Avdelingsleiar - Folgefonn DPS
Klinikk for psykisk helsevern og rus, Helse Fonna HF
Sjukehusvegen 26, 5451 Valen
Om jobben
Stillingstittel
Avdelingsleiar
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Bli vår nye avdelingsleiar på Folgefonn DPS
Er du ein leiar som ønskjer å bety noko for både pasientar og tilsette? Då kan dette vere jobben for deg.
Vi ser etter ein engasjert og entusiastisk avdelingsleiar med solid fagkunnskap innan psykisk helsevern. Du må ha lyst til å bidra aktivt i utviklinga av gode og framtidsretta tenester for pasientane i vårt opptaksområde. Avdelingsleiar er ein del av klinikken si leiargruppe og rapporterer direkte til klinikkdirektøren.
Som avdelingsleiar ved Folgefonn DPS blir du ein del av eit tverrfagleg fagmiljø som brenn for god behandling og tett oppfølging av pasientane våre i Ullensvang og Kvinnherad.
Vi tilbyr polikliniske tenester, ambulant oppfølging og døgnbehandling – og du får leie ei avdeling med høg fagleg kompetanse og brei samansetting av yrkesgrupper.
Her jobbar legar, psykologar, musikkterapeut, fysioterapeut, sjukepleiarar, vernepleiarar og sosionomar – alle med felles mål om å gi pasientane best mogleg hjelp.
Her vil du få eit nært samarbeid med både kommunehelsetenesta og andre einingar i Helse Fonna – og du blir ein viktig del av eit større fagleg fellesskap.
Høyrest dette ut som noko for deg? Då vil vi gjerne høyre frå deg!Vil du sjå korleis det er å jobbe hos oss på Valen? I denne filmen får du eit innblikk i kvardagen ved Folgefonn DPS: Sikkerheitsposten Valen sjukehus - YouTube
Kva går jobben ut på?
- Totalansvar for avdelinga – fag og kvalitet, personell, økonomi og drift
- Leie og utvikle verksemda i samsvar med overordna målsettinga og strategi
- Sikre god kvalitet i pasientbehandling og rett medisinsk prioritering
- Sørgje for at klinikken skaper effektive pasientforløp gjennom god planlegging og samhandling internt og eksternt
- Sikre god koordinering av dagleg drift
- Sikre hensiktsmessig samhandling med primærhelsetenesta i opptaksområdet og andre einingar i klinikken
- Stimulere til opplæring, utdanning og forsking
Kva kompetanse er viktig i denne rolla?
- Høgare helsefagleg profesjonsutdanning innan psykologi eller medisin
- Erfaring og god klinisk kunnskap om psykisk helsevern og tverrfagleg spesialisert rusbehandling
- Relevant leiarerfaring
- Erfaring frå endrings- og forbetringsprosessar
- Ønskjeleg med erfaring innan økonomi- og budsjettstyring
- Profesjonssamansetting i klinikkdirektør si leiargruppe vil bli vektlagt ved rekruttering
- Leiarutdanning, organisasjon og leiing, eventuelt økonomi
Kva ser vi etter hos deg?
Vi ser etter deg som:
- forstår samanhengar og har blikk for både detaljar og heilskap
- kommuniserer tydeleg og samarbeider godt med ulike faggrupper
- inkluderer dei rundt deg og skaper retning og tryggleik i leiarrolla
- jobbar strukturert og følgjer opp det du har sett i gang
- har god kapasitet og klarer å stå i eit høgt tempo når det krevst
Kvifor skal du velje oss?
Hos oss får du:- eit fagmiljø med brei erfaring og spesialisert kunnskap
- eit arbeidsmiljø der vi støttar kvarandre og har det fint saman på jobb
- ein meiningsfull jobb der du bidreg til å utvikle psykisk helsevern og rusbehandling
- utvikle deg vidare – både i leiarrolla og fagleg
- lønn etter avtale
- gode pensjons- og forsikringsordningar
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Kenneth Eikeset, Direktør, +47 99513977Arbeidsstad
Sjukehusvegen 265451 Valen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Fonna HFReferansenr.: 4939680842
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 27.04.2025
Om bedriften
Helse Fonna har rundt 4200 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.
Helse Fonna ønsker så langt som råd å avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
For å bli betre kjend med oss, kan du sjå her www.helse-fonna.no.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2891740
- Hentet fra
talentech
- Referanse
e274fa9f05a84f57b23124177b8c7583