St.nr. 23/2025 – Førsteamanuensis / førstelektor / høgskulelektor i journalistikk
Høgskulen i Volda
Joplassvegen 11, 6103 Volda, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
St.nr. 23/2025 – Førsteamanuensis / førstelektor / høgskulelektor i journalistikk
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk eller engelsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest mandag 1. september
Om stillinga
Ved Høgskulen i Volda, Avdeling for mediefag, Institutt for journalistikk, er det ledig ei 100 % fast stilling som førsteamanuensis / førstelektor / høgskulelektor i journalistikk frå 1. januar 2026.
Stillinga omfattar undervisning, rettleiing, forsking og fagleg utviklingsarbeid innan journalistikkfeltet, og vil vere ein del av avdelinga si vidare satsing på fleirmedial og digital journalistikk. Dagleg arbeidsstad er Høgskulen i Volda.
Kvalifikasjonar
Den som vert tilsett må ha:
- Mastergrad i journalistikk, mediefag eller tilsvarande
- Solid og relevant journalistisk praksis frå fleire plattformer (nett, radio, tv og/eller print)
- God forståing for journalistikkens samfunnsrolle og redaksjonell praksis
- Undervisningserfaring frå høgare utdanning og/eller dokumentert praktisk pedagogisk kompetanse
- God skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk og engelsk
Det er ein fordel om du har:
- Doktorgrad innan journalistikk eller relevante fag
- Forsking eller utviklingsarbeid innan journalistikk
- Kompetanse innan datajournalistikk, verifikasjon, research og kjeldearbeid
- Erfaring med utviklings- eller forskingsprosjekt
- Bransjekontakt og internasjonalt nettverk
Personlege eigenskapar
- Evne til å arbeide sjølvstendig og i team
- Interesse for studentaktiv undervisning
- Engasjement for journalistikk som fag og samfunnsoppdrag
Søkarar med doktorgrad vil bli prioritert. Dersom du ikkje har doktorgrad, men har annan relevant kompetanse, vil du bli vurdert til førstelektor- eller høgskulelektorstilling.
Dersom doktorgrad er under sluttføring, må dette dokumenterast. .
Søkaren må ha gode norsk- og engelskkunnskapar, både skriftleg og munnleg. Undervisings- og administrasjonsspråket ved høgskulen er norsk.
For kvalifikasjonar på ulike kompetansenivå (førsteamanuensis, førstelektor og høgskulelektor), viser vi til: https://lovdata.no/dokument/SF/forskrift/2024-06-28-1392/KAPITTEL_3-2#%C2%A73-8
Når det gjeld kravet om pedagogisk basiskompetanse for tilsetjing i stilling som førsteamanuensis, viser ein til HVO sine interne retningslinjer for pedagogisk basiskompetanse: https://www.hivolda.no/sites/default/files/documents/mal-pedagogisk-basiskompetanse-ved-hvo-forsteamanuensis.pdf
Aktuelle søkarar kan bli kalla inn til intervju og prøveundervising. Tilsetjing vil skje i tråd med dei faglege behova ved instituttet.
Arbeidsfelt
- Undervisning og rettleiing på bachelor- og masternivå
- Fagleg utvikling og undervisningsutvikling
- Aktiv deltaking i forskargruppe og utvikling av prosjekt
- Bidrag til forskings- og utviklingsarbeid, gjerne i samarbeid med mediebransjen
- Emneansvar og anna fagleg-administrativt arbeid
Vi tilbyr
Varierte og samfunnsretta arbeidsoppgåver i eit inkluderande og godt fagmiljø
- Gode vilkår for forsking, inkludert deltaking i forskargrupper
- Kollegabasert mentorordning for nye tilsette
- Eit godt arbeidsmiljø med motiverte studentar og tilsette
- Løn etter kvalifikasjonar i statens lønsregulativ:
Stillinga er løna etter kompetanse og kvalifikasjonar i statens lønsregulativ med normal årsløn ved Høgskulen I Volda. Høgskulelektor 1008 kr. 598407 – 754 106, førstelektor 1198 kr. 733517 – 829487 og førsteamanuensis 1011 kr. 663097- 838210.
Generell informasjon
Ved HVO er vi opptatt av mangfald. Medarbeidarar med ulik livserfaring vil gjere oss i stand til å finne gode løysingar på arbeidet vårt. Vi oppmodar difor alle til å søke stillinga utan omsyn til alder, kjønn, funksjonsevne eller etnisk bakgrunn. Du er også velkommen til å søke sjølv om du ikkje kan vise til ei samanhengande yrkeskarriere. Lokala er universelt utforma, og vi legg tilhøva til rette for personar med nedsett funksjonsevne.
Dersom du har nedsett funksjonsevne, innvandrarbakgrunn eller hol i CV kan du bli positivt særbehandla om du kryssar av for dette når du søker stillinga. Vi vil invitere minst éin kvalifisert søkar i kvar av desse gruppene til intervju. For å bli positivt særbehandla på denne måten, må du oppfylle visse krav. Les meir om dette på arbeidsgiverportalen.
Tilsetjing skjer på dei vilkåra som følgjer av lov om offentlege tenestemenn, regulativ, reglement og instruksar som til ei kvar tid gjeld for stillinga, mellom anna lovfesta innskot i Statens pensjonskasse.
Aktuelle kandidatar vert innkalla til intervju. Søkjarar som vert kalla inn til intervju, må ta med originalar av vitnemål og attestar for å dokumentere dei elektronisk innsende vedlegga.
Om søknaden
Alle som søker stillinga må søke digitalt gjennom rekrutteringsportalen Jobbnorge. Du må laste opp relevante vitnemål og attestar. Vi gjer merksam på at søknaden blir vurdert ut frå informasjon som ligg føre ved utløp av søknadsfristen. Det er viktig at du viser korleis din kompetanse fyller kriteria for stillinga
Offentleg søkarliste blir utarbeidd etter at søknadsfristen er ute. Dersom du ønsker å reservere deg frå oppføring på offentleg søkarliste, må dette grunngjevast i Jobbnorge. Du vil bli varsla om reservasjon ikkje blir tatt til følge.
Kontakt
Nærare opplsyningar om stillinga får ein ved å kontakte Instituttleiar Hans Martin Dypvik, tlf.: 70 07 5086 / 911 02 154, e-post: hamd@hivolda.no. Eller dekan Ivar John Erdal, e-post: ivar.john.erdal@hivolda.no
Studiebygda Volda
Midt mellom fjord og fjell på spektakulære Sunnmøre finn du Høgskulen i Volda, med sine lange tradisjonar.
Les meir på www.hivolda.no
. Video: https://www.youtube.com/watch?v=wSlL1WkuUXcOm bedriften
Høgskulen i Volda er høgskulen for humaniora og samfunnsvitskap i Møre og Romsdal. Vi er ein spennande kompetanseorganisasjon i vekst med om lag 4500 studentar og 380 tilsette. Vi gjev undervisning i ei rekkje fagområde, yrkesretta utdanningar og etter- og vidareutdanningar i nært samarbeid med samfunns- og næringsliv. Høgskulen i Volda driv mykje forsking og utviklingsarbeid og satsar på forskaropplæring og kompetanseoppbygging for dei tilsette i samarbeid med universitet i inn- og utland.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
adbf8293-3b72-4b92-b0d0-0cc763f8fce2
- Hentet fra
jobbnorge
- Referanse
10253543