant høgare utdanning, fortrinnsvis på masternivå eller tilsvarande erfaring. Du må i tillegg ha relevant leiarerfaring frå komplekse organisasjonar i privat eller offentleg sektor.
Økonomi- og finansdirektør har ansvar for saksførebuing til styret og eigar. Du vil ha eit tett samarbeid med administrerande direktør og resten av toppleiargruppa.
Du får ansvar for korrekt og påliteleg finansiell rapportering, og må ha full oversikt over den økonomiske utviklinga i helseføretaket.
Du har god gjennomføringsevne, og kan skapa tillit internt og i samarbeidet med eksterne aktørar. Som leiar motiverer og inspirerer du dine tilsette til å skapa eit godt arbeidsmiljø og levere gode tenester.
Du har stor arbeidskapasitet, trives med samarbeid og evner å etablerer gode relasjoner til dine medarbeidare og dei du samarbeider med.
Vi tilbyr
Vi tilbyr spennande og utfordrande arbeidsoppgåver i eit helseføretak med dyktige leiarar og medarbeidarar.
Du blir del av eit dyktig og svært kompetent team innanfor ein kompleks kompetansevirksomhet, med gode moglegheiter til å påverke og utvikle føretaket vidare, saman med styret, leiarar og medarbeidarar.
Du vil vere ein viktig bidragsytar i arbeidet med å utvikle tenesta på heile Vestlandet, i tett dialog med dei andre helseføretaka og det regionale helseføretaket.
Du kan be om å ikkje bli ført på den offentlege søkjarlista. Dette må du i så fall grunngi. Vi kontaktar deg dersom ønsket ditt ikkje blir teke til følgje.Kontaktinformasjon
Anders Hovland, Administrerende direktørSiren Eldøy Hinderaker, HR direktør
Arbeidsstad
Karmsundgata 1205528 Haugesund
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Fonna HFReferansenr.: 4939499512
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 04.05.2025
Kontaktpersoner for stillingen
Siren Eldøy Hinderaker
HR direktør
Anders Hovland
Administrerende direktør
Om bedriften
Helse Fonna har rundt 4200 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.
Helse Fonna ønsker så langt som råd å avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
For å bli betre kjend med oss, kan du sjå her www.helse-fonna.no.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2918738
- Hentet fra
talentech
- Referanse
547aca1334e44258bb2aeeff77c4bb59