Hopp til innhold

Barne- og ungdomsarbeidar/assistent i Fjord kommune

Arbeidsgiver

Oppvekst og kultur Fjord kommune, Valldal skule - Fjord kommune

Sted

Skulebrauta 48, 6210 Valldal

Om jobben

Oppstart
1. august 2026
Stillingstittel
Barne - og ungdomsarbeidar/assistent på Valldal skule/SFO
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid, ukedager

Søk på jobben

Søk senest fredag 19. juni

Fjord kommune har ledige stillingar i SFO på Valldal skule som barne- og ungdomsarbeidar. Vi har ledig inntil to (2), 100% stillingar der den eine er fast. Oppstart 01.08.2026 - 31.07.2027 (vikariat).

Har du lyst til å prøve ut noko nytt i ein periode eller er på jakt etter noko fast kan du sende inn ein søknad. Det kan vere at du er interessert i ei utdanning som er retta mot barn og unge, men er usikker på om det passar for deg. Da er dette sjansen til å prøve seg.

Stillingane er dels i SFO og dels i skulen. 

  • Valldal skule
    • 100% fast stilling på Valldal skule/SFO
    • inntil eit 100% årsvikariat på Valldal skule/SFO
  • Vil du lese meir om Valldal skule kan du gå inn på heimesida vår ved å trykke på linken: Barnehage og skule - Fjord kommune

    Aktuelle kandidater kan verte kalla inn til intervju


      Arbeidsoppgåver

      • Delta i planlegging, gjennomføring, dokumentasjon, vurdering og utvikling av arbeidet i barnegruppa.
      • Oppfølging av enkeltelevar og grupper
      • Leksehjelp
      • Det kan vere tider der du får ansvar til å følgje opp barn og elev-/ar med særskilte behov.
      • Samarbeide med pedagogisk personale

      Kvalifikasjonar

      • Barne- og ungdomsarbeidar (primært)
      • Ufaglærte har og høve til å søkje på stillinga
      • Må kunne norsk godt munnleg og skriftleg - kommunen har nynorsk som målform.
      • Det vert stilt krav om politiattest ved tiltreding

      Personlege eigenskapar

      I arbeid med barn og unge treng vi personar som er ein trygg og god vaksen. Du må vere tålmodig, nysgjerrig og lærevillig i samspelet med barna. Det er viktig at du kan arbeide sjølvstendig, visar initiativ og ikkje lar seg stresse i hektiske og uoversiktlege situasjonar. I tillegg til godt samspel med barn og unge er det også viktig at du skapar gode relasjonar til kollega og foreldre. 

      Vi tilbyr

      • Tilsetting på vanlege vilkår for kommunalt tilsette
      • Lønn i samsvar med avtaleverk
      • Gode pensjonsordningar i KLP - 2 % egeninnskudd og ca. 15% frå arbeidsgjevar

      Kontaktinformasjon

      Hans Øyvind Lyshaug, Rektor Valldal skule, +47 41867841

      Arbeidsstad

      Skulebrauta 48
      6210 VALLDAL

      Nøkkelinformasjon:

      Arbeidsgivar: Oppvekst og kultur Fjord kommune

      Referansenr.: 5140598081
      Stillingsprosent: 100%
      Fast, Vikar
      Startdato: 01.08.2026
      Søknadsfrist: 19.06.2026

      Kontaktperson for stillingen

      Hans Øyvind Lyshaug

      Rektor Valldal skule

      +47 41867841

      Om bedriften

      Fjord kommune ligg, midt i det kjende, vestlandske fjordlandskapet, i Møre og Romsdal.

      Fjord kommune som har litt under 2500 innbyggjarar, byr på svært gode oppvektsvilkår, eit attraktivt kulturliv og attraktive områder for friluftsliv, både sommar og vinter. Deler av dette området har fått Unescos verdsarvstatus.

      Fjord kommune har eit spennande næringsliv som spenner om reiseliv, primærnæring, innovative nysatsingar innan oppdrett og møbelindustri og ulike andre former for industriell produksjon, men også fleire verksemder innan bygg og anleggsbransjen. Fjord kommune tar mål av seg til å vere ein kommune med fokus på tilrettelegging for lokalt næringsliv. Kommunen har også klare mål om å utvikle dei kommunale tenestene på ein god og effektiv måte til beste for innbyggjarane. Les meir om kommunen via opplevfjord.no

      Sektor

      Offentlig

      Del annonsen

      Annonsedata

      Rapporter annonse
      Stillingsnummer

      add36dbf-948f-4c71-8e2a-bcd0146e55d4

      Sist endret

      5. juni 2026

      Hentet fra

      talentech

      Referanse

      8d18d70f4f9a440981dea689e8a70a78

      Lignende annonser

      Laster lignende annonser