Lege i spesialisering i onkologi
Kreftklinikken / Helse Bergen HF
Haukelandsveien 22, 5009 Bergen, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Lege i spesialisering i onkologi
Oppstart
1. september 2025
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
7
Søk på jobben
Søk senest tirsdag 22. april
Kreftklinikken på Haukeland Universitets sjukehus er Vestlandet si regionale kreftavdeling. Vi har ansvaret for dei fleste former for avansert ikkje-kirurgisk kreftbehandling i Helse Vest RHF, herunder stråleterapi og medikamentell kreftbehandling.
Ved sida av utgreiing og behandling av pasientar i samsvar med internasjonalt anerkjende opplegg, blir det arbeidd med forbetring av eksisterande behandlingsmetodar og utvikling av nye tilbod. Avdelinga har fleire aktive forskingsmiljø som driv på høgt internasjonalt nivå.
Ved stråleterapi blir det lagt stor vekt på å bruke behandlingsopplegg som er utarbeida spesielt for den enkelte pasient, for å oppnå best mogleg effekt på kreftsjukdommen, og redusere biverknadane.
Vi arbeider tverrfagleg og multidisiplinært med mange faggrupper til det beste for pasienten. Det er eit integrert samarbeid med opererande avdelingar i sjukehuset om multimodal kreftbehandling, og det er etablert eit sarkomsenter med 4-6 senger på ein av postane. Vi er per i dag 29 LIS-legar og rundt 43 overlegar.
Vi har no ledige faste stillingar og vikariat (6 og 12 måneders varigheit) frå september 2025 som lege i spesialisering i onkologi. Lege i spesialisering i onkologi-vikariata kan telje som del av spesialistutdanninga. For vikariat kan Cand.med. som ventar på å gjennomføre LIS1 òg søke og vil bli vurdert dersom det ikkje er andre kvalifiserte søkarar. Cand.med. blir inkludert i vaktrotasjon, hvis ledig vaktplan.
For fast stilling gjeld følgande: Vi tilbyr spesialistutdanning som dekker heile utdanningsløpet i onkologi med rotasjonsordning til medisinsk teneste (hematologi og annan medisinsk seksjon). Spesialistutdanninga vil gå føre seg i Bergensområdet, inkludert sideutdanninga. Etter fullført spesialisering, vil stillinga bli omgjort til stilling som legespesialist.
Tiltreding i stillingane fortløpande. Det er mulighet for start i vår. Opplys i søknaden om du ønsker å starte før september 2025 og opplys om du søker fast stilling, vikariat eller begge.
Arbeidsoppgåver
- Legar i spesialisering vil i rotasjon vere fordelt på ulike team på sengepostane. Legar i spesialisering deltar i postarbeid med mellom anna visittgang, inn- og utskriving av pasientar, poliklinikk og vurdering av pasientar saman med overlege. Seinare får legar i spesialisering under supervisjon av overlege sjølvstendige oppgåver knytta til vurdering av behandlingsopplegg, inkludert strålebehandling med målvoluminnteikning
- Det er p.t. 26-delt tilstadesvakt
Kvalifikasjonar
- Den som blir tilsett som LIS må ha norsk autorisasjon og godkjend turnusteneste/LIS 1 eller teneste som etter gjeldande norsk regelverk kan leggast til grunn for tilsetting i LIS stilling i onkologi
- For vikariat kan Cand.med. som ventar på å gjennomføre LIS1 òg søke og vil bli vurdert dersom det ikkje er andre kvalifiserte søkarar
- Må meistre norsk skriftleg og munnleg
- God skriftleg dokumentasjonsevne
- Anna som blir lagt vekt på er vitskapelege merittar og evner
- Dokumentert relevant erfaring
Personlege eigenskapar
- Er effektiv og rasjonell når ein utfører sitt arbeid
- Forstår raskt komplekse spørsmål og problem
- Demonstrerer god fagleg kunnskap og vurderingsevne, og kan integrere dette i sitt daglege arbeid og i fagutvikling på ein god måte
- Identifiserer og skil ut kva som er relevant informasjon om ein pasient, og sikrar korrekt oppfølging av pasienten
- Kommuniserer og samarbeider godt med pasientar, pårørande og anna helsepersonell, kan tilpasse og formidle kompleks informasjon til desse
- Behandlar pasientar og pårørande profesjonelt, respektfullt og empatisk, møte menneske i krise på ein god måte
- Har god munnleg og skriftleg presentasjonsevne
- Har vilje og evne til å tilpasse seg skiftande krav og tilhøve
- Stillingane passar godt til legar med stor fagleg interesse og arbeidskapasitet
Vi tilbyr
- Veileder
- God opplæring og rettleiing av erfarne legar.
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Eit givande arbeid og anledning til å utvikle seg mykje personleg og fagleg innanfor eit godt arbeidsmiljø
- Sideutdanning tilknytt spesialistforløpet i onkologi
- Eigen rotasjonsordning for indremedisin sideutdanning
- Eigen rotasjonsordning for læringsmål i lungekreft ved Lungeavdelingen
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp vitnemål og karakterutskrifter.
Ved å bruke Vitnemålsportalen sikrar du at dokumenta dine er verifiserte og oppdaterte. Du finn meir informasjon om korleis du brukar Vitnemålsportalen på www.vitnemålsportalen.no. Har du har tatt utdanning i utlandet, må du legge ved godkjenning frå UDIR/Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HR-dir) i søknaden. Om du ikkje finn alle dine relevante vitnemål i Vitnemålsportalen, kan du laste dei opp som eigne vedlegg til søknaden.
Kontaktinformasjon
Martin Pilskog, ass. seksjonsleiar lege, +47 41760139Arbeidsstad
Haukelandsveien 225009 Bergen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Bergen HFReferansenr.: 4938252120
Stillingsprosent: 100%
Fast, Vikariat
Startdato: 01.09.2025
Sluttdato: 01.03.2026
Søknadsfrist: 22.04.2025
Kontaktperson for stillingen
Martin Pilskog
ass. seksjonsleiar lege
+47 41760139
Om bedriften
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2899949
- Hentet fra
talentech
- Referanse
637c91abf29141eba6795dfec85faecf