Hopp til innhold

Sommarjobb på Rygge flystasjon og Oscarsborg

Arbeidsgiver

Forsvarsbygg

Sted

1580 Rygge, 1443 Drøbak

Om jobben

Stillingstittel
Sommarjobb på Rygge flystasjon og Oscarsborg
Type ansettelse
Sesong, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
6
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Søk på jobben

Søk senest mandag 13. april

Forsvarsbygg søkjer til saman 6 sesongarbeidare/ sommarvikarar til ulike oppgåver innan utandørs drift og vedlikehald på Rygge flystasjon og på Oscarsborg.

Vi treng 4 sommarvikarar til Rygge flystasjon og 2 stk til Oscarsborg i perioden 20.april til 30. september. Arbeidsoppgåvane kan eksempelvis vere plenklipp, rydding og anna førefallande oppgåver.
Vi vil gjerne at du gjer greie for kva for stilling du søker på og kva for ei periode du er interessert i å arbeide.


Sommarvikarane hos oss vil få ein avtale som blir kalla rammeavtale for tilkalling for perioden 20.04.2026 – 30.09.2026. Denne avtalen vil seie noko om kva vilkår som gjeld, og kva lønn du får når du er på jobb. Når du skal jobbe innanfor denne perioden, blir avtalt med den som blir leiaren din. Arbeid ut over dette kan også avtalast alt etter kva som er arbeidsgivars behov, og kva som passar for deg. 


Les meir om Forsvarsbygg på www.forsvarsbygg.no og på karrieresida vår: www.forsvarsbygg.no/jobb

Arbeidsoppgåver

  • Førefallande oppgåver utandørs, som plenklipping, rydding, maling og anna påkommande arbeid.
  • Kven ser vi etter?

    Vi ser etter deg som er:

    • God til å samarbeide
    • Sjølvstendig
    • Fleksibel
    • Påliteleg
    • Ansvarleg

    Kvalifikasjonar

    • Du må vere fylt 18 år
    • Du må kunne autoriserast til B føre oppstart. Les mer om autorisasjon på NSMs nettsider.
    • Du må kunne jobbe minimum 4 veker
    • Du må ha førarkort kl. B
    • Det er ein fordel at du har erfaring frå bruk av maskinar/landbruksreiskap
    • Personar som går yrkesfag oppfordrast til å søke
    • Kunnskap om bruk av sitteklippar vil bli vektlagt

    Vi tilbyr

    Lønn som hjelpearbeidar (kode 1115), kr. 417 600,- i brutto årleg lønn.

    Kontaktinformasjon

    Espen Gundersen, Områdeleiar, 907 27 379

    Arbeidsstad


    1580 Rygge

    Nøkkelinformasjon:

    Arbeidsgivar: Forsvarsbygg

    Referansenr.: 5084654286
    Stillingsprosent: 100%
    Sommarjobb
    Søknadsfrist: 13.04.2026

    Kontaktperson for stillingen

    Espen Gundersen

    Områdeleiar

    907 27 379

    Om bedriften

    Sidan festningane si tid har operative og funksjonsdyktige bygningar og anlegg vore avgjerande for Noreg si forsvarsevne. Det er Forsvarsbygg sitt ansvar å bygge denne forsvarsevna. Vi utviklar, bygger, driv og avhendar bygningar, anlegg og eigedom for forsvarssektoren. Vi er Noreg si største offentlege eigedomsaktør, ein attraktiv arbeidsgjevar med leiande fagkompetanse innan bygg og eigedom, og ei rekkje tilknytte fagområde.

    Forsvarsbygg har ansvaret for over 12 000 bygningar og anlegg over heile landet, og har til ei kvar tid ansvaret for om lag 300 aktive investeringsprosjekt. Eigedomsparteføljen vi forvaltar inneheld mange av dei mest særegne og krevjande bygningane i landet, frå dei 15 festningane som er tilgjengelege for allmennheten, til militærleirar, skyte- og øvingsfelt og flystasjonar for Forsvaret. Forsvarsbygg har hovudkontor i Oslo med lokalitetar over heile landet.

    Forsvarsbygg er ein etat i forsvarssektoren og underlagt Forsvarsdepartementet. Vi meiner at inkludering og mangfald er ein styrke. Vi ønskjer medarbeidarar med ulike kompetansar, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra til endå betre oppgåveløysing. Vi vil tilretteleggje for medarbeidarar som har behov for det. Aktuell tilrettelegging kan til dømes vere tekniske hjelpemiddel, tilpassing av møblar eller endring av rutinar og arbeidsoppgåver.

    Sektor

    Offentlig

    Del annonsen

    Annonsedata

    Rapporter annonse
    Stillingsnummer

    af1c0190-1580-4380-ac13-2b822bd30dc6

    Sist endret

    4. mars 2026

    Hentet fra

    talentech

    Referanse

    8eac1fa0617c49478c27d5905b084260

    Lignende annonser

    Arbeidsgiver

    Park, idrett og friluftsliv, Nesodden kommune

    Sted

    Nesoddtangen

    Arbeidsgiver

    Avlastning og fritid for barn og unge, Faunsvei

    Sted

    Sellebakk

    Sommarjobb på Rygge flystasjon og Oscarsborg - arbeidsplassen.no