Helse- eller sosialfaglegutdanning? Nytt dagtilbod
Omsorg og sjukeheim, Ørsta kommune
Håkonsgata 78, 6150 Ørsta, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Helse og sosialfagleg bakgrunn -Nytt dagtilbod
Type ansettelse
Fast, deltid 80%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
2
Søk på jobben
Søk senest mandag 12. mai
Er du klar for å gjere ein skilnad?
Har du lyst til å vere med og utvikle eit nytt og framtidsretta dagtilbod for yngre heimebuande med demens og/eller kognitiv svikt?
Vi søkjer to dyktige og engasjerte medarbeidarar med helse- eller sosialfagleg utdanning, gjerne med erfaring frå miljøarbeid og vidareutdanning i demens – som ønskjer å bidra til eit viktig og spanande prosjekt for yngre personar med demens.
Vi har ledig:
Hos oss får du moglegheita til å vere med på å etablere eit dagtilbod og bidra til å skape tilpassa omsorg og meiningsfulle aktivitetar for yngre heimebuande med demens og/eller kognitiv svikt. Tradisjonelle demensomsorgstilbod treffer ikkje alltid behova deira, og difor treng vi nye løysingar som gir meir relevant støtte i kvardagen, som å skape trygge og positive rammer for deltakarane, og hjelpe dei til ein aktiv og meiningsfull kvardag.
Stillingane er for tida på dagtid inkl. helg og er organisert under avdeling Bakketun, som er ein spesialavdeling for personar med demens. Du kan pårekne å gå vakter både på Hagestova (dagtilbod til eldre personar med demens) og Bakketun, inkl. helg.
For å lukkast i vår kultur er det viktig at du er ein pådrivar for blant anna heilskapleg innsatstrapp, årsplanlegging/årsturnus, oppgåvefordeling og kvalitetsstandard.
Arbeidsoppgåver
- Bidra til utforming -og vidareutvikling av dagtilbodet til yngre personar med demens og/eller kognitiv svikt
- Kartlegge, tilretteleggje og gjennomføre aktivitetar som er tilpassa den yngre demensgruppa
- Skape eit trygt og stimulerande miljø, basert på individuell behovsvurdering og målsetjing
- Legge til rette for aktivitetar som fremjar trivsel, helse og livskvalitet
- Jobbe tett med pårørande, andre helsearbeidarar og tverrfaglege team
- Veilede og støtte kollegaer i arbeidet med yngre demente
- Sørgje for god dokumentasjon og rapportering på arbeid med pasientane
Kvalifikasjonar
- Vi søkjer etter off. godkjent sjukepleiar, miljøterapeut eller sosionom, som har engasjement og interesse for å jobbe i demensomsorga
- Det ønskeleg med relevant vidareutdanning eller erfaring frå arbeid med mennesker med demens sjukdom eller psykisk helse
- Du må kunne nytte digitale fagsystem og velferdsteknologiske løysingar
- God norsk munnleg og skriftleg framstillingsevne. Kommunen nyttar nynorsk i all skriftleg kommunikasjon
- Førarkort klasse B, manuell gir er ein fordel
- Det vert stillt krav om politiattest ved tilsetting
Personlege eigenskapar
Vi ynskjer at du
- Har eit ekte engasjement for å bidra til eit meiningsfullt liv for menneske med demens, og ønskjer å gjere ein forskjell i deira kvardag
- Har tolmod til å jobbe med menneske som kan ha behov for meir tid, tryggleik og støtte i daglege aktivitetar
- Er roleg i stressande situasjonar og har evna til å behalde roa i krevjande situasjonar og bidra til eit trygt og stabilt miljø
- Har gode kommunikasjonsevner og evne til å tilpasse deg endringar i pasienten sine behov og kvardagen sin uforutsigbarheit
- Har kreativitet og engasjement for å utvikle nye løysingar for denne målgruppa
- Bidreg til eit godt arbeidsmiljø og samarbeid på tvers av team. Trivast i samarbeid med andre fagpersonar og pårørande for å sikre best mogleg omsorg for pasientane
Vi tilbyr
- Ein spennande og variert arbeidsdag med høve til å gjere ein forskjell i menneske sitt liv
- Vi kan tilby eit godt arbeidsmiljø med engasjerte, dyktige og stolte medarbeidarar
- Mulighet for fagleg utvikling og kurs innan demensomsorg
- Gode pensjons- og forsikringsordningar i KLP
Arbeidsvilkår: Dagtid inkl. helgar
Stillinga er plassert i HTA kap. 4
Tilsetting i samsvar med gjeldande lov-, forskrift og avtaleverk. Prøvetid i faste stillingar er 6 månader.
Søkjarane vert vurderte ut frå ei samla vurdering av formelle kvalifikasjonar, erfaring frå relevant arbeid og personlege eigenskapar
Aktuelle kandidatar kan verte kalla inn til intervju. Referansar vert nytta.
Vi ønskjer mangfald og oppfordrar kvalifiserte kandidatar til å søkje uavhengig av alder, kjønn, etnisitet og funksjonsnedsetjing.
Dokumentasjon
Framlegging av vitnemål og attestar saman med søknaden er ein føresetnad for best mogleg sakshandsaming. Vitnemål og attestar dannar grunnlag for fastsetjing av ansiennitet og rett løn. Vi ber om at attestar og vitnemål vert lasta opp som vedlegg til søknaden din.
Intern søkjar
Dersom du ynskjer å bli vurdert ut frå kriterium for intern fortrinnsrett til stillinga, hakar du av på omsyn – intern søkjar. Dette gjeld berre for tilsette i Ørsta kommune som er ufrivillig deltidstilsett, har jobba i kommunen i til saman 12 månadar dei siste 2 åra, eller andre faktorar knytt til lover og avtaleverk som kan gi grunnlag for fortrinnsrett. Jf. AML §14.2
Om offentleglova
I samsvar med offentleglova § 25, kan opplysningar om søkjaren unnatakast offentleg søkjarliste, dersom søkjaren sjølv oppmodar om dette. Den som ønskjer at namnet skal vere unnateke offentleg søkjarliste må grunngje dette. Søkjaren sine behov vil verte vurdert konkret opp mot omsynet til offentleg interesse og kravet om ålment innsyn. Elles vil oppmodinga verte vurdert i høve prinsippet om meirinnsyn på vanleg måte. Dersom kommunen meiner at det ikkje er grunnlag for fritak, vil søkjaren verte kontakta og få tilbod om å trekkje søknaden før endeleg søkjarliste vert laga.
Kontaktinformasjon
Arja Helena Hietanen, Vikar avdelingsleiar Bakketun, 48123801, arja.hietanen@orsta.kommune.noSigrun Marit Halkjelsvik, Tenesteleiar heimetenester, 48010415, sigrun.marit.halkjelsvik@orsta.kommune.no
Wenche Flo, Tenesteleiar omsorg og sjukeheim, 95712120, wenche.flo@orsta.kommune.no
Arbeidsstad
Håkonsgata 786150 Ørsta
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Ørsta kommuneReferansenr.: 4945313083
Stillingsprosent: 80%
Fast
Søknadsfrist: 12.05.2025
Kontaktpersoner for stillingen
Om bedriften
Ørsta
kommune er med om lag 11 000 innbyggjarar ei av dei største kommunane i Møre og Romsdal. Kommunen har ein variert arbeidsmarknad og
næringsliv. Den gode geografiske plasseringa
vår i lina mellom Eiksundsambandet og Kvivsvegen gjev også kort veg til anna
næringsliv i regionen Søre Sunnmøre/Nordfjord, og til utdanningstilbod i Ørsta
og Volda. Kommunen har gode kommunikasjonar. Flyplassen har fleire
daglege direkteruter til Oslo og Bergen.
Arbeidet vårt byggjer på kommunen sine verdiar:
Tillit - gjennom gjensidig respekt, forståing og likeverd
Energi - gjennom entusiasme, inkludering og humor og glede
Løysingsvilje - gjennom lagånd, tydelege mål og meiningsfylte oppgåver
Utvikling - gjennom medverknad, tilbakemelding og verdsetjing av kunnskap
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2924702
- Hentet fra
talentech
- Referanse
7617073aaed4487787f43d0a24cf2a4f