Arkivmedarbeidar
Kommunearkivordinga i Vestland
Askedalen 2, 6863 Leikanger
Om jobben
Stillingstittel
Arkivmedarbeidar
Oppstart
1. september 2025
Type ansettelse
Engasjement, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest søndag 13. juli
Vi har ledig engasjement i to år som arkivmedarbeidar på Leikanger i Sogndal kommune. Arbeidsoppgåvene er knytt til eldre og avslutta kommunale arkiv, som skal sikrast, ordnast, bevarast og formidlast.
Kommunearkivordninga i Vestland yter rådgjevingstenester og er arkivdepot for Vestland fylkeskommune og kommunane i Nordfjord, Sunnfjord og Sogn. Vår nye medarbeidar vil gå inn som ein ekstra ressurs i denne perioden. Arbeidsoppgåvene vil i all hovudsak vere knytt til ordning av arkiv. Andre driftsoppgåver kan også vere aktuelle, og arbeidsoppgåvene vil verte justerte og tilpassa avhengig av organisasjonen sine behov og medarbeidaren sin kompetanse.
Vestland fylkeskommune er vertskap for Kommunearkivordninga, og saman med fagområda privatarkiv, foto, tradisjonsmusikk, stadnamn og digital kultur utgjer vi ein stor arkivseksjon med over 20 tilsette, dei fleste på Leikanger. Fylkeskommunen bevarer og formidlar ein samla samfunnsdokumentasjon frå Vestland. Vi kan by på brei fagkompetanse og eit godt arbeidsmiljø.
Arbeidsstad for denne stillinga er Leikanger i Sogn, ei lita bygd mellom fjord og fjell i Sogndal kommune. Kommunen er vertskap for mellom anna Digitaliseringsdirektoratet, Høgskulen i Vestland, fleire teknologiverksemder på Campus, Vestlandsforsking og Sogndal fotball. I tillegg til dette har vi eit svært aktivt ski- og friluftsmiljø, samt fleire museum og kulturscener. Her kan du både få eit givande arbeidsliv og ei innhaldsrik fritid.
Det er mogeleg å jobbe i ein mindre stillingsprosent (mellom 50% og 100%) om dette er ønskeleg frå søkar si side. Oppgi i så fall dette i søknaden.
Arbeidsoppgåver
Arbeidsoppgåver som ligg til stillinga- Ordning og registrering av arkiv
- Arbeid med innsyn i og framfinning av arkiv
- Anna dagleg drift
Andre arbeidsoppgåver som kan leggast til stillinga
- Muggsanering
- Digitalisering/skanning
- Arbeid med mottak av fysiske arkiv
- Arbeid med det elektroniske fagsystemet vårt, Asta
- Arbeid med elektroniske arkiv
- Formidling
Kvalifikasjonar
Den som vert tilsett må ha:- Minst 3 år relevant utdanning frå universitet eller høgskule. Relevante fag kan til dømes vere arkiv, historie, kulturvitskap, samfunnsvitskap, informasjonsvitskap med fleire. Utdanningskravet kan fråvikast dersom du har relevant realkompetanse.
- God norsk skriftleg og munnleg framstillingsevne.
- Interesse for arbeid med arkiv og historie
- Erfaring frå liknande arbeid
- God digital kompetanse
- Kunnskap om kommunal forvalting og arkiv
- Erfaring med skriftleg kjeldemateriale
- Førarkort for personbil
Personlege eigenskapar
Vi er på jakt etter deg som likar å arbeide sjølvstendig, effektivt og målretta over tid. Du må vere nøyaktig og ha sans for detaljar og systematikk.Vi tilbyr
- Løn etter kvalifikasjonar og avtale
- Gode forsikrings og pensjonsordningar
- Fleksibel arbeidstid
Har du spørsmål til stillinga eller ønskjer meir informasjon, er du velkomen til å kontakte fagleiar for Kommunearkivordninga - Sigrun Espe: 990 44 666 / sigrun.espe@vlfk.no.
Kontaktinformasjon
Sigrun Espe, leiar, 99044666Arbeidsstad
Askedalen 26863 Leikanger
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommuneReferansenr.: 4975028462
Stillingsprosent: 100%
Anna
Startdato: 01.09.2025
Sluttdato: 31.08.2027
Søknadsfrist: 13.07.2025
Kontaktperson for stillingen
Sigrun Espe
leiar
99044666
Om bedriften
Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg.
Vi skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass for alle, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, religion, livssyn, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Hos oss jobbar vi aktivt med mangfald, inkludering og likestilling. Mangfald bidrar til auka innovasjon, berekraft, effektivitet, læring og trivsel. Vi vil at dei som jobbar hos oss skal spegle samfunnet i Vestland.
Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista blir offentleggjort.
Alle nye tilsetjingar blir gjort med ei prøvetid på 6 månader. Administrasjonsmålet vårt er nynorsk.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
af18b5c4-e356-4872-9863-0daedf0708f5
- Hentet fra
talentech
- Referanse
79e205eeae9f49b4a1401bce03a052c4