Har du lyst på ein spennande jobb innan HR?
Eide Fjordbruk
5035 Bergen
Om jobben
Stillingstittel
HR- Koordinator
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest i overmorgen
Me søkjer HR-koordinator
Eide er eit familieeigd selskap og ein av pionerane i havbruksnæringa. Me har ein visjon om å setje standarden for framtidas havbruk -- ikkje berre som produsent, men som førebilete for heile næringa. Me viser kvar dag at det er mogleg å produsera mat i sjøen på ein berekraftig måte, med respekt for fisken, naturen og menneska bak.
No søkjer me ein strukturert og engasjert HR-koordinator som vil vere med på denne reisa.
Om stillinga
Som HR-koordinator vil du spela ei viktig rolle i å støtta både tilsette og leiarar i verksemda. Du vil få ei unik moglegheit til å jobba med spanande og varierte HR-oppgåver på tvers av konsernet.
Eksempel på arbeidsoppgåver:
- Koordinera og gjennomføra onboarding- og offboarding-prosessar
- Utarbeida og oppdatera arbeidskontraktar, stillingsomtalar og personaldokument
- Administrera personalregister
- Bistå i rekrutteringsprosessar, inkludert planlegging og gjennomføring av intervju
- Organisera og følgja opp kurs, kompetanseutvikling og e-læringsløysingar
- Sikra at malverk og rutinar er oppdaterte og i tråd med gjeldande regelverk
- Planleggja og støtta opp om medarbeidarsamtalar og utviklingstiltak
- Gi praktisk og administrativ støtte til HR-leiar og leiarar i organisasjonen
- Bistå i oppfølging av sjukefråvær, dialogmøte og kontakt med NAV ved behov
- Utarbeida HR-statistikk og rapportar til internt bruk og offentlege etatar
Kven er du?
Du deler våre verdiar og som ønskjer å gjera ein forskjell. For å lykkast i rolla er det viktig at du er sjølvstendig, nøyaktig, strukturert og har gode samarbeidsevner.
Me ser etter deg som har:
- Høgskule- eller universitetsgrad som er relevant, gjerne med spesialisering innan HR. Relevant erfaring kan kompensera for utdanning
- Minimum 3 års erfaring innan HR eller andre relevante område er ønskjeleg
- Kjennskap til relevant lovverk
- Erfaring frå personaladministrasjon og saksbehandling er ein fordel
- Gode kommunikasjonsevner på norsk og engelsk, både munnleg og skriftleg
Kva kan Eide tilby?
I Eide tør me å satse -- på visjonar og på folk. Me bryr oss om kvarandre, fisken vår, og miljøet me lever og verkar i. Som HR-koordinator vil du vere ein viktig lagspelar og del av eit godt arbeidsmiljø. Du får høve til både fagleg og personleg utvikling i eit trygt og inkluderande miljø, der arbeidsglede står sentralt.
- Jobb i ei framtidsnæring, i eit selskap som tør å satse
- Varierte og interessante arbeidsoppgåver
- Eit arbeidsmiljø der både tryggleik og arbeidsglede er viktig
- Konkurransedyktige vilkår
- Arbeidsstad på Vestlandet
Me ønsker deg velkommen til å sende inn søknad, cv, og relevante dokument innan søknadsfristen. Om du har spørsmål knytt til stillinga, ta gjerne kontakt med HR-leiar Mari Lundal / mari.lundal@efb.no / +47 40 62 87 43. For meir informasjon om selskapet, sjå våre nettsider og sosiale medium www.efb.no.
Om bedriften
We're committed to leading a movement that redefines how we farm fresh, natural and sustainable seafood for ours and future generations. The Eide-group is a 3rd generation family-owned business with a vision to set the standard for the future of aquaculture. Eide produce healthy and sustainable seafood and is to our knowledge the world’s first and only CarbonNeutral® certified salmon producer. Through strategic initiatives such as Salmon Eye, Eide Sustainable Marine Technology, and WaterMoon we furthermore challenge the status quo towards a more sustainable seafood production.
The people working at Eide are our backbone. Their concern is for the fish, each other, and the future. Every year we sell approximately 4,5 million salmon to markets all over the world. That’s 90 million meals! We are currently working towards further developing our offering and aim to sell a wide variety of healthy and sustainable seafood products in the future.
Salmon Eye opened on September 2nd 2022, and is a state-of-the-art monument in the middle of the spectacular Hardanger Fjord. Salmon Eye is a forum meant to inspire and inform the world on how to better feed the planet with sustainable seafood. Visually stunning, with it’s double curved ellipsoid design, Salmon Eye is one of the world’s largest enterable floating art installations. Our aim is to see aquaculture in a new evolutionary way.
Eide Sustainable Marine Technology is currently developing break-through innovations within aquaculture. The new WaterMoon technology is developed in ESMT and is an important strategic part of the Eide group, enabling us to produce in a revolutionary way. The initiative will enable a paradigm shift in our industry and set a new standard for aquaculture.
At Eide we have a flat organizational structure, and you will join a very innovative and forward-thinking team. The Eide group is characterized by goal orientation and a strong sports mentality, and we believe that hard work and fun goes hand in hand. Our passion for producing healthy, sustainable, and tasty seafood for ours and future generations is visible throughout our organization.
To learn more about us visit us at www.efb.no
Sektor
Privat
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
aed78a2e-5ad8-45c1-ab03-ffd1552dde5f
- Hentet fra
FINN
- Referanse
420640525