Tannhelsesekretær
Måløy tannklinikk, Vestland fylkeskommune
Gate 1 59, 6700 Måløy, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Tannhelsesekretær
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest onsdag 28. mai
Vestland tannhelseteneste - Måløy tannklinikk har ledig ei fast 100% stilling som tannhelsesekretær frå 18.august 2025.
Måløy er ein kystby i Kinn kommune med rundt 3200 innbyggjarar. Her har du nærleik til både fjord- og fjellaktivitetar, med fantastisk utsikt! Du kan oppleve attraksjonar som Kannesteinen, Refviksanden i nærmiljøet ditt, og besøke eit av dei mange fyra rundt Vågsøy. Måløy er stoppestad for Hurtigruta, og det er hurtigbåtforbindelse to gongar dagleg til Bergen. Det er gode turmogelegheiter i området, og fleire gode idretts- og fritidstilbod og treningssenter i Måløy. Det er ca. 45 min. til skianlegg og 45 min. til surfing i Hoddevika.
Måløy tannklinikk er ein klinikk med 3 tannlegar, 2 tannpleiarar og 3 tannhelsesekretærar. Det er eit godt arbeidsmiljø, og gode mogelegheiter for fagleg utvikling med pasientar i alle aldrar.
Arbeidsoppgåver
Arbeidsoppgåvene til tannhelsesekretæren er hovudsakleg å assistere tannlegen, vask og desinfisering/sterilisering, besvare telefon, sende timeavtalar, ta røntgenbilete av pasientar med meir. Det er ein variert og innhaldsrik arbeidskvardag.Kvalifikasjonar
Søkjarar med autorisasjon som tannhelsesekretær og andre med interesse for fagfeltet er oppfordra til å søkje. Vi ønskjer å tilrettelegge for at søkjar utan autorisasjon skal kunne ta utdanninga som fører til autorisasjon som tannhelsesekretær innan 3 år frå tiltredingsdato. Søkjar må beherske norsk flytande skriftleg og muntleg.
Personlege eigenskapar
Vi søkjer etter ein sjølvstendig, ansvarsbevisst og initiativrik medarbeidar med gode kommunikasjonsevner.
Vi søkjer deg som:
- Likar å jobbe med menneske
- Arbeider sjølvstendig og meistrar travle dagar
- Er positiv og serviceinnstilt
- Har gode kommunikasjonsevner
- Har gode samarbeidsevner
- Bidreg til eit godt arbeidsmiljø på klinikken
Det vert vektlagt at søkjar er personleg eigna til stillinga.
Vi tilbyr
- ei spennande og variert stilling i eit arbeidsmiljø med høg fagleg kompetanse
- gode moglegheiter for personleg og fagleg utvikling
- godt samarbeid, dialog og oppfølging av klinikkleiar
- løn etter tariff
- fylkeskommunale tilsetjingsvilkår med gode offentlege forsikrings- og pensjonsordningar
Den som vert tilsett må leggje fram politiattest. Alle nytilsetjingar i Vestland fylkeskommune vert gjort med ei prøvetid på 6 mnd.
Vi gjer merksam på at i følge offentleglova §25, 2.ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har bedt om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste, vil du alltid bli varsla før søkjarliste vert offentleggjort.
Kontaktinformasjon
Elisabet Skrede, områdeleiar tannhelse, 57638010, Elisabet.Skrede@vlfk.noArbeidsstad
Gate 1 596700 Måløy
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommuneReferansenr.: 4965955449
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 28.05.2025
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg.
Vi skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass for alle, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, religion, livssyn, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Hos oss jobbar vi aktivt med mangfald, inkludering og likestilling. Mangfald bidrar til auka innovasjon, berekraft, effektivitet, læring og trivsel. Vi vil at dei som jobbar hos oss skal spegle samfunnet i Vestland.
Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista blir offentleggjort.
Alle nye tilsetjingar blir gjort med ei prøvetid på 6 månader. Administrasjonsmålet vårt er nynorsk.
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2940832
- Hentet fra
talentech
- Referanse
61e0a9c6c53b49c78fd294c77265d834