Hopp til innhold

Alver Frivilligsentralar - vikariat 100%  

Arbeidsgiver

Alver kommune

Sted

Kvernhusmyrane 26, 5914 Isdalstø

Om jobben

Stillingstittel
Vikariat ved Alver Frivilligsentralar 100%
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Antall stillinger
1
Arbeidsspråk
Norsk

Søk på jobben

Søk senest søndag 7. juni

Om stillinga og  Alver Frivilligsentralar

Me har ledig eit vikariat i Alver Frivilligsentralar.

Hovudoppgåvene til stillinga er knytt til drifta av dei tre frivilligsentralane Manger, Knarvik og Frekhaug, i samarbeid med dei øvrige tilsette i eininga.  Dette inneber oppfølging av lokal frivilligheit, utvikling av lokale møteplassar, halde kurs for lag og organisasjonar  og vere rådgjevande part for lokalt organisasjonsliv. Frivilligsentralane har også tett samarbeid med fleire andre tenesteområde i kommunen og arbeider med utvikling av tverrfagleg samarbeid basert på frivilligheit. 

I tillegg til drift av frivilligsentralane i kommunen har eininga eit betydeleg integreringsarbeid og driv mellom anna Språkverkstaden. Språkverkstaden driftast i samarbeid med NAV og frivillige er ein del av introduksjonsprogrammet til nyankomne flyktningar. 

Vi tilbyr ein spanande og variert arbeidskvardag, som gjev deg moglegheit til å arbeide sjølvstendig og i direkte kontakt med andre menneske. Du får vere med å utvikle nye tilbod og tilpasse desse til målgruppa, lokal frivilligheit og våre lokalsamfunn.

Oppstart er 10.august og gjeldt ut juni 2027. Stillinga er organisert i tenesteområde kultur og eining for frivilligheit.  


Arbeidsoppgåver

  • Administrere og drifte dei tre frivilligsentralane i Alver i samarbeid med øvrige tilsette. 
  • Oppfølging av lokale frivillige organisasjonar
  • Søknadsskriving
  • Halde kurs for frivillige lag og organisasjonar 
  • Utvikle nye samarbeid og møteplassar 
  • Prosjektleiing og støtte for lokal frivilligheit
  • Drifte nettsida 'Kva skjer i Alver' via InVi-systemet. 
  • Bidra i integreringsarbeidet til eininga
  • Bidra i utvikling og oppfølging av lokal frivilligpolitikk. 

Kompetansekrav

  • Bachelor eller høgare utdanning innan frivilligheitsfeltet.
  • Kompetanse og erfaring med drift av frivilligsentralar
  • Kompetanse på arbeid med frivilligheitspolitikk.  
  • Kjennskap til InVi-systemet
  • Erfaring med søknadsskriving 
  • Erfaring med integreringsarbeid
  • Førarkort kl. B

Personlege eigenskapar

  • Løysingsorintert og fleksibel
  • Trivast med å møte nye menneske og likar ein hektisk arbeidskvardag
  • Imøtekomande og open i møte med andre
  • Trivast med ein variert arbeidskvardag og er handlekraftig når uforutsette utfordringar dukkar opp
  • Personleg egnaheit vil verte vektlagt. 

Vi tilbyr

  • Gode moglegheiter for fagleg og personleg utvikling
  • Høve til å utvikle og prøve ut nye ideer og prosjekt
  • Godt arbeidsmiljø og engasjerte kollegaer
  • Lønn- og tilsetjingsvilkår i samsvar med lov- og avtaleverk
  • Pensjonsordning gjennom KLP

Kontaktperson for stillingen

Birthe Kråkenes Bjørstad

Einingsleiar Frivilligheit

+47 97971215

birthe.bjorstad@alver.kommune.no

Om bedriften

Alver kommune - Ein spennande organisasjon for engasjerte og kompetente medarbeidarar! 

Velkomen til Alver kommune, ein kommune som har vakse til å bli ein av dei største kommunane i fylket. Med om lag 30 000 innbyggjarar og 2 700 dedikerte tilsette, har vi eit sterkt samfunn som søkjer å løyse utfordringar og utvikle seg vidare. 

Vår plassering nord for Bergen gir oss privilegiet av ei variert og fascinerande natur. Frå rolege fjordar og opne havområde til majestetiske fjell og lokale toppar, byr Alver kommune på ei rekkje utandørs opplevingar. Vi er også stolte av å huse verdas beste korps og vere vertskap for eit rikt kulturliv. 

Vi verdset meiningsfulle oppgåver og ser på kvar einaste medarbeidar som ein verdifull bidragsytar til vårt viktige samfunnsoppdrag. Som ein del av vårt team vil du få moglegheita til å engasjere deg og bruke din kompetanse til å forme framtida til vår kommune. Vi legg vekt på å skape eit arbeidsmiljø der du kan bløme og utvikle deg. Alver kommune har heiltidskultur som satsingsområde i heile organisasjonen.  

Bli med på vårt eventyr i Alver kommune, der vi søkjer etter dedikerte og dyktige menneske som ønsker å vere ein del av vår felles suksesshistorie. Vi ser fram til å ønskje deg velkommen og gi deg ei meiningsfull og givande karriere hos oss.

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

ae1a1d65-7445-4ed8-9f55-6605341bab82

Sist endret

29. mai 2026

Hentet fra

jobbnorge

Referanse

10298035

Lignende annonser

Laster lignende annonser