Hopp til innhold

Vernepleiar/miljøterapeut Selje/Stadlandet

Arbeidsgiver

Miljøtenesta, Stad kommune

Sted

Leikanger, 6750 Stadlandet, 6740 Selje

Om jobben

Stillingstittel
Vernepleiarar og miljøterapeutar Selje/Stadlandet
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Antall stillinger
1
Arbeidsspråk
Norsk

Søk på jobben

Søk senest søndag 29. november

Vil du vere med og utvikle gode helse- og omsorgstenester i Stad kommune?

Miljøtenesta Selje/Stadlandet har ledig 100 % fast stilling som vernepleiar/miljøterapeut.

Er du autorisert vernepleiar, eller har du anna relevant treårig sosialfagleg utdanning? Ønskjer du ein variert og meiningsfull arbeidskvardag der du får bruke kompetansen din, ta fagleg ansvar og vere med på å utvikle gode tenester? Då vil vi gjerne høyre frå deg!

Hos oss får du høve til å påverke eigen arbeidskvardag og bidra aktivt i utviklinga av tenestane. Vi tilbyr moglegheit for langvaktturnus med komprimert arbeidstid, noko som kan gi meir samanhengande fritid og ein god balanse mellom arbeid og fritid.

Miljøtenesta Selje/Stadlandet er ei teneste i kontinuerleg utvikling, med fleire tenestestader som tilbyr heildøgnstenester og oppfølging av personar som bur i eigen heim.
Vi gir tenester til menneske i ulike aldrar og livssituasjonar, med ulike funksjonsnedsettingar og behov for støtte og tilrettelegging. Gjennom målretta miljøarbeid, fagleg engasjement og tett samarbeid arbeider vi for å skape trygge, meiningsfulle og individuelt tilpassa tenester.

Hos oss blir du ein del av eit engasjert fagmiljø der samarbeid, brukarmedverknad og fagleg utvikling står sentralt. Vi ønskjer medarbeidarar som tek initiativ, ser moglegheiter og vil bidra til å vidareutvikle tenestene våre.

Dette er stillinga for deg som ønskjer ansvar, faglege utfordringar og høve til å gjere ein forskjell i kvardagen til menneska vi gir tenester til.


Arbeidsoppgåver

  • Ansvar for det faglege rundt dei brukarane ein er primærkontakt for
  • Kartlegge og vurdere behov
  • Følge opp og dokumentere tenesteytinga etter kvalitetskrav, lovverk og kommunale retningslinjer
  • Tverrfagleg samarbeid og arbeid i team
  • Rettleie studentar, lærlingar og kollegaer, og bidra til kompetansedeling og fagleg utvikling
  • Følgje opp miljøterapeutiske tiltak
  • Utføre brukarretta pleieoppgåver i tråd med gjeldande kvalitetskrav
  • Oppfølging og dokumentasjon i pasientjournal
  • Tverrfagleg samarbeid med kommunale og eksterne tenester 

Kvalifikasjonar

  • Utdanning og autorisasjon som vernepleiar eller treårig sosialfagleg utdanning på universitets- eller høgskulenivå
  • God skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk
  • Grunnleggande IKT-ferdigheiter 
  • Aktuelle kandidatar må ha førarkort klasse B
  • Politiattest

Personlege eigenskapar

  • Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
  • Evne til å etablere god samhandling med fokus på ro, tryggleik og funksjonell kommunikasjon
  • Likar utfordringar og varierte arbeidsoppgåver
  • Er fleksibel og interessert i forbetringsarbeid
  • Tek initiativ og ansvar
  • Kan arbeide sjølvstendig og saman med andre

Vi tilbyr

  • Godt tverrfagleg samarbeid
  • Høve til å skape eit godt arbeidsmiljø  
  • Høve til fagleg utvikling
  • Vi legg til rette for vidareutdanning på område som kommunen har behov for
  • Løn- og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lov- og avtaleverk
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Tilbod om flyttegodtgjersle dersom du vil flytte til kommunen vår
  • Vernepleiar får rekrutteringstillegg på kr. 30.000 i tillegg til tariffløn
  • Busette i Stad kommune kan søkje Lånekassen om å få sletta delar av studielånet sitt

Stad kommune har god båtkorrespondanse til Bergen og nærflyplass i i Gloppen -  Sandane Anda lufthamn.

Vi ber om at du lastar opp vitnemål og attestar saman med søknaden. Referansar skal leggast inn. Stad kommune har 6 månader prøvetid. Politiattest skal leggast fram før start i stillinga.

Vi gjer merksame på at etter § 25 i offentleglova kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjar oppmodar om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Søknad om unnatak må grunngjevast. 

Dersom du har spørsmål om stillinga kan du kontake avdelingsleiar Silje Sneide tlf 481 19 558 eller einingsleiar Ann-Charlotte Jansson tlf 977 23 146. 

Kontaktinformasjon

Silje Sneide, Avdelingsleiar miljøtenesta ytre, 48119558, silje.sneide@stad.kommune.no
Ann Charlotte Jansson, Einingsleiar miljøtenesta, 97723146, ann.charlotte.jansson@stad.kommune.no

Arbeidsstad


6740 Selje

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Stad kommune

Referansenr.: 5206559376
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 29.11.2026

Kontaktpersoner for stillingen

Ann Charlotte Jansson

Einingsleiar miljøtenesta

97723146

ann.charlotte.jansson@stad.kommune.no

Silje Sneide

Avdelingsleiar miljøtenesta ytre

48119558

silje.sneide@stad.kommune.no

Om bedriften

Stad kommune har om lag 9 600 innbyggjarar og ligg midt i Nordfjord heilt nord i Vestland fylke. Kommunen består av fleire livskraftige tettstader og strekkjer seg frå storhavet i vest til fjell- og fjordlandskap i aust. Her finn du Vestkapp, surfemiljø i Hoddevika, Selja kloster, Harpefossen skisenter, vikingsenteret Sagastad, Malakoff-festivalen, Opera Nordfjord og Europas djupaste innsjø, Hornindalsvatnet. Kommunen har ledige bustadtomter, gode kommunale tenester, eit variert næringsliv og innbyggjarar med initiativ og pågangsmot. Stad kommune har som overordna mål å bli fleire. Vi treng deg som ønskjer å flytte til kommunen vår, og vi treng deg som har budd ute ei stund og ønskjer å flytte heim. Vi ønskjer å utvikle eit livskraftig og trygt samfunn der vi alle dreg i lag. I Stad kommune vil du møte lokalsamfunn som skil seg ut. Kommunen er stor nok til å gje deg rom og la deg leve ut draumane dine, og liten nok til å sjå deg og ta vare på deg. Vi ønskjer deg med på laget!

www.nordfjord.no/stad

www.hjartestad.no

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

af21c928-2352-43b8-ab9b-46b3064a36ae

Sist endret

11. november 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

9d134eb4ade14d92b1d94076f3ba638a

Lignende annonser

Laster lignende annonser