Frivilligkoordinator - 100 % fast stilling
Modalen kommune
Mo 3, 5729 Modalen
Om jobben
- Stillingstittel
- Frivilligkoordinator
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest søndag 22. februar
Om stillinga
Vi søker frivilligkoordinator i 100% fast stilling for å etablere, utforme og drifte Modalen frivilligsentral. Frivilligsentralen er kommunalt eigd og frivilligkoordinator vil såleis vere ansatt i Modalen kommune sin sentraladministrasjon. Sidan Modalen ikkje har ein frivilligsentral frå før, vil frivilligkoordinatoren få vere med å utforme innhald og drift frå start. Sentralen skal stimulere til frivillig innsats og bidra til å vidareutvikle eit levande lokalmiljø der folk kan møtast. Vi ser etter ein frivilligkoordinator som kan vere ein pådrivar i dette arbeidet.
Arbeidsoppgåver og ansvar
- Ansvarleg for drifta av Frivilligsentralen.
- Kartlegge og ha oversikt over kva innbyggjarane i Modalen treng av tilbod og ordningar som kan organiserast av frivillig innsats.
- Rekruttering, opplæring, koordinering og rettleiing av frivillige.
- Vere ein ressurs for dei som treng hjelp til å søkje tilskot frå offentlege eller private aktørar.
- Leggje til rette for og bidra til aktivitetar, møteplassar og tilbod i samhandling med frivillige og relevante tenester i kommunen.
- Organisere drifta av BUA Modalen.
- Få ut informasjon til innbyggjarane om tilbod via kanalar som treff dei ulike målgruppene.
- Rapportering for frivilligsentralen.
- Andre arbeidsoppgåver kan kome til.
Ein må rekne med arbeid på kveld/helg.
Kvalifikasjonskrav
- Bachelor eller tilsvarande utdanning. Lang relevant erfaring kan kompensere for manglande utdanning.
- Kunne arbeide sjølvstendig og ta ansvar for drifta av frivilligsentralen.
- Gode norskkunnskapar, både munnleg- og skriftleg.
- Beherske bruk av IKT og digitale løysingar.
- Førarkort klasse B.
Våre ynskje om deg
- Du må vere oppteken av frivillig arbeid og sjå verdien dette har i lokalsamfunnet.
- Du må vere serviceinnstilt, engasjert og initiativrik.
- Vere interessert i og flink med ulike type menneske.
- Du må like å jobbe sjølvstendig, men også kunne samarbeide med andre.
- Personleg eignaheit vil verte vurdert spesielt og vil utgjere ein viktig faktor ved tilsetjing.
Me tilbyr
- Ei sentral rolle i kommunen som organisasjon, med spanande, varierte og utfordrande arbeidsoppgåver i ein kommune med engasjerte tilsette og innbyggjarar.
- Løn etter tariff.
- Gode pensjons- og forsikringsordningar.
- Høve til fagleg og personleg utvikling.
Anna
- Tilsetjing vert gjort etter gjeldande lover, føresegner og avtalar.
- Det vert stilt krav om politiattest.
- Tenestespråket i Modalen kommune er nynorsk.
- Arbeidsstad: kontorplass på Mo, aktivitetar vert gjennomført i tilgjengelege lokale ulike stadar i kommunen.
Kontaktpersoner for stillingen
Om bedriften
Modalen er ein liten kommune med stor kraft.
Vil du trivast i ein liten kommune med oversiktlege forhold? Då er Modalen plassen for deg. Her vil du koma tett på den enkelte innbyggjar og saman med oss kunna nyta det gode livet på landsbygda. Samstundes er ikkje byen langt borte, berre ein time køyring til Bergen.
Dersom de er 2 eller fleire som vurderer Modalen som arbeidsplass, ta gjerne kontakt med vår samarbeidspartnar Uni Micro AS på www.unimicro.no for evt. ledige stillingar.
Vi er 6 tilsette som har arbeidsoppgåver innan informasjon, kundetorg, politisk sekretariat, arkiv, løn, bibliotek, kultur, koordinering Bryggjeslottet m.m.
Som tilsett i sentraladministrasjonen kjem ein tett på både innbyggjarane i kommunen, og dei ulike einingane. Ein får ein brei kompetanse, og får ta del i mange ulike arbeidsoppgåver og prosjekt. Vi treng engasjerte og løysningsorienterte medarbeidarar, som opplever at arbeidsoppgåvene er meiningsfylte. I Modalen kommune er me opptatt av å ha eit godt samarbeid og spele kvarandre gode.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
aedc8de0-ff1e-413f-a420-1a3d18277d49
- Sist endret
26. januar 2026
- Hentet fra
jobbnorge
- Referanse
10278952
Lignende annonser
Ringevikarar - Leiknes skule 25/26
Arbeidsgiver
Alver kommune
Sted
Hjelmås
Ringevikarar - Eikanger skule 25/26
Arbeidsgiver
Alver kommune
Sted
Eikangervåg
Arbeidsgiver
Masfjorden Sokn
Sted
Haugsvær