Avdelingsleiar for behandlingshjelpemidler
Klinikk for medisinske tenester og beredskap - Helse Fonna HF
Karmsundgata 120, 5528 Haugesund
Om jobben
Stillingstittel
Avdelingsleiar for Behandlingshjelpemidler
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
I stillinga som avdelingsleiar ved avdelinga for behandlingshjelpemidler vil du ha eit heilskapleg ansvar på nivå 3 for fag og kvalitet, drift, personell, økonomi og samarbeid. Avdelinga for behandlingshjelpemiddel har ansvar for å sikre at pasientar som treng langvarig medisinsk behandling, får det utstyret og dei hjelpemidla dei har behov for. Målet er å leggje til rette for at pasientane kan få behandling utanfor sjukehus.
Hovudoppgåvene våre omfattar utlån og tilpassing av medisinsk utstyr, opplæring av pasientar og pårørande, samt vedlikehald, service og reparasjon av utstyret. I tillegg inneber stillinga samarbeid med kommunale helse- og omsorgstenester, og ansvar for logistikk og lagerstyring knytt til behandlingshjelpemiddel.
Som avdelingsleiar vil du rapportere til klinikkdirektør og du vil inngå i leiargruppa i klinikken.
Vi søkjer ein initiativrik leiar, som evner å bygge gode relasjonar og godt samarbeid på tvers av faglege og organisatoriske grenser. Du må ha evne til å skape entusiasme som bidrar til å vidareutvikle ein forbetringskultur som motiverer til kontinuerleg og systematisk kvalitetsforbetring, nytenking, endring og omstilling.
Kva går jobben ut på?
- Avdelingsleiar har det overordna ansvaret for personell, økonomi og fagutvikling i avdelinga
- Vidareutvikle samarbeidsrelasjonar, både internt og eksternt
- Ivareta vårt miljø- og samfunnsansvar
- Kontinuerleg og systematisk kvalitetsforbetring og vidareutvikling av forbetringskultur
- Sikra at tenesta oppfyller nasjonale og lokale krav og retningslinjer
- Planlegge og legge til rette for at avdelinga blir drifta fagleg godt og effektivt.
- Bidrar til at avdelinga støttar opp under Helse Fonna sine overordna mål.
- Ivareta ansvaret som kulturbærar i tråd med ønska kultur i avdelinga og ut mot alle samarbeidspartar
Kva kompetanse er viktig i denne rolla?
- Relevant helsefagleg utdanning med norsk autorisasjon
- Leiarutdanning. Manglande formell leiarutdanning kan fråvikast dersom søkjar er villig til å ta leiarutdanning i samråd med klinikkdirektør.
- Erfaring frå tverrfagleg samarbeid og god organisasjonsforståing
- Erfaring med økonomistyring
- Må ha grunnleggjande IKT-kompetanse
Kva ser vi etter hos deg?
- Er tydeleg, set mål og fylgjer opp at resultat blir skapt
- Er omgjengeleg og serviceinnstilt, med gode evner til samarbeid og relasjonsbygging
- Kan leia kompetente medarbeidarar slik at dei får og tek ansvar
- Involverer og tek initiativ til samarbeid med tillitsvalde og verneombod
- God rolleforståing, lojalitet til formelle avgjerdsprosessar
- Evne til å arbeide sjølvstendig og i team
- God til å kommunisera og formidla mål, forventningar og retningslinjer på ein klar og tydeleg måte som sikrar effektiv informasjonsutveksling
- Høg gjennomføringsevne og god til å ta avgjerder basert på både fakta og intuisjon
- Komfortabel med å ta ansvar for utfall av avgjerder
- God problemløser som jobbar godt under press, evner å tenkja raskt å ta avgjerder og finna løysingar
- Evne til å fremja utvikling og skapa kultur for kontinuerleg forbetring
- Evne til sjølvrefleksjon og å vurdera eigen leiingsstil, ta imot konstruktiv kritikk og kontinuerleg arbeid med personleg utvikling som leiar.
Kvifor skal du velje oss?
Hos oss får du ein:
- spennande og utfordrande jobb
- aktivt og triveleg arbeidsmiljø
- leiarstilling med gode moglegheiter for fagleg og personleg utvikling
- viktig og interessant jobb i norsk helsevesen
- jobb med eit fagmiljø med høg kompetanse og tverrfagleg samarbeid
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Ingvill Hystad Kyvik, Avdelingsleiar, 99288072, ingvill.hystad.kyvik@helse-fonna.no
Hilde Sørhus Kalvenes, Administrasjonssekretær, 52732203, hilde.sorhus.kalvenes@helse-fonna.no
Arbeidsstad
Karmsundgata 120
5528 Haugesund
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Fonna HF
Referansenr.: 4977511093
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 12.06.2025
Om bedriften
Helse Fonna har rundt 4200 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.
Helse Fonna ønsker så langt som råd å avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
For å bli betre kjend med oss, kan du sjå her www.helse-fonna.no.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
af09f54b-44c0-4d51-8589-ad638fae7dd7
- Hentet fra
talentech
- Referanse
2e9a0e121cce47f0a610e63ddf74ecd6