Kyrkjelydspedagog
Øygarden kyrkjelege fellesråd
Tytebærbrekko 2, 5353 Straume
Om jobben
- Stillingstittel
- Kyrkjelydspedagog
- Type ansettelse
- Fast, deltid 60%
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidsspråk
- Norsk
Søk på jobben
Søk senest søndag 31. mai
Stillinga er knytt til Fjell sokn i ein 60% stilling frå hausten 2026 av, og vil aukast til 70% frå 01.01.27.
Saman med gode medarbeidarar vil du som kyrkjelydspedagog få jobbe med å dele tru, håp og kjærleik med tweens og ungdom i Øygarden. Relasjonsbygging og god formidlingsevne er grunnleggjande. Kreativitet og strategisk blikk for korleis arbeidet kan vidareutviklast og nå fleire, vil vere viktig.
Fjell sokn har om lag 7000 medlemmer. Kyrkjelyden sin visjon er: «Ei kyrkje for alle.» I sokneteamet i Fjell vil du saman med andre medarbeidarar - organist, kyrkjetenar, kyrkjelydspedagog, diakoniarbeidar og sokneprest – utgjere den lokale staben. Du vil også vere ein del av fagseksjonen «Seksjon for barn og unge», der pedagogar og ungdomsarbeidarar frå heile fellesområdet møtest jamleg til fagleg fellesskap.
Saman utgjer vi eit kreativt og engasjert team som likar å tenkje nytt og utvikle kyrkjelivet saman. Vi ønskjer særleg å styrkje arbeidet for barn og familiar og bygge gode fellesskap der nye generasjonar kan finne sin plass i kyrkja.
Arbeidsoppgåver
- Organisere konfirmantåret i Fjell sokn med årleg 70 – 90 konfirmantar
- Vere hovudkontakt for konfirmantåret
- Planlegge og gjennomføre konfirmantundervisning saman med sokneprest og ungdomsarbeidar
- Arbeide med leiarutvikling for ungdom
- Drive tweens-arbeid
- Planleggje, gjennomføre og evaluere tiltak og arrangement
- Følgje opp frivillige medarbeidarar knytt til arbeidet
- Delta i gudstenestearbeid
Kvalifikasjonar
Det er ønskjeleg med
- Erfaring frå undervisningsarbeid
- Erfaring med tweens og ungdom i kyrkja og/eller frivillige organisasjonar
- Pedagogisk og kristendomsfagleg utdanning, tilsvarande bachelornivå
- Gode norskkunnskapar, skriftleg og munnleg (administrasjonsspråket i Øygarden kyrkjelege fellesråd er nynorsk)
Det er krav om - Førarkort klasse B
- Medlemskap i Den norske kyrkja
Personlege eigenskapar
Vi ønskjer ein kyrkjelydspedagog som
- Forstår ungdomskultur og samtid
- Kommuniserer tydleg og formidlar godt
- Byggjer gode relasjonar til ungdom og vil vere ein trygg vaksenperson i deira liv
- Ser heile mennesket
- Kan knyte tru til identitet, psykisk helse og kvardagsliv
- Kan vere med å byggje bru mellom kyrkje, heim og lokalsamfunn
- Samarbeider godt med andre
- Arbeider strukturert, sjølvstendig og langsiktig
- Har tydeleg etisk bevisstheit rundt det å vere eit førebilete for ungdom
Vi tilbyr
- Utfordrande og meiningsfulle arbeidsoppgåver i eit stort og kreativt arbeidsfellesskap
- Samarbeid med fagleg dyktige og engasjerte kollegaer og frivillige medarbeidarar
- Tilsetting på dei vilkår som går fram av lover og reglement
- Løn etter KA sin tariffavtale
Anna
- Noko kvelds- og helgearbeid må påreknast.
- Vi legg vekt på at kompetanse og eigenskapar hos dei tilsette i sokneteamet utfyller kvarandre
- Ein kan få oppgåver også i andre sokn i Øygarden kyrkjelege fellesråd
- Den som vert tilsett, må leggje fram politiattest utan merknad, jf. Lov om trus- og livssynssamfunn, kapittel 4, §20.
Øygarden kyrkjelege fellesråd ønskjer mangfald med omsyn til kjønn, alder, funksjonshemming, kulturell bakgrunn og/eller hol i CV-en, og oppfordrar alle som er kvalifiserte til å søkje stillinga.
Kontaktinformasjon
Rannveig Vestbøstad Vik, Seksjonsleiar barn og unge, 415 07 011Mathilde K D Løvfall, Personalleiar, 902 72 703
Arbeidssted
Tytebærbrekko 25353 Straume
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Øygarden kyrkjelege fellesrådReferansenr.: 5126697732
Stillingsprosent: 60%
Fast
Søknadsfrist: 31.05.2026
Kontaktpersoner for stillingen
Mathilde K D Løvfall
Personalleiar
902 72 703
Rannveig Vestbøstad Vik
Seksjonsleiar barn og unge
415 07 011
Om bedriften
«Nær Gud, nær menneske.»
Slik lyder kyrkja i Øygarden sin visjon. I alt vårt arbeid og i alle våre møte med menneske skal vi både kvile i, og strekkje oss etter denne visjonen.
Øygarden kyrkjelege fellesråd er eit stort fellesråd, med om lag 40 000 innbyggarar og 28 600 medlemer. Fellesrådet har om lag 50 tilsette som er organisert i fagseksjonar. Dei tilsette er i tillegg delt inn i 5 tverrfaglege sokneteam som samarbeider med kvar av dei 5 sokneprestane og sokneråda i fellesrådsområdet. Fellesrådet yter administrativ og diakonal hjelp overfor 16 tilsette knytt opp mot ungdomsdiakonitiltaket Basecamp, som er eigd av kyrkja, kommunen og Sartor storsenter i fellesskap.
Takknemlegheit, og det å vere tenande og frimodige i arbeidet er sentrale verdiar i Øygarden kyrkjelege fellesråd. Vi ønskjer medarbeidarar som vågar å reflekterer over om praksisen vår samsvarar med dei verdiane vi forkynner og ønskjer å etterleve.
Besøk nettsida vår her og bli betre kjend med oss, eller kom innom for ein prat på vårt trivelege kyrkjekontor på Straume.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
ae94d80d-4e13-47c8-af86-13e98c32b7e0
- Sist endret
8. mai 2026
- Hentet fra
talentech
- Referanse
c2d611b07ea44da794b19a7464ea63ee