Kvalitetsleiar
Lerum AS
Kloppavegen 13, 6854 Kaupanger, Hybridkontor
Om jobben
Stillingstittel
Kvalitetsleiar
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Antall stillinger
1
Kvalitetsleiar
Vi har ledig fast 100% stilling som kvalitetsleiar.
Vil du ha ei nøkkelrolle i eit framoverlent selskap i vekst -- som i 4. generasjonar har utvikla produkt med smak av frukt og bær?
Vi søker ein ambisiøs og fagleg sterk kvalitetsleiar som er interessert i mattryggheit, innovasjon og systematisk forbetringsarbeid. Her får du ansvar for kvaliteten i heile verdikjeda - frå råvare til ferdig produkt - i ei bedrift med store ambisjonar, moderne produksjonsanlegg og smakfulle produkt
Rolla krev at du både kan leie kvalitetsarbeidet strategisk og følge det opp praktisk - blant anna ved å vere til stades i produksjon og sikre at rutinar vert følgde.
Hjå oss vil du få moglegheit til å forme di eiga rolle, jobbe tett med både leiing og produksjon, og sette retning for kvalitetsarbeidet i eit miljø som verdset fagleg tyngde og praktisk gjennomføringsevne.
Stillingsinnhald
-
Leie og vidareutvikle vårt kvalitetssystem.
-
Definere og sikre interne kvalitetsrevisjonar med nødvendige tiltak og forbetringar, samt bistå i eksterne revisjonar av leverandørar
-
Leie utviklingsarbeid og prosjekt på kvalitetsområdet
-
Ansvar for å utvikle og gjennomføre opplæringstiltak
-
Sikre at vi etterlever BRCGS-standarden i heile organisasjonen
-
Utarbeide og presentere rapportar på kvalitet, avvik og forbetringstiltak
-
Sørge for at det faglege arbeidet vert understøtta av gode fagsystem og rutinar
-
Ivaretaking av myndigheit-, sertifisering og kunderevisjoner
Ønska kvalifikasjonar:
-
Høgare utdanning innan næringsmiddelfag, kjemi eller tilsvarande (relevant erfaring kan kompensere)
-
Erfaring med kvalitetsleiing
-
Erfaring med BRCGS-standard eller FSSC22000-standard er ein fordel
-
Gode språkkunnskapar, både skriftleg og munnleg (norsk, engelsk)
-
Gode IKT-kunnskapar
Ønska personlege eigenskapar:
-
Du er ein positiv og løysingsorientert kollega, som kommuniserer godt på tvers av organisasjonen
-
Du jobbar sjølvstendig, men trivast også godt med teamarbeid og kompetansedeling
-
Du har god arbeidskapasitet og stor eigeninteresse for å halde deg fagleg oppdatert
-
Du er god på å skape relasjonar både internt og eksternt
Lerum sine verdiar er ekte, stolt, ærleg og engasjert, dette er verdiar vi også ser etter når vi rekrutterer. Det er korte beslutningsvegar på tvers i organisasjonen, og som tilsett hjå oss får du ta del i utviklinga av saft- og syltetøyeventyret.
Vi tilbyr:
-
Eit godt arbeidsmiljø
-
Arbeid med sterke merkevarer i vekst
-
Eit spennande fagmiljø med høg kompetanse
-
Konkurransedyktige lønnsbetingelsar
-
Gode pensjons- og forsikringsordningar
Frist: Snarast
Tilsetjingsform: Fast
Har du spørsmål om stillinga ta kontakt med fabrikkdirektør Anders Bjærke, 48 05 54 29 eller HR-leiar Mathias Grehl, 45 13 45 54.
Lerum er ein landsdekkande leverandør av saft, syltetøy og jus. Den tradisjonsrike verksemda har produsert varer til norske hushaldningar sidan 1907. Lerum er familieeigd, der fjerde generasjon Lerum no er eigarar. I 2024 hadde Lerumkonsernet ein netto omsetnad på 869 mill. kroner og 135 tilsette. Lerum er ein av Noregs største leverandørar av saft, syltetøy og jus og har i tillegg betydeleg eksport av saft til Sverige og Finland. Lerum er sertifisert etter matvarestandarden BRCGS, med moderne produksjonsanlegg, høg kompetanse og høg produktkvalitet. Vi er lokalisert på Kaupanger, i Sogndal kommune. Vi er omgitt av nydeleg natur med fjell og fjordar rett utanfor døra.
BEREKRAFT SIDAN 1907«Vi kan ikkje kaste bær», sa Kari Lerum ein augustdag i 1907 då to stampar med bær vart ståande att på kaien utanfor landhandelen på Sørheim. Slik oppstod Lerum.
Sidan den gong har Lerumfamilien med si verksemd i Sogn teke vare på frukt og bær, naturen, menneska og lokalsamfunnet som vi er ein del av, slik at noverande og framtidige generasjonar skal ha glede av det gode naturen gir oss.
Nærleik og kjærleik til den gode råvara er utvikla gjennom generasjonar med stolte handverkstradisjonar. Vi har alltid safta og sylta kvalitetsprodukt, og gleda det norske folk med den aller beste smaken av frukt og bær. Vi skal vere ein sterk norsk utfordrar som skaper meirverdi saman med tilsette, forbrukarar, kundar, myndigheiter og lokalsamfunnet.
Lerum frå Sogn -- kjærleik til frukt og bær. Ta vare på -- Naturen, Foredling, Ernæring, Menneske og LokalsamfunnetOm bedriften
Sektor
Privat
Nettsted
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
ade51d91-e7e0-409a-a627-990f1b949647
- Hentet fra
FINN
- Referanse
413338284