Miljøarbeidarar i omsorgstilbod for barn og unge, i døgnturnus
Barne- og familietenesta, Bømlo kommune
Leirdalen 1, 5430 Bremnes, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Miljøarbeidarar i omsorgstilbod barn og unge / døgnturnus
Oppstart
1. juli 2025
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Turnus
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
7
Vil du vera med å utforma tenester i eit nytt tiltak?
Me ser etter deg som er fagleg engasjert, raus, modig og fleksibel. Du er ein person som likar å vera ute, er glad i sjøliv og andre utandørs aktivitetar.
Barne- og Familietenesta og Habiliteringstenesta byggar saman opp eit tilbod for unge med omfattande omsorgsbehov. Me søkjer deg som er fagleg interessert i miljøarbeid og likar utfordringar, og det å jobbe målretta og miljøterapeutisk på ulike felt i barnet sitt liv. Du ser og jaktar på små lysglimt og jobbar systematisk med kollegaer og fagteam rundt barn for å oppnå utvikling.
Me har behov for faste døgn/medleverturnus, men noko meiransvar/leiing kan vere aktuelt i ei av stillingane. Me ser og etter langvakter og ferie/ringevikar med moglegheit for fast stilling. Me vil utvikle eit godt fagteam, og jaktar på tilsette med relevant høgskuleutdanning, men og fagarbeidar der personleg eignahet for denne typen arbeid vil bli prioritert.
Pr dags dato ser me både etter ferievikar og ringevikar og faste stillingar med den kompetansen me er på jakt etter - og vil prioritere dei som kan starte snarast.
Barne- og Familietenesta er ei tverrfagleg teneste med omlag 50 tilsette som yter tenester til barn og unge og deira familiar. Denne nye avdelinga er under sosiale tenester og vedtak etter helse- og omsorgslova og i tett samarbeid med habiliteringstenesta i Bømlo kommune. Habiliteringstenesta gjev tilbod til personar med utviklingshemming og behov for omfattande og langvarige tenester som utgjer 116 årsverk som yt heildøgnstenester til 45 personar i 10 bufellesskap/burettslag samt dagtilbod.
Døgn/Medlevarturnusen vår er sett opp slik:2 døgn på, 7 døgn fri
2 døgn på, 7 døgn fri
3 døgn på, 7 døgn fri
Arbeid kvar 4 helg
Er du den me leitar etter? Søk no og bli ein del av vårt engasjerte team!
Arbeidsoppgåver
- Yta praktisk bistand og rettleiing i dei daglege gjeremåla , inkludert opplæringstilbod, og leggje til rette for god omsorg og utvikling for brukaren
- Internt samarbeid i tenesta, samarbeid med 1. og 2. linjetenesta, pårørande.
- Journalføring og arbeid inn mot gjeldande lovverk.
- Utarbeide og evaluere rutinar og metodar og vere med i eit utviklande miljø.
Andre oppgåver kan bli tillagt stillinga avhengig av den tilsette sin kompetanse og interesser. Endringar i arbeidsområdet må kunne påreknast.
Kvalifikasjonar
- Me ser etter tilsette variert fagbakgrunn og personleg eignahet (relevant høgskuleutdanning, fagbrev innan helse- og sosialfag (hjelpepleiar eller omsorgsarbeidar/helsefagarbeidar.
- Relevant erfaring og personleg eignaheit vert vektlagt, og kan kompensera for manglande utdanning.
- God norsk kunnskap både skriftleg og munnleg.
- Kjennskap til Helse- og omsorgstenestelova (Hol) kap. 9.
- 'Erfaring med målretta miljøarbeid og personar med autisme/utviklingshemming.
- Erfaring med pårørandearbeid
- Sertifikat kl. B.
Personlege eigenskapar
- Me søkjer deg som er imøtekommande, omgjengeleg, venleg og serviceinnstillt.
- Du må trivast med variert arbeid og ein viss grad av uføreseielege dagar med høgt arbeidstempo.
- Du kan stå i krevjande situasjonar over tid.
- Du er uredd og ser løysingar før avgrensing.
- Du bør vera i god fysisk form.
- Du er sjølvstendig, men arbeider og godt i team.
- Du bidrar til å skapa eit godt arbeidsmiljø.
Ved vurdering av den best kvalifiserte, legg me vekt på utdanning, erfaring og personlege eigenskapar, samt din motivasjon for stillinga.
Me tilbyr
- Varierte og spennande arbeidsoppgåver i ein flott kommune
- Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
- Gode offentlege pensjons- og forsikringsordningar
- Fleksibel arbeidstid (ta stilling til om dette er aktuelt)
- Løn og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lov og avtaleverk
- Medlemskap med tilsettegoder i velferdsklubben
- Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk
- Det vert stilt krav om politiattest ved tilsetjing etter Helse og omsorgstenestelova § 5.4
- Bømlo kommune ser på inkludering og mangfald som ein styrke, og vil oppmode alle kvaliserte søkjarar om å søke stilling uavhengig av bakgrunn
- Me gjer merksam på at søkjarar vert ført opp på offentlig søkerliste. Det er mogleg å søkje om anonymitet, men det må vere særskilte omstende for å få innvilga unntak, jf. Offentleglova § 25
Synes du stillinga ser interessant ut, og samsvarar med kvalifikasjonane dine, sender du oss søknaden din elektronisk via Webcruiter.no med CV, vitnemål og attestar vedlagt. Ved førespurnad må du kunna skaffa bekrefta kopiar av dokumentasjonen din. Dersom du har spørsmål om stillinga og rekrutteringsprosessen, ta kontakt med Linda Hellen.
Kontaktinformasjon
Linda Hellen, +47 909 61 702Arbeidsstad
Leirdalen 15430 Bremnes
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Bømlo kommuneReferansenr.: 4968092244
Stillingsprosent: 100%
Fast
Startdato: 01.07.2025
Søknadsfrist: 19.05.2025
Om bedriften
Berekraftige Bømlo er vår visjon!
Bømlo kommune har 12 000 innbyggjarar og ligg plassert mellom Stavanger og Bergen, i regionen Sunnhordland. Me har eit aktivt næringsliv, med stort fokus på utvikling av grøn teknologi. Eit godt kulturtilbod saman med eit yrande lag- og organisasjonsliv gjer Bømlo til ein god plass å bu.
Kommunen med sine 1000 tilsette, er utviklingsorientert, har eit sterkt fokus på samhandling, det grøne skiftet og ei berekraftig samfunnsutvikling. Dei tilsette er vår viktigaste ressurs og me ynskjer oss rause, modige og engasjerte medarbeidarar.
Pensjon
I denne stillinga har du rett på ein av Norges sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon. Der dei fleste tenestepensjonar berre vert utbetalt i 10 år, er offentleg tenestepensjon ein utbetaling som varer frå den dagen du sluttar i jobb og livet ut. Pensjon inkluderer og uføre- og etterlatnepensjon dersom noko uventa skulle skje. Med pensjonsrett i Bømlo kommune får du medlemspris og gunstige vilkår på ei rekkje bank, forsikring og spareprodukt.
Bømlo kommune har gode forsikringsordningar for tilsette. Ordninga omfattar forsikring knytt til yrkesskade, ulykke og fritid.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
ae2cf431-9b8d-44bd-8331-cf4317e2f59e
- Hentet fra
talentech
- Referanse
372f67d54ca04d2b9127faee85cda630