Statistikar
Helse Bergen HF, Nevroklinikken
Haukelandsveien 22, 5021 Bergen
Om jobben
- Oppstart
- 1. september 2026
- Stillingstittel
- Statistikar
- Type ansettelse
- Fast, deltid 50%
- Antall stillinger
- 1
Søk på jobben
Søk senest fredag 12. juni
Norsk MS-register og biobank er eit nasjonalt medisinsk kvalitetsregister som har som formål å samle inn, forvalte og analysere data om personar som lever med multippel sklerose (MS) i Noreg. Registeret har svært høg tilslutningsgrad og er ein sentral aktør innan kvalitetsforbetringsarbeid og registerbasert forsking.
MS-registeret er klassifisert på høgaste nivå blant dei nasjonale medisinske kvalitetsregistera. Registeret har tett samarbeid med alle nevrologiske avdelingar i landet og deltek i nasjonale og internasjonale forskingsprosjekt, både med og utan kopling til sentrale helseregister og data frå befolkningsundersøkingar.
Registeret har i dag fem tilsette: fagleg og dagleg leiar (statistikar), opplæringsansvarleg og to prosjektmedarbeidarar med hovudansvar for kvalitetsforbetringsprosjekt.
For å styrkje analysekapasiteten i registeret søkjer vi no ein statistikar i 50 % fast stilling.
Arbeidsoppgåver
Den som blir tilsett vil ha ei sentral rolle i det statistiske arbeidet i registeret.
Arbeidsoppgåvene vil mellom anna omfatte:
- Overordna statistisk leiaransvar i forskingsprosjekt som nyttar data frå MS-registeret, inkludert prosjekt med kopling til nasjonale og internasjonale helseregister
- Utvikling, drift og vidareutvikling av løysingar for datauttrekk, analyse, visualisering og rapportering
- Tilrettelegging, kvalitetssikring og dokumentasjon av datasett til analyse-, forskings- og utleveringsformål
- Bidrag i utforming av forskingsdesign og statistiske analyseplanar
- Veiledning på ph.d.- og postdoktornivå
- Statistisk rådgiving til registerleiinga og til interne og eksterne søkjarar om tilgang til data, under dette vurdering av metodeval, utval, styrkeberekningar, analyse og tolking av resultat
- Deltakelse i nasjonalt og internasjonalt samarbeid knytt til bruk av registerdata
Kvalifikasjonar
- Erfaring med tilrettelegging og statistiske analysar av helseregisterdata
- Erfaring med analyse av geografiske data
- God kompetanse i avanserte statistiske metodar for registerdata, særleg innan: overlevingsanalyse, regresjonsmodellar, bayesianske metodar og hierarkiske modellar
- statistisk prosesskontroll
- Erfaring med analyseplanlegging og utarbeiding av statistisk analyseplan
- Erfaring med leiing og gjennomføring av analysearbeid i større, gjerne internasjonale, forskingsprosjekt
- Praktisk erfaring frå ERC‑prosjekt er ein fordel
- Svært god kompetanse i bruk av R
- God skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk og engelsk
Personlege eigenskapar
- Sjølvstendig- og team arbeider
- Nøyaktig
- Fleksibel
- Pålitelig
Vi tilbyr
- Ein fagleg utfordrande og utviklande stilling i eit nasjonalt leiande fagmiljø
- Mulighet til å arbeide med data av høg forskings- og samfunnsmessig verdi
- Tverrfaglig samarbeid i eit aktivt og kompetent miljø
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Mangfold og arbeidsmiljø
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Torhild Næss Vedeler, Direktør, +47 92808867Arbeidsstad
Haukelandsveien 225021 BERGEN
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Bergen HFReferansenr.: 5137504318
Stillingsprosent: 50%
Fast
Startdato: 01.09.2026
Søknadsfrist: 12.06.2026
Kontaktperson for stillingen
Torhild Næss Vedeler
Direktør
+47 92808867
Om bedriften
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
aec128e7-239d-41ed-b88a-de6dfef89425
- Sist endret
2. juni 2026
- Hentet fra
talentech
- Referanse
a10db813a47b4fd5bf625de9c8f8bc88