Er du i starten av din karriere, har sansen for tal og ønskjer deg ein jobb med meining?
Riksrevisjonen
Allehelgens gate 2, 5016 Bergen, Kirkegata 43, 4612 Kristiansand S, Parkgata 36, 2317 Hamar, Prinsens gt. 1, 7013 Trondheim, Storgata 16, 0155 Oslo, Strandvegen 13, 9007 Tromsø
Om jobben
Stillingstittel
Rådgivar - finansiell revisor
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Vakt, dagtid, ukedager
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest tirsdag 22. april
Då har vi ei spennande moglegheit for deg. Vi i Riksrevisjonen ser no etter finansielle revisorar som ønskjer å vere med å kontrollere statens rekneskapar. Kontorstad for stillinga er anten Oslo, Hamar, Bergen, Trondheim, Tromsø eller Kristiansand.
Som finansiell revisor i Riksrevisjonen vil du bli del av eit stort fagleg miljø som bidreg til tryggleik for at dei statlege rekneskapane er korrekte og i samsvar med statens rammeverk for finansiell rapportering. Du vil vere med å heve kvaliteten i rekneskapsrapporteringa i staten og på den måten bidra til å bygge tillit mellom staten og borgarane.
Vi er ein raus og ambisiøs arbeidsgivar. Medarbeidarane våre er vår viktigaste ressurs og vi ønskjer å legge til rette for at du skal lykkast hos oss. Du vil lære av mange dyktige og kompetente medarbeidarar og leiarar, i tillegg til at vi har gode ordningar for din kompetanseutvikling. Det første året vil du følgje ei fast kursrekke i tillegg til opplæring i dine arbeidsoppgåver.
Kva blir dine arbeidsoppgåver?
Som finansiell revisor vil du planleggje, gjennomføre og rapportere finansiell revisjon av statlege verksemder og fond i samsvar med Riksrevisjonens samfunnsoppdrag og internasjonale standardar for offentleg revisjon (ISA/ISSAI). Du vil etablere god rettleiing og dialog med reviderte verksemder, leie og følgje opp revisjonsoppdrag med fordeling av ansvarsområde og oppfølging av arbeidsprosessar, samt delta i utviklinga av revisjon av statlege verksemder. Dersom du har erfaring frå privat revisjon, vil du kjenne att mykje av arbeidsmåten, metodikk og rammeverk, medan noko vil vere nytt og spesifikt for statlege rekneskap. Du vil vere med på å revidere både små og store verksemder, med ulik grad av kompleksitet.Kva kompetanse har du?
- Du har mastergrad i rekneskap og revisjon. Anna relevant utdanning på mastergradsnivå innan økonomi kan også vere aktuelt. Søkarar med utdanning tatt i utlandet må legge ved dokumentasjon frå HK-dir/NOKUT som stadfestar utdanningas omfang og nivå samanlikna med tilsvarande norsk utdanning.
- Du har gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg.
Det er ein fordel, men ikkje eit krav at du har:
- Erfaring frå team-/prosjektarbeid
- Interesse for bruk av teknologi i revisjonsarbeidet og utvikling av arbeidsprosessar for dette
Det kan bli aktuelt med tryggingsklarering til stillinga på nivå KONFIDENSIELT eller HEMMELEG. Dersom det skulle bli aktuelt, vil oppstart i stillinga først skje når tryggingsklareringa er på plass.
Kven er du?
Vi ser etter ein sjølvstendig og initiativrik person som arbeider strukturert, er nøyaktig og oppteken av å sikre leveransar. Du vil ha kontakt med verksemdene du reviderer. Difor er det viktig at du er løysingsorientert og god til å formidle og kommunisere.
Det er mykje spanande utvikling som skjer hos oss. Difor er det viktig at du evnar å tileigne deg ny kunnskap om revisjonsmetodikk og held deg oppdatert på relevante teknologiar. Å samarbeide godt internt og eksternt er viktig for at du skal lukkast. Det er difor viktig for oss at du trivst med dette og evnar å finne gode løysingar på tvers av fagmiljø.
Kva får du hos oss?
Som eit resultat av ny teknologi er revisjon i stor endring. Riksrevisjonen har utvikla eigne dataanalysar og vil halde fram med å ta i bruk moglegheitene som den nye teknologien gir oss. Du får moglegheita til å jobbe tett med kollegaer i grenseflata mellom teknologi og revisjon.
Vi legg vekt på kompetanseutvikling og har gode stipendordningar for etter- og vidareutdanning. Du får tilbod om medlemskap i revisorforeininga si kurspakke, Rekomp. Om du ønskjer å bli statsautorisert revisor kan du tene opp den nødvendige rettleia praksisen hos oss. Vi har fleksitid og sommartid, og kvar veke får du ein time til å trene i arbeidstida. Du blir medlem i Statens pensjonskasse som inneber ei god tenestepensjon, yrkesskade- og gruppelivsforsikring og moglegheit for gunstig bustadlån.
Du vil bli tilsett som rådgivar, årsløn frå 590.000 kroner til 650.000 kroner. For spesielt kvalifiserte kandidatar kan høgare løn vurderast.
Høyrest dette interessant ut?
Då håpar vi å høyre frå deg. Du søkjer via vår søknadsportal. Vi er meir opptatt av kva du kan enn kor god du er til å skrive ei søknad og vi ber deg derfor om å laste opp ein utfyllande CV om kva erfaring og kompetanse du har. Last opp utfyllande CV, vitnemål og eventuell anna relevant informasjon. Du må gjerne ta kontakt med oss om du lurer på noko.
Vi er opptatt av å ha ein inkluderande og mangfaldig kultur. Vi ønskjer oss medarbeidarar med ulik bakgrunn, kompetanse, erfaring og perspektiv. Har du funksjonsnedsetting, innvandrarbakgrunn, og/eller hol i CV-en kan du krysse av for dette når du søkjer stillinga. Det gir deg moglegheit for å få positiv særbehandling. Vi kallar alltid inn minst éin kvalifisert kandidat frå kvar av desse gruppene til intervju.
Om du ønskjer å reservere deg frå oppføring på offentleg søkarliste, må du opplyse om og grunngi kvifor i søknaden. Opplysningar kan bli offentleggjort sjølv om du har bedt om ikkje å bli oppført på søkarlista. Vi vil varsle deg på førehand viss reservasjonen ikkje kan imøtekommast, jf. lov om rett til innsyn i dokumenter i offentleg verksemd, § 25.
Kontaktinformasjon
David Kvåle Brødsgaard, Avdelingsleder, 466 43 534, DAVB@riksrevisjonen.noLine Andreassen, Avdelingsdirektør, 980 45 848, lia@riksrevisjonen.no
Carola Nensen, Avdelingsdirektør, 406 39 893, CNE@riksrevisjonen.no
Usman Asif, Avdelingsdirektør, 980 11 975, uma@riksrevisjonen.no
Arbeidssted
Storgata 160155 Oslo
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: RiksrevisjonenReferansenr.: 4947976218
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 22.04.2025
Kontaktpersoner for stillingen
Om bedriften
Riksrevisjonen skal bidra til at fellesskapets midler og verdier blir brukt og forvaltet slik Stortinget har bestemt. Dette gjør vi gjennom revisjon, kontroll og veiledning.
Riksrevisjonen skal være kompetent, uavhengig og objektiv. Høyt faglig nivå og tillit i samfunnet er viktig for oss. Internt legger vi vekt på lagånd, åpenhet og respekt for å oppnå gode resultater.
Vi har ca. 450 høyt kompetente medarbeidere ved hovedkontoret i Oslo og regionkontorene i Kristiansand, Bergen, Trondheim, Bodø, Tromsø og Hamar.
Les mer om oss på www.riksrevisjonen.no
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2906282
- Hentet fra
talentech
- Referanse
8a0eb02aed4647298a7b0dfaf5cd5d85